Derimot: Israels politikk får det til å renne over for diplomater: Britisk diplomat trekker seg i protest mot våpensalget til Israel. – Derimot

derimot.no:

Ambassademann går av i protest mot britisk våpensal til Israel

Andresekretæren ved Storbritannias ambassade i Dublin, Mark Smith, har trekt seg frå stillinga si. Han seier medlemmar av den israelske regjeringa og det israelske militæret, IDF, ope har uttrykt at dei har til hensikt å gjere folkemord. 

Smith reagerte på at departementet «ignorerte» bekymringsmeldingane hans om det han kalla «illegaliteten ved å oppretthalde våpensalet» til Israel.

«Det gjer meg trist å gå av etter ein lang karriere i diplomatiets teneste, men eg kan ikkje lenger utføre pliktene mine når eg veit at dette departementet kan vere medskuldig i krigsbrotsverk.»

«Kven som helst med berre grunnleggande forståing av desse tinga, kan sjå at der blir gjort krigsbrotsverk – ikkje berre ein gong eller to gongar, ikkje nokre få gongar, men heilt openbert, ope og regelmessig.» – Mark Smith på BBC Today den 19.august, 2024

Dei tre familiane til hjelpearbeidarane ved World Central Kitchen som døydde under eit medvite IDF-angrep den 1. april, har også skrive til statsminister Keir Starmer og bede han stoppe våpenleveransane til Israel. 

Her er avskjedsbrevet Mark Smith skreiv til FCDO (Foreign, Commonwealth & Development Office, som har ansvaret for Storbritannia og Nord-Irland (UK) sine diplomattenester rundt om i verda):

FCDO-medverknad i krigsbrotsverk

Eg skriv til dykk på min siste dag i FCDO med ei melding eg aldri ønska sende.

Det er med sorg eg trekk med frå stillinga etter ein lang karriere i diplomatiets teneste, men eg kan ikkje lenger utføre pliktene mine når eg veit at dette departementet kan vere medskuldig i krigsbrotsverk.

Som tidlegare penholder (forhandlingsleiar og reolusjonsutkastkrivar) for vurdering av løyve til våpeneksport i MENAD (avdelinga for Midtausten og nord-Afrika), er eg ekspert på emnet våpensal-politikk. Kvar dag er vi vitne til klare og utvetydige døme på Krigsbrotsverk og brot på Menneskerettane i Gaza, utførte av staten Israel.

Medlemmar av den israelske regjeringa og det israelske militæret har ope uttrykt intensjon om folkemord, israelske soldatar tar videoar av medviten brenning, øydelegging og plyndring av sivil eigedom, og dei innrømmer ope å ha valdtatt og torturert fangar.

Over halvparten av heimane på Gaza og over 80% av forretningseigedommar har blitt skadde eller øydelagde. Heile gater og universitet er lagt i ruinar, humanitær bistand blir blokkert og sivile har ingen trygg plass å flykte til. Ambulansar eigde av Raudekrossen har blitt angripne, skular og sjukehus blir regelmessig angrepsmål. Alt dette er krigsbrotsverk.

Det finst ikkje forsvar for at UK framleis driv med våpensal til Israel, men likevel held det fram. Eg har tatt opp saka på alle nivå i organisasjonen, inkludert via ei offisiell varslingsgransking, og fekk ingenting anna tilbake enn «takk, vi merkar oss bekymringane dine.»

Ministrar hevdar at UK har eitt av dei mest «robuste og transparente» våpeneksportløyve-regima i verda, men dette er det motsette av sanninga. Som ein fullt klarert statstenestemann som reiser alvorleg bekymring rundt illegaliteten i dette departementet, er det å bli ignorert på denne måten djupt urovekkande. Det er mi plikt, som offentleg tenestemann, å ta opp dette.

Eg vil appellere til samvitet dykkar, og ber dykk innstendig om å slutte dykk til dei mange kollegaane som også har uttrykt bekymring over denne saka. FCDO har nokre av dei mest brilliante, hardt-arbeidande og godhjarta folka eg nokon gong har kjent, og eg har vore stolt av å samarbeide med dykk.

Eg håpar vi kan sjå tilbake på historia med stoltheit.

Mvh Mark


Kjelde Voltaire Newsletter nr. 96 og X, august 2024

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...