Derimot: Kinas økonomi over i hyperfart.Lyn-toget lar seg ikke stoppe. – Derimot
derimot.no:
Kina har nådd hyperbolsk fart og kan no ikkje stoppast
av Pepe Escobar
Den fire dagars nasjonale partikongressen til Kinas Kommunistiske parti (KKP), som skjer to gongar i tiåret, fann stad førre veke i Beijing. Der vart det lagt fram eit økonomisk vegkart for åra fram til 2029, og det var i det heile tatt på fleire måtar ein slåande affære.
La oss starte med kontinuitet – og stabilitet. Det rår etter partikongressen ikkje tvil om at Xi Dada, eller Den store pandaen, vil bli ved roret fram til 2029 – enden på den noverande økonomiske femårsperioden.
Og viss Xi beheld helsa, blir han verande til 2035: det store game-changer-året der Kina etter planen skal ha nådd eit BNP per capita på $30,000, med massiv global gjenklang.
Her ser vi møtepunktet mellom progresjonen til «sosialisme med kinesisk særpreg» og konturane av – om ikkje akkurat Pax Sinica, så i det minste av den ikkje-hegemonsk-sentriske verda med mange knutepunkt.
Den velkjende US-amerikanske aksen Tankesmieland/Sinofobi har vore hysterisk om at Kina ikkje greier å halde på ein vekstrate på 5% per år dei komande åra – det målet som igjen vart understreka på partikongressen.
Ein russisk analyse, gjort av Senter for Geopolitiske Prognosar , kjem med eit viktig poeng: «Kinesarane sjølve har ikkje brydd seg med vekstraten på lange tider: sidan 2018 skifta dei til ein strategi med såkalla kvalitativ utvikling, ikkje på bekostning av tradisjonell industri, men på ein basis av høgteknologi og oppretting av nye område, til dømes produksjon av nye energikjelder og kunstig intelligens.»
Det er den logiske forklaringa på Made in China 2025 – som blir implementert i halsbrekkande fart: høgteknologisk utvikling som fører an mot ein «sosialistisk marknadsøkonomi på høgt nivå», som skal vere konsolidert innan 2025 og fullt utbygd innan 2035.
Neste steg blir å oppnå statusen «modernisert sosialistisk makt» innan 2049, 100-årsjubileet for Folkerepublikken Kina (PRC).
Partikongressen viste atter at «sosialisme med kinesisk særpreg» – eller, for dei gjenstridige, kinesisk-modifisert kapitalisme – er «folke-sentrisk». Dei øvste verdiane er nasjonal interesse og folkets interesse – attestert med det faktum at private storselskap er under KKPs strategiske kontroll.
Det er fåfengd å prøve å finne noko om restriksjonar på privat kapital på vegen mot «universell velferd» i kongressens sluttkommuniké. Nøkkelpoenget er at kapitalens rolle alltid skal vere underordna idéen om «sosialisme med kinesisk særpreg».
Sjå reformskipet segle stødig
Alt blir forklart her på nesten didaktisk vis, heilt frå fødselen til «Avgjerd frå KKPs sentralkomite om vidare grundig utdjuping av reformar som promoterer kinesisk modernisering».
Det som no i kvardagsspråket over heile Kina blir referert til som «Avgjerda», som spreier seg over 15 delar og 60 artiklar, delt opp i tre hovudseksjonar, føreslår meir enn 300 viktige reformar.
«Avgjerda» i sin heilskap har enno ikkje blitt publisert; berre vegkartet over korleis planleggarane i Beijing kom dit. Sjølvsagt er dette ikkje berre eit politisk dokument. Det er ei kvinterssensiell utgreiing i KKP-stil der detaljane ved økonomiske og politiske tiltak blir utydelege i skyene av bilde og metaforar.
Sjå t.d. på dette avsnittet:
«For å sikre at reformskipet seglar stødig framover, føreslår ‘Avgjerda’ at ei vidare omfattande fordjuping av reform må implementere ‘dei seks prinsippa’: halde fast ved partiets generelle leiarskap, halde fast ved den folke-sentrerte tilnærminga, halde fast ved prinsippet om å oppretthalde integriteten og promotere innovasjon, halde fast ved systembygging som hovudlinja, halde fast ved det omfattande rettsveldet, og halde fast ved ei systematisk tilnærming.»
Mesteparten av «Avgjerda» – 6 delar av totalt 13 – handlar om økonomisk reform. Vil Kina klare det? Sjølvsagt vil dei det.
Sjå berre på det dei bygger på. I 1979 byrja Den vesle rormannen, «formann» Deng Xiaoping, å transformere ein nasjon av bønder og landarbeidarar til eit velolja maskineri av effektive industriarbeidarar. BNP per capita vaks seg heile 30 gongar større.


No omgjer forgreiningane av Made in China 2025 ein nasjon av fabrikkarbeidarar til ein nasjon av ingeniørar. Av 10,5 millionar som fullfører universitetsutdanning kvart år, er ein tredjedel ingeniørar.
Fokuset på KI har mellom anna leidd til at bilindustrien greier å produsere ein el-bil til $9,000 heilautomatisk og skape profitt. Kina er allereie ein global leiar innan EV’ar (BYD bygger fabrikkar i Brasil, Thailand, Tyrkia, Ungarn), solkraft, dronar, telecom-infrastruktur (Huawei, ZTE), stål, skipsverft – og snart også halvleiarar (mikro-chips, semiconductors) (takk til Trump-sanksjonane).
Medan hegemonen hittil har brukt minst $7 billionar (sju tusen milliardar dollar) på Evige krigar som ikkje kan vinnast, har Kina brukt $1 billion på eit nettverk av BRI-prosjekt (Belt and Road Initiative, «Den nye Silkevegen») over den sørlege halvkula: fokuset er på digitale/transport-sambandskorridorar. Geoøkonomiske imperativ samanknytte med aukande geopolitisk innverknad.
Hegemon-hysteri til sides, faktum er at den kinesiske økonomien vil vekse med kolossale $1,7 billionar berre i 2024. Det er meir enn alle år unntatt dei tre siste – på grunn av Covid-effekten.


Og Beijing lånte nøyaktig null yuan for denne veksten. USAs økonomi kan til samanlikning vekse med $300 milliardar i 2024; men Washington måtte låne $3,3 billionar for at det skulle skje.
Forskaren Geoff Roberts har sett ihop ei veldig nyttig liste over kva Kina gjer rett.
Tala er slåande. Her er berre nokre få av dei, bortsett frå BNP-vekst:
- Varehandelen med utlandet har vakse 6,1% til $2,9 billionar på eitt år.
- Handelsoverskotet er på $85 milliardar, opp 12% samanlikna med 2023.
- ASEAN-handelen har vakse med 10,5% til $80 milliardar; Kina er handelspartnar nummer ein av dei individuelle ASEAN-medlemmane.
- Kina hadde ei rekordstor kornavling, 150 millionar tonn.
- Bodtenestesektoren handsama 80 milliardar pakkar, opp 23% på eitt år.
- SMIC (Semiconductor Manufacturing International Corporation) rankar nummer to i verda av såkalla «pure-play foundry»-verksemder, etter Taiwans TSMC (Taiwan Semiconductor Manufacturing Company Limited ).
- China Telecom betalte $265 millionar for 23% av QuantumCTek, patentinnehavar av Micius, verdas første kvantekommunikasjonssatellitt. [http://english.scio.gov.cn/chinaprojects/2020-01/03/content_75574268.htm]
- Kommersiell luftfart skaut ut 39% av Kinas romrakettar.
- Patentar på nye oppfinningar auka 43% til 524 000. Kina er det første landet i verda som har 4 million eigne patentar i kraft.
- Baidu sine 1000 robot-taxiar i Wuhan vil ha tent seg inn i Q4, og vil gi profitt i 2025.
- Kina har 47% av verdas topptalent innan KI. Dei har sidan 2019 lagt til over 2000 KI-kurs i grunnskule- og høgskule-pensum.
- Av verdsklasseinstitusjonar som leier forskning, er 7 av 10 kinesiske, inkludert Det kinesiske vitskapsakademiet, som ligg på topp, framfor Harvard.
Eksepsjonalistiske Kina-«ekspertar» trur på sine eigne fantasiar om at USA, i allianse med okkuperte Japan, Tyskland og Sør-Korea, vil klare å matche og gå forbi Kinas innverknad på Den globale majoriteten, fordi dei har fleire ressursar og meir kapital.
Nonsens. Og endå dummare er det å tru at Hegemonen sine NATO-«partnarar» – les vasallar – vil følge leiaren i å skape banebrytande teknologi.
Høghastigheitstoget som betyr noko har allereie gått. Det 21. hundreåret rustar seg til å bli det asiatiske, eurasiske, kinesiske hundreåret.
Fritt og amputert omsett av Monica Sortland
Les artikkelen på originalspråket her: https://strategic-culture.su/news/2024/07/24/china-has-achieved-escape-velocity-it-is-now-unstoppable/
Forsidebilde: Utviklingen av høyhastighetsbaner i Kina