Derimot: Krigen i Ukraina: Trump står overfor en brå oppvåkning. – Derimot
derimot.no:
Pangstart for Trump, men han snublar på Russland
Av Larry C. Johnson

Først ei forklaring på klesvalet mitt. Eg tok på meg ei 4- juli-skjorte til ære for Donald Trumps inaugurasjon. Sjølv om eg er svært kritisk til mange av avgjerdene og handlingane til regjeringa mi, er eg framleis amerikanar, og eg vil at landet mitt skal vere best på moral, etikk og økonomi. (Han viser til klærne på video under denne artikkelen.)
Det var merkeleg å sjå dei tidlegare presidentane Clinton, George W og Obama dukke opp for å sjå den nye avlegge eiden. Eg kan berre førestille meg kva dei tenkte då Donald Trump leverte inaugurasjonstalen sin. Trump nemnde ikkje namn då han forkasta politikken deira og sverga på å få USA inn på ein annan kurs. Vi har aldri før sett noko liknande.
Barack Obama kom aleine; Michelle heldt seg heime. Eg veit ikkje om rykta om ei potensiell skilsmisse er sanne, men dette synet i dag har visseleg fyrt opp under snakket. Ho valde å ikkje stå ved hans side.
Der var spekulasjonar om at seremonien var flytta innandørs på grunn av sikkerheitsomsyn. Det er ikkje sant. For førti år sidan gjorde Ronald Reagan det same, fordi temperaturen var minus 17 grader. I dag var det kaldare enn for 40 år sidan – under minus 18 grader Celsius.
Om temperaturane var iskalde ute, var Trump i fyr og flamme heile dagen – han skal ha signert 200 direktiv, Executive Orders. Han skreiv under nokre av dei på Capitol etter Kongress-lunchen, og drog deretter til US Air Arena, der han skreiv under nokre fleire til jubel frå tilskodarane, før han drog til Det kvite huset. Signeringsseremonien inne på Det ovale kontoret var reint teater. Trump leverte kommentarar undervegs for kvart av påboda og svarte på spørsmål frå ein flokk reporerar. Kontrasten til Joe Biden var ein del av Trump sin innsats for å vise at det no er ein ny sheriff i byen.
Under den improviserte pressekonferansen viste Trump sine kommentarar om forhandlingar med Russland at han enno er i mørket når det gjeld realitetane om krigen i Ukraina. Han innbiller seg at Russland har over ein million falne. Det er fullstendig nonsens. CIA har loge enten til han eller til staben hans. Kanskje begge. Det betyr at Trump vil få ei brutal oppvakning under sin første samtale med Vladimir Putin. Trump si tru på at Russland lir betydelege militære og økonomiske tap av krigen, er feil. Han lyt få grep om røynda før han kan håpe på framgang i forhandlingar om å sette stopp for krigen.
Trump trua også Panama og forklarte at det handla om å utfordre Kina. Det har ingenting å gjere med at Panama narrar oss. Panama tar dei same avgiftene for å krysse kanalen frå alle land. Det verkelege spørsmålet er: Korfor no? Kina styrte container-hamnene i Panama under Trumps første presidentperiode, og han gjorde det ikkje til noka stor sak.
Trump gav BRICS-landa eit indirekte kompliment då han lova å innføre sanksjonar mot alle BRICS-medlemmar som gjer forretningar i USA. Det betyr at Trump innser at BRICS representerer ein betydeleg trussel mot USAs økonomiske overherredøme. Litt av ein kontrast til Biden-teamet, som let som at BRICS var irrelevant, og let vere å gi dei merksemd. Dette blir endå ein av tinga Trump vil forhandle om med Russland og Kina.
Eg vart intervjua av Judge Napolitano og Nima før inaugurasjonen. Samtalane dreidde seg om Israel, kurdarane og Ukraina.
Omsett av Monica Sortland
https://sonar21.com/trump-off-to-a-fast-start-but-stumbles-on-russia/