Derimot: Israels krise:Har den noe med jødisk tro, identitet og nettverk å gjøre? – Derimot

derimot.no:

Ut av luksusfella?

Av Hans Olav Brendberg

Tidlegare forsvarssjef og pensjonert general Sverre Diesen treff veldig godt når han skriv at «Israel er ein luksus Vesten ikkje har råd til«. Men korleis i all verda skal vesten koma seg ut av denne luksusfella?

Innlegget er hentet fra Trønderrød

Diesen peikar i tillegg på at dagens nasjonalreligiøse Israel er ein annan stat enn den nasjonsbyggjinga vesten i si tid støtta. Ein del av dei partia som spelar ei avgjerande rolle når israelske regjeringskabalar skal leggjast skil seg ikkje vesentleg frå styreforma i Iran.

Dette er ikkje heilt nytt – Israel Shahak og Norton Mezvinsky peika på dei openberre parallellane mellom korleis politiske spørsmål vart avklart i israelske fundamentalistparti og dei «vaktarråda» du finn i Iran.

Boka deira om dette – «Jewish Fundamentalism in Israel» – kom ut i 1998.

Det nye er at religiøs fundamentalisme i Israel har vorte kraftig styrka i Israel dei siste tretti åra – og fundamentalistane har erobra viktige posisjonar i dei harde tryggleikstenestene – hær, etteretning, politi.

Men korleis skal vesten koma seg ut av luksusfella? Den første som såg dette dilemmaet var USAs første forsvarsminister – James Forrestal. Han meinte dei nasjonale tryggleiksinteressene til USA måtte vega meir enn innanrikspolitisk posisjonering for å vinna val – og freista difor løfta spørsmålet om støtte til Israel ut av valkampen i 1948. Han kom ingen veg. Men den gongen, då USA stod for halvparten av verdas industrielle produksjonskapasitet, hadde landet meir råd til luksus enn det dei har i dag.

For amerikanske politikarar som stiller til val, er støtte til Israel ikkje noko ein vurderer. Det er noko ein må gjera. Støtten til Israel inngår i USAs «civic religion», og dette er eit felt der realpolitikarar har svært lite dei skulle ha sagt. Støtteapparatet er dimensjonert for at USA skal ofra eigne interesser, også i situasjonar der USA berre har støtte frå Israel og Nauru, og der posisjonar som USA tolmodig har bygt opp over tid rasar i hop på grunn av amerikanske blankofullmakter til Israel. Og støtteapparatet er dimensjonert for at støtte held fram også når Jerusalem audmjukar amerikanske presidentar.

Paul Gottfried skriv i «Multiculturalism and the politics of Guilt» om korleis vesten er i drift i retning eit sekulært teokrati. Skal vi koma oss ut av luksusfella, må vi forstå dette sekulære teokratiet i alle sine former. I «Jewish History, Jewish Religion» frå 1993 forklarar Israel Shahak kvifor det av ideologiske grunnar er utenkeleg med palestinske, sjølvstyrte bantustanar av sør-afrikansk type. I staden for å konfrontera problemet, har vestleg diplomati i førti år gått evig svanger med ein daudfødd palestinsk stat.

«Om du kjenner deg sjølv, men ikkje fienden: For kvar siger du vinn vil du også lida eit nederlag», skreiv Sun Tzu. Israel er ein stat tufta på ein religiøs identitet. Dette har mange konsekvensar ikkje berre for utviklinga av den israelske staten – men også for Israels posisjon i vestlege land. Men framleis er det svært mange som freistar unngå den heilt naudsynte jobben med å analysera kva rolle jødisk religion, identitet og nettverk spelar i denne tragedien.

Nokon kjem til å måtta betala prisen for desse unnlatingssyndene.

Forsidebilde: Anton Mislawsky

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...