Derimot: Israelsk general i uvanlig åpent intervju: «Vi er ikke forberedt på krig!» «Senioroffiserer håper på et mirakel slik at de kan hente ut pensjonen før krig bryter ut.»

derimot.no:

General Yitzhak Brik sin framsynte analyse

Israelsk presse snakkar om «profetiane» til general Yitzhak Brik, og statsminister Benjamin Netanyahu hadde eit møte med han den 22. oktober, 2023. Kva som vart sagt på møtet, er ikkje avslørt. Alt vi veit, er at generalen bad om at sjefen for militæretterretninga (Aman) og sjefen for sørkommandoen skulle trekke seg.

Sidan 2015 har mange spesialistar åtvara om kor svekka den israelske hæren er.

General Yitzhak Brik har forårsaka traumer ved å sette fingeren på ulike ting og hevde at stabssjefen, general Gadi Eisenkot som måtte svare for seg under ei høyring i Knesset i desember 2018, var medskuldig.

General Yitzhak Brik

General Yitzhak Brik tar utgangspunkt i ein observasjon: «Alle som vitjar ein treningsleir i dag, vil ikkje føle det minste snev av stridslyst. Då kan vi forstå den låge kompetansen til avdelingane og soldatanes mangel på motivasjon for å førebu seg godt til neste krig. Situasjonen blant senioroffiserar er endå verre: dei håpar at det skal skje eit mirakel og at det ikkje vil bryte ut krig før dei går av med pensjon.» Derfor er det nødvendig å «plassere som hjørnesteinsverdiar for IDF (Israeli Defense Forces) det heilage ved siger og ei gjenoppliving av sjølvoppofringas etos.»

På organisatiorisk nivå, klaga han på måten som sjefen for forsvarsstaben var blitt utnemnd på, på politisk grunnlag av forsvarsministeren. Han klaga og på at kommandanten for hæren også hadde ansvaret med innretning av luftvåpen- og marinestabane, og at han difor ikkje hadde til detaljert handsaming av sin eigen hær. I tillegg klaga han på rolla til visestabssjefen for dei væpna styrkane, som er travelt opptatt med si eiga forfremjing og ikkje har tid til oppgåva si.

Når det gjeld styring, har ein fått ein yngre hær ved å avsette erfarne offiserar. Offiserane dei no har, greier ikkje å oppfylle pliktene sine og skjuler seg bak løgner. Det merkar ein tydeleg under interne granskingar.

Israel sin strategi er basert på idéen om at israelsk jord aldri vil bli gjenstand for krigsoperasjonar. Det er absurd: i morgon vil kampane bli dominert av missil og droner som er sikta inn mot landet. Iron Dome har ikkje nok ammunisjon. Dei første som blir angripne, vil ikkje kunne stole på hærens hjelp, og dei vil måtte forsvare seg sjølve.

Denne saken er hentet fra [news-voltaire-en] Voltaire, International Newsletter – N°58 og er oversatt av Monica Sortland.

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...