Derimot: Israel oppnådde ingen av krigsmålene sine. Det stopper opp for Netanyahu. – Derimot
derimot.no:
Verbal våpenkvile i Libanon
Ein våpenkvile-avtale mellom Israel og Libanon – reint verbal – har blitt kunngjort av USAs og Frankrikes presidentar, Joe Biden og Emmanuel Macron. I skrivande stund har protagonistane ikkje signert noko dokument.
Denne avtalen var eit krav frå Benjamin Netanyahu, via USAs meklar Amos Hochstein, tvert imot hans tidlegare standpunkt. Den jødiske diasporaen er no djupt splitta, og dei fleste støttar ikkje lenger Netanyahu (sjå VIN 2488 (Voltaire International Newsletter). Arméen hans er utmatta og har gått lens for ammunisjon. Det offisielle målet hans for krigen (å la 100 000 israelarar returnere til heimane sine ved den libanesiske grensa) har ikkje blitt oppnådd i det heile. Tvert imot. Hizbollah angrip no militærbasar så langt unna som Tel Aviv. Hans uoffisielle mål (å ekspandere Israel nordover) har også slått feil. IDF, som utan tvil er sigersrike i luftrommet, der dei kan øydelegge alt dei vil, er heilt ute av stand til å okkupere libanesisk territorium, der innbyggarane gjer motstand.
Denne våpenkvileavtalen seiest vere gyldig i 60 dagar. Det betyr at fiendskapet kan takast opp att om to månadar eller når som helst etter den tid. Benjamin Netanyahu hevdar han har sikra seg retten til å angripe Hizbollah dersom dei gjenoppbygger styrkane sine, noko som er absolutt feil og blir nekta for av alle libanesiske kjelder som deltok i forhandlingane.
Statsministeren nemner Iran som neste mål. Men Teheran deltok i forhandlingane og har stadfesta at dei har gitt opp «Resistans-akse»-strategien sin til fordel for ein global avtale med Vesten.
Den arabiske liga er klar over at den 80 år lange krigen ikkje er over, men forflyttar seg til Irak og Syria. Det er derfor Iran har gjenopptatt kontakten med dei to kurdiske partia i Irak (jfr. VIN 1969), og det er derfor Tyrkia har gejnopptatt forhandlingane med Abdullah Öcalan (jfr . VIN 2247). I mellomtida bomba IDF fram til siste minutt alle vegane som knyter Syria til Libanon og øydela bruene deira (VIN 2711 og 2712), medan jihadistane gjenopptok angrepa sine på Damaskus, som under krigen i 2011, då Benjamin Netanyahu besøkte al-Qaida-offiserar som låg på sjukehus i Israel.
Omsett av Monica Sortland