Derimot: Israel kan drive som de vil.Vesten fordømmer Iran. – Derimot

Derimot.no

derimot.no:

Når Vesten blandar saman jus og politikk

Det israelske angrepet på ein iransk diplomatisk stasjon i Damaskus var eit klart brot på Wien-konvensjonen. Ingen sa noko anna. Israel rettferdiggjorde det med at der vart halde milits-møter, men det endrar ikkje kjensgjerningane.

Den iranske responsen på angrepet var derfor, same kva ein elles måtte meine om den, legitim jamfør Artikkel 51 i FN-pakta. Det treng ingen stille spørsmål ved. At nokon seier Iran ikkje hadde rett til å sende luftfarty gjennom tredjeparts luftrom, endrar ikkje dette faktum. Likevel har FNs Sikkerheitsråd (UNSC) ikkje gredd å einast om å fordømme det israelske angrepet i Syria. Dei greidde heller ikkje å felle dom over den iranske responsen.

Talane kjem ikkje lenger frå den juridiske sfæren, men frå den politiske.

Så, utanfor FNs Sikkerheitsråd uttrykte Kontoret til Argentinas president Javier Milei «sin solidaritet og klippefaste sympati med den israelske staten etter angrepa frå Den islamske republikken Iran. Den argentinske republikken anerkjenner nasjonsstatars rett til sjølvforsvar og støttar fast den israelske staten når den forsvarer sin suverenitet, særleg mot regime som oppmodar til terror og ønsker å øydelegge den Vestlege sivilisasjonen.»

Forvirringsprisen går utan tvil til EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen, som erklærte på X: «Eg fordømmer på det kraftigaste Irans grove angrep på Israel som ikkje kan rettferdiggjerast. Og eg krev at Iran og proksyane deira straks stoppar desse angrepa. Alle aktørar må no avstå frå vidare eskalering og arbeide for å gjenopprette stabiliteten i regionen.» EUs Høgrepresentant for utanrikssaker og sikkerheitspolitikk Josep Borrell la til: «EU fordømmer på det kraftigaste den uakseptable iranske aggresjonen mot den jødiske staten. Dette er ei eskalering verda aldri før har sett og ein alvorleg trussel mot den regionale sikkerheita.»

Vara for Russlands permanente representant i Sikkerheitsrådet, Dmitri Polyanskiy, posta for sin del følgande på Telegram: «Atter ein gong blir vi overtydde om at kynismen til våre Vestlege kollegaar og den selektive blindskapen deira ikkje kjenner grenser. No hugsar dei ikkje ein gong at dei nekta å hindre eskalering, då dei nekta å støtte utkastet vårt til ei UNSC-pressemelding som fordømde det israelske angrepet på det iranske konsulatet. Som også var tilfelle ved starten av vårt militære forsvar i Ukraina – historia for dei startar med den iranske gjengjeldsaksjonen. Og israelarane eskalerte føreseieleg slik dei brukar: Israel er offeret, alle andre har skulda. (…) Og no vil denne franko-saksisk-Natanyakha gjengen byrje rokke regionen, og gi Iran skulda for alle sine synder. Har vi ikkje sett alt dette før?»

Omsett av Monica Sortland

https://www.voltairenet.org/article220750.html

Forsidebilde: Priscilla Du Preez 🇨🇦

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar