Derimot: Israel og Ukraina med rein terrorkrig. Krigen i Gaza og i Ukraina må løftes til neste nivå. – Derimot
derimot.no:
Evig krig blir til full terrorkrig
av Pepe Escobar, Strategic Culture den 10. august, 2024
Dette er ein veldig enkel demonstrasjon. Tillat meg å presentere berre to bevis, A og B.
Bevis A
Den fantastike stadfestinga kom direkte frå Russlands viseutanriksminister Ryabkov, under eit ganske så avslørande intervju på Rossiya TV. Ryabkov, ekstremt kompetent, er også den leiande russiske sherpa’en for BRICS+, i førebuingane til toppmøtet i Kazan i oktober.
I hovudsak oppdaga russisk etterretning at Kievs etterretning planla eit felles attentat mot president Putin og forsvarsminister Belousov under paraden på Marinens dag i St. Petersburg førre månad.
Ryabkov var veldig forsiktig – for dette handlar om nasjonal sikkerheit og involverer fleire toppbyrå. Då han fekk direkte spørsmål om «ein aksjon var planlagd ved Marinens hovudparade» mot Putin, svarte ikkje Ryabkov eksplisitt: han berre stadfesta «eit visst samband med denne typen arrangement», ifølge Russlands utanriksdepartement.
Ryabkov kalla denne provokasjonen som Kiev førebudde for ein «veldig alarmerande» episode som var planlagd i samband «med våre interne arrangement for å påføre maksimal skade og få den maksimale medieeffekten dei treng.»
Det spennande er korleis komplottet utfalda seg.
Normalt ville det gått føre seg slik at Bortnikov (FSB) eller Patrushev (spesialrådgivar for Putin) tok ein telefon til CIAs Burns for å be om ei skikkeleg forklaring. I dette tilfellet var det mykje meir hardcore. Belousov ringde sjølv til sjefen for Pentagon, våpenkramkaren Lloyd “Raytheon” Austin, og bad han i klare ordelag om å stramme bandet på skurkane i Kiev – elles…
Førestill deg korleis transkripsjonen av den bryske russiske meldinga ville sjå ut.
Som Andrei Martyanov kommenterte: Belousov må ha utbrodert om korleis Kiev heilt enkelt ville slutte å eksistere – og på høg tid, «det ville D.C. Óg» dersom amerikanarane skulle bestemme seg for å godkjenne angrepet.
Ryabkov refererte også til «visse andre land» som ville ha blitt ein del av pakken. Omsetting: britar og polakkar.
Det denne vesle historia fortel oss, er at Moskva endeleg verkar forstå at det ikkje går an å takle terror-einingar på rasjonelt vis, bortsett frå å på høfleg vis fortelle dei ansikt til ansikt at dei under visse vilkår vil bli nådelaust destruerte.
Bevis B
Dette handlar om den kosmiske demensen som gjennomsyrer sionistprosjektet.
Bortsett frå den makelause Alastair Crooke, som påkalla alles merksemd kring kva som verkeleg står på spel, er det berre nokre få personar i Vesten som ser den «lange, svarte skya» som kan senke seg, for å sitere Dylan. Denne strekk seg langt utover regjeringa i Tel Aviv “som mistar kontrollen over det ekstreme høgret”.
Skift til dei viktigaste poenga i eit intervju med Moshe “Bogie” Ya’alon, tidlegare stabssjef for IDF og også eks-forsvarsminister.
«Når det gjeld Smotrich og Ben Gvir, så har dei ein rabbi. Han heiter Dov Lior. Han er den jødiske undergrunnens rabbi; dei som har til hensikt å blåse Klippedomen til himmels – og før det bussane i Jerusalem. Korfor? For å framskunde ‘Den siste krigen’».
Omsett: dei to meste ekstreme medlemmane av Netanyahs kabinett følger same rabbi som ønsker å sprenge Al-Aqsa-moskéen for å gjenoppbygge det jødiske tempelet, kaste ut eller drepe alle palestinarar og sigre i det komande Armageddon.
Ya’alon leverer så det avgjerande siste ordet: «Dette konseptet kviler på jødisk overlegenheit. Mein Kampf i revers». I dette tilfellet «ein krig mot Gog og Magog». Ya’alon legg til: «Det er dette som går inn i avgjerdstakingsprosessane i den israelske regjeringa.»
Nedstenginga: Ein eskatologisk, ultra-rabiat kult dikterer politikken i Tel Aviv, hovudkvarteret til ein folkemordersk, settler-kolonialistisk konstruksjon – komplett med ein massiv borgarvernsmilits, eller samansveisa militsgrupper, av hundretusentals settlarar væpna til tennene, ukontrollerbare og klare for kva som helst, til og med angrep på militæret og den israelske staten sjølv.
Det finst absolutt ingen måte å snakke eller diskutere med denne fanatiske mobben på. Dei kan berre taklast på éin bestemt måte. Og faktum er at Resistansaksen ikkje er der – enno.
Mein Kampf i revers møter Resistansaksen
Bevis A og B viser til saman at Imperiets Evige krigar metastaserer seg til ein saumlaus terrorkrig, frå mini-folkemord innanfor det større folkemordet i Gaza til seriemord på utpeikte mål – frå Beirut til Teheran og angrep på sivile frå Belgorod til Kursk.


For alle forventningane over heile det globale fleirtalet om at Resistansaksen skal audmjuke den Talmudske psykosen, er vi no berre vitne til at persarane viser fram korleis dei meistrar Sun Tzu.
Psy-ops, strategisk tvetydigheit, ventespelet: Irans bruk av Sun Tzu er feilfri – og den driv dei talmudske psyko’ane og deira eksepsjonalistiske fullmektige til absolutt vanvit.
Samtidig kan det på den ukrainske fronten endeleg ha kome ei ny kjensle av at det hastar. Dmitry Medvedev har sett tonen: frå no av bør det vere fritt fram:
«Frå no av må SMO ta ein ope ekstraterritoriell karakter. Dette er ikkje lenger berre ein operasjon som skal ta tilbake våre offisielle territorium og straffe nazistane. Vi kan og må gå til områda av det framleis eksisterande Ukraina. Til Odessa, til Kharkov, til Dnepropetrovsk, til Nikolaev. Til Kiev og vidare. Det bør ikkje finnat restriksjonar i form av grenser for det ukrainske Reich som er anerkjend av nokon. Og no kan og må vi tale om dette ope, utan blygsel og diplomatisk høflegheit. Den terroristiske operasjonen til Bandera-gjengen må fjerne alle tabu frå dette emnet. La alle, inkludert dei engelske bastardane, skjøne dette: vi stoppar først når vi finn det akseptabelt og til gagn for oss sjølve.»
Så no nærmar vi oss raskt «penga på bordet»-cliffhanger‘en. Både Resistansaksen og det ortodoks-kristne Russland må ta spelet til neste nivå. Radikalt. Elles kan dei samanvikla terrorkrigane snart bli illevarslande ustyrlege.
Omsett av Monica Sortland
https://strategic-culture.su/news/2024/08/10/the-forever-wars-go-full-war-of-terror/
Forsidebilde: iStock