Derimot: Kortnyheter fra hele verden: Biden risikerer 25 års fengsel, Kinas chip-industri er svært avansert osv.
derimot.no:
Disse kortnyhetene er hentet fra Voltairenet.org sitt nyhetsbrev nr. 53 av 22. sept. Det ligger bak en betalingsmur. Det vi presenterer her er et utdrag av nyhetsbrevet.
Redaksjonen
Kortnytt veke 38, 2023
Biden & Biden
Republikanske Kongress-medlemmar reiste riksrettssak mot president Joseph Biden den 12. september med skuldingar om korrupsjon. Saka kjem opp til høyring den 28.
Sonen, Hunter Biden (som sjølv risikerer 25 år i fengsel for narko og illegalt våpeninnehav), har anmeldt skatteetaten (IRS) og to medarbeidarar, Gary Shapley og Joseph Ziegler, for å ha lekka dei private skattedokumenta hans til media. Men riksadvokaten, general Merrick Garland har utnemnd Delaware-aktor David Weiss (som grundig har etterforska Hunter Biden) til Special Counsel, og Weiss har så tvinga IRS til å fjerne Gary Shapley og Joseph Ziegler frå Hunter Biden-etterforskinga.
Rettssaka mot Russland i ICJ har starta
Ukraina anmeldte Russland til Den internasjonale domstolen (FN-domstolen i Haag) den 26. februar, 2022. Saka opna den 20. september, 2023.
Russland skal legge fram bevis for folkemord på folket i Donbas. Ifølge den russiske granskingskommisjonen, har minst 20 000 menneske blitt torturerte eller myrda. Russland hevdar dei berre har implementert Minsk-avtalane som FNs Tryggingsråd godkjende med Resolusjon 2202. Dei unnlet å bruke uttrykket «ansvar for å forsvare» (responsibility to protect, R2P), då det er eit tvetydig påfunn av imperialistmaktene. Det vart faktisk brukt for første gong av britane, mot osmanarane i Hellas.
Ukraina fortel myten om Kievs triumf
Den ukrainske regjeringa samla ihop ambassadørane i Kiev til eit møte på Antonov-flyplassen i Hostomel. Dei viste fram den russiske arméens øydeleggingar og fortalde om korleis Moskva hadde villa ta Kiev, men ikkje greidde det.
I realiteten starta Russland sin spesielle militæroperasjon med å øydelegge Kievs cargo-flyplass. Det var den einaste flyplassen i landet som hadde kapasitet til å motta militær last, og altså Vestleg luftstøtte. Russland hadde ikkje noko ønske om å ta Kiev, så den spesielle militæroperasjonen kunne ikkje bli slått der.
Russland mekla fram forlik i NagornoKarabakh
Aserbajdsjans armé starta ein blitzkrig-operasjon mot separatistane som tok livet av fleire enn 200 på éin dag og resulterte i utvetydig siger.
Russiske fredsstyrkar forhandla fram passasje for ein kovoi frå Internasjonale Raudekrossen (ICRC) gjennom Lachin-korridoren, med 23 tonn kveite og medisinar som skal til Nagorno-Karabakh (Aserbajdsjan). Ein konvoi nummer to er venta å følge.
Armenarane i Nagorno Karabakh hadde byrja li av svolt, ettersom dei hadde nekta å ta imot forsyningar landvegen gjennom Aserbajdsjan. Dei ser seg sjølve som armenarar, og ikkje aserbajdsjanarar. Men Armenia har signert ein fredsavtale der dei godtar at Republikken Artsakh ikkje lenger eksisterer, og at NagornoKarabakh faktisk er aserbajdsjansk territorium.
Tyrkia angrip PKK i Irak
Den tyrkiske arméen har igjen angripe PKK-stillingar i Irak. Helikopter bomba rundt 30 mål.
Markerer Mahsa Aminis død med sensur
Fire medlemmar av «Five Eyes», USA, Storbritannia, Canada og Australia, har tatt unilaterale tvangstiltak (referert til som «sanksjonar» av Vestens propaganda) mot Press TV, Tasnim News Agency og Fars News Agency. Anglo-saksarane ønska å markere årsdagen for døden til den unge, iranske kurdaren Mahsa Amini, som døydde under arrestasjon.
New Zealand var ikkje med på avgjerda. Landets nye statsminister Chris Hipkins har allereie gått bort frå Five Eyes sin politikk i Kina-saka.
Mange sjia-grupper i Midtausten har avvist både denne sensuren og sensuren av ulike andre mediekanalar i resten av verda. Libanesiske Hizbollah sa t.d. at «den sanne betydninga av sanksjonane mot intellektuelle, forfattarar, profesjonelle mediefolk og medieinstitusjonar rundt om i verda, er at dei er ei innrømming av at ein har feila i intellektuell konfrontasjon».
I mellomtida har Iran arrestert ei terrorist-celle som planla å drepe faren til Mahsa Amini. EU-parlamentet har nominert Mahsa Amini, iranske kvinner og rørsla Women, Life, Freedom som kandidatar til å vinne Sakharov-prisen for 2023.
Biden-administrasjonen «sanksjonerer» eks-president Ahmadinejad
US Treasury Department har utstada unilaterale tvangstiltak mot Irans tidlegare president Mahmoud Ahmadinejad (2005-13) for å ha tatt «dårlege avgjerder» — utan vidare forklaring.
President Ahmadinejad har ikkje talt offentleg på over eit år. Han fekk forbod mot å delta i det førre presidentvalet, og dei næraste rådgivarane hans vart fengsla etter rettssak bak lukka dører.
Det er uklart kva slags fare han representerer i dag mot USAs imperialisme. Avgjerda til Biden-administrasjonen vart tatt på grunnlag av Levinson-lova om gisseltaking, på same tid som Washington og Teheran gjekk inn i ei fangeutveksling (6 spionsikta US-amerikanarar mot 5 iranske pluss frigiving av 6 milliardar dollar som Iran hadde deponert i Sør-Korea).
Møte mellom Benjamin Netanyahu og Volodymyr Zelensky
Israels statsminister Benjamin Netanyahu og Mossaddirektøren David Barnea møtte Ukrainas president Volodymyr Zelensky på sidelinjen av FNs generalforsamling. Israel har lova å halde fram med humanitær støtte til Ukraina, men vil ikkje forsyne dei med Iron Dome som kan avskjere mellomdistanse-missil.
Benjamin Netanyahu er ein revisjonistisk zionist, dvs. ein disipple av Vladimir Jabotinsky som allierte seg med dei ukrainske integrerte nasjonalistane og vart utvist frå World Zionist Organization. Den israelske arméen er sterkt imot militærstøtte til etterfølgarane av «massakrerarane av jødar». Koalisjonsregjeringa ter seg difor med varsemd.
Kinas microchip-industri meir avansert enn USA sin
Det kinesiske selskapet Huawei har lansert ein ny mobiltelefon-modell, Mate 60, med microchips somlangt overgår kapasiteten til USAs motpartar. Det er ikkje kjend korleis dei er produserte, eller kven av.
USA har iverksett unilaterale tvangstiltak for å hindre Folkerepublikken Kina i å kvitte seg med elektroniske komponentar produserte i Taiwan eller USA. Målet til Washington var å halde folkerepublikken på eit lågare teknologisk nivå, nett slik London heldt India underutvikla ved å forby dei å spinne bomull der. Den indiske bomullen skulle eksporterast til Manchester for spinning på fabrikkane der. Så selde britane tyet tilbake til India.
Sidan juli har USA prøvd å ta frå Kina visse sjeldne metall som folkerepublikken har reservar av på eige territorium. I 1999 blokkerte USA Kina frå tilgang til GPS-systemet. Men Kina har utvikla sitt eige navigasjonssystem. Baidu (GNSS) er no det mest nøyaktige i verda, med 45 satellittar og rundt tretti bakkesenter. Desse teknologiske framstega reverserer valalternativa til andre statar. Fram til no var dei alle avhengige av USA. No har dei eit val. Eller heller: viss dei vil ha det beste, må dei gå til Kina og bryte med Washingtons kolonialistiske isolerings-politikk. Den teknologiske krigen som Washington ønskar seg, vil sannsynlegvis slå tilbake på industrien i USA som no er utdatert.
Omsett av Monica Sortland
Voltaire, International Newsletter – N°53 – 22 September 2023
Forsidebilde: Alexander Grey