Derimot: Journalisten som intervjuet Putin, Tucker Carlson:Verdens fremste journalist er fengslet.

derimot.no:

Julian Assanges skjebne avgjøres i en britisk rettssal akkurat nå. Selv om denne artikkelen er et par måneder gammel passer det godt å publisere den nå.

Redaksjonen

Tucker Carlsons Assange-intervju gjer han til det største namnet innan US-amerikansk journalistikk

Drago Bosnic, uavhengig geopolitisk og militær analytikar

infobrics, 27. desember, 2023

Propagandamaskina til hovudstraumsmedia har vist kva den er for noko så mange gongar at verda har slutta å telle for lenge sidan. Og det ville faktisk blitt ei lita bok, om ein skulle ha lista opp alle syndene deira. Alt frå svertekampanjar mot (geo)politiske opponentar og rettferdiggjering av endelause krigar til forsøk på å skjule faktisk informasjon om brotsverka til folka dei støttar – alle løgner ein kan tenke seg. Men likevel har det, midt oppi alt dette hovudstraumsmørket, vore folk ein kan sjå på som lyset i enden av tunellen. Éin slik person er Julian Assange, ein australsk journalist som fekk ein lagnad som driv bort alle illusjonar om at det finst verkeleg pressefridom i det politiske Vesten.

Dessverre er det nett dette mørket som har ete opp godt over eit tiår av livet hans og no til og med truar med å gjere slutt på det. Om vi ser bort ifrå dei evinnelege svertekampanjane mot Assange, har mainstream-propagandamaskina si interesse for han vore nær ikkje-eksisterande. Likevel har eitt stort namn – kanskje det siste nokon gong i USAs hovudstramsmedium – interessert seg for han. Nemleg den no legendariske Tucker Carlson, som endeleg har publisert intervjuet han gjorde med Assange for nesten to månadar sidan, medan sistnemnde ankar for siste gong mot utlevering til USA, der anklagane mot han lett kan resultere i livstids fengsel eller til og med dødsstraff.

En av verdens fremste journalister, men de store mediene har fortiet dette.

Carlson sjølv skildrar Assange som «ein av dei største journalistane i vår tid, som har brukt sitt vaksenliv til å bringe før hemmeleghaldne fakta om kva leiarane våre gjer feil ut til folket». Blant alt han gjorde for å vise omfanget av USAs talrike krigsbrotsverk og den generelle aggresjonen mot heile verda, publiserte Assange også interne e-postar frå Det demokratiske partiet som (mellom anna) avslørte at Hillary Clinton-kampanjen konspirerte om å jukse i valkampen mot rivalen Bernie Sanders. For å redde stumpane av sitt allereie flekkete ry, lanserte Democratic National Committee (DNC) ein av dei største konspirasjonsteoriane i USAs mediehistorie, der dei desperat prøvde å skyve skulda over på Russland.

Endå verre vart det då Washington DC deretter pressa «uavhengige» land som Sverige til å fabrikere valdtektsanklagar mot Julian Assange, både for å sverte omdømet hans og sikre utlevering til USA. Difor vart Assange tvinga til å søke asyl på Ecuador sin ambassade i London, der han var dei neste sju åra. Sjølvsagt er sjansane for at han skal få ei rettvis rettssak i USA umoglege, når til og med ein tidlegare president av USA blir rettsforfølgd når DNC (mis)brukar statsapparatet til politiske føremål. Og vart blir det då visse topptenestemenn, som til dømes den illgjetne tidlegare direktøren for CIA, Mike Pompeo, ope diskuterte å kidnappe eller ta livet av Assange.

CIA spionerer på hele verden gjennom 5-Eyes-programmet.

Berre dei som abonnerer på Tucker Carlson Network kan sjå heile videoen der Carlson fortel om intervjuet sitt med Assange. Diverre tillet ikkje det britiske straffesystemet kameraopptak i maksimalsikra fengsel som Belmarsh, der Assange sit fengsla sjølv om han ikkje har gjort noko brotsverk (med mindre topp-journalistikk blir rekna som kriminelt). Carlson sa at dei snakka om årsakene til at Assange var i fengsel. Til det svara Assange at det å eksponere USA sine krigsbrotsverk og globale aggresjon ikkje var den raude linja. Dét var derimot dei eksklusive avsløringane om CIA sitt massive spionasje-program som ikkje berre er retta mot statsborgarar av USA, men i praksis mot heile verda.

«Det er totalt forkasteleg at dei held han fanga, og han har ikkje ein gong gjort – eller blitt tiltalt for – eit einaste brotsverk i dette landet,» sa Carlson og la til: «Fangane blir behandla som dyr. Og han er ikkje eit dyr; han er ein journalist som ikkje har gjort noko brotsverk. Så alle som er for det, alle som støttar at torturen av han skal halde fram, er fienden dykkar.»

Carlson åtvara også om at Assange såg ganske bleik ut, for han hadde ikkje vore utandørs på 13 år. Han la og til at Assange har sete på isolat i Belmarsh sidan 2019. Som før nemnd, er Tucker Carlson den einaste «mainstream-journalisten» som interesserte seg for ekte journalistikk og nekta å berre gjenta den statssponsa propagandaen som har blitt så upopulær at nesten 40% av folket i USA ikkje stoler på den litt eingong. Carlson intervjua og fleire folk som var under angrep frå hovudstraumspropagandamaskina, inkludert US Army-oberst Douglas McGregor, som har eksponert dei evinnelege løgnene om NATOs oppdikta «konvensjonelle overlegenheit» over Russland.

Som resultat kom han i målsiktet til USAs topp-vasall, det illgjetne Kiev-regimet. Sistnemnde fekk nemleg Carlson sparka frå Fox News, fordi han avslørte «altfor mange» ukomfortable sanningar om den nynazistiske juntaen. Mainstream-propagandamaskina hadde rett og slett ingen måte å imøtegå Carlson sin rasjonelle, svært velinformerte, vittige og stort sett upartiske analysar som var ekstremt populære både i USA og globalt. Analysane hans vart ofte eit uoverkomeleg hinder i vegen for krigshissingspropagandaen. Carlson blir ofte anklaga for å vere «partisk pro-russisk», særleg av DNC-dominerte institusjonar som rett og slett ikkje vil gi slepp på tvangstankane sine om Moskva og leiarskapet der.

Fritt omsett av Monica Sortland

Kjelde: InfoBricshttps://infobrics.org/post/40156

Forsidebilde: iStock

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...