Derimot: Landet med verdens største kjente oljereserver. Hvem vant valget i Venezuela? – Derimot
derimot.no:
Kven vann valet i Venezuela?
Av Hans Olav Brendberg
Det er det ingen som veit. Meiningsmålingane før valet varierte veldig, og det er grunn til å ha mistankar om at meiningsmålarane i mange tilfelle fekk dei resultata dei ville ha. Det gjeld både dei som gav fleirtal til Maduro, og dei som gav fleirtal til Gonzalez.
Så då står vi igjen med fasit: Valresultatet til den statlege valkommisjonen, kva no den er verdt.
Vi har ingen objektiv autoritet å stø oss til. Vestlege medie er grovt partiske når det gjeld val i denne delen av verda.
I 2019 vann Evo Morales valet i Bolivia. Resultatet vart ei bølgje av påstandar om valfusk, som enda med eit kupp der opposisjonen tok makta, og Morales møtte røma. Kvar dei nye makthavarane henta mandatet sitt frå reint juridisk veit ingen. Men sidan dei legitimerte kuppet med påstått valfusk, måtte dei arrangera val. Det tapte dei med glans: Morales etterfølgjar fekk 55% av røystene, representanten for det nye regimet 28%.>
I Venezuela er det ingen tvil om at Hugo Chavez vann ein serie val frå 1998 fram til han døydde i 2013. I 1998 var valsigeren med solid margin – 56% mot 40% til kandidaten frå forrige regime.
Hadde opposisjonen mot Chavez respekt for valutfallet? Ikkje ein millimeter – det gjekk berre eit par år før opposisjonen freista avsetja den lovleg valde presidenten gjennom statskupp i 2002. Trass støtte frå USA og andre nøkkelspelarar gjekk kuppet opp i liminga, og Chavez vart gjeninnsett som president.
Dei som slåss om makt i nøkkelstatar i latin-Amerika, som Venezuela, Bolivia og andre, har ingen skruplar. Og valresultat har historisk ikkje vore noko hindring – USA har eit rikt apparat av andre maktmiddel tilgjengeleg når det kjem valresultat dei ikkje likar. Sanksjonar, likvidasjonar, intervensjonar, terror og liknande. Å tru at nokon skjemmest over å lyga om valresultat når tilhøva er slik, er å tru på julenissen.
Venezuela har det siste tiåret vore råka av ei omfattande økonomisk og politisk krise, forsterka av amerikanske sanksjonar. Krisa har ført til omfattande utvandring.
Bak denne krisa er det ein stor årsak: Venezuela har nokre av verdas største oljereservar. I etterkrigstida kunne ein liten, amerikanskstøtta elite fylla eigne lommer med overskotet frå oljesalet, og dra på shoppingturar med privatfly til Miami der dei svidde av dette overskotet på luksusvarar. Det store fleirtalet i Venezuela var fattige og avmektige, slik dei alltid hadde vore.
Så kom ei langsiktig, økonomisk krise – og midt i denne krisa kunne offiseren Hugo Chaves vinna val på å bruka oljepengane til beste for det store fleirtalet av folk i landet.
Det gjekk ei stund – men kring 2010 byrja veikskapane i Chavez sitt reformprogram å koma til overflata samstundes med at det utvikla seg ei krise i landets oljeindustri. Det heile vart forsterka av stadig sterkare amerikanske sanskjonar.
Resultatet vart ein katastrofal økonomisk nedtur, der landet nådde botnen i 2020. Dei siste åra har det vore ein svak oppgang, men velstandsåra under Chavez er framleis berre eit veikt minne.
Om opposisjonen hadde vunne valet, ville resultatet vore ei rask privatisering, der også nasjonalformuen – oljeressursane – hadde vorte selt ut til private. Det er hovudskilnaden mellom dei to hovudalternativa: Det Maduro gjer kan reverserast. Opposisjonen sitt program er å ta det viktigaste spørsmålet for framtida til Venezuela ut av politikken.
Eg ser ingen grunn til å tru meir på CIA-støtta meiningsmålarar enn på regimestøtta meiningsmålarar. Dei fleste valresultat i Latin-Amerika er suspekte so lenge hovudaktørane ikkje har skruplar med å overkjøra dei som har vunne val. Og det har dei ikkje.
Demokrati er viktig – særleg på stader som er mindre korrupte enn latin-Amerika og i tider som er mindre korrupte enn våre. Men slik ting eingong er, vil eg gratulera president Maduro med eit godt gjennomført val.
Forsidebilde: Lexica