Derimot: Inngir ikke tillit: Når en ber andre gjøre noe, men ikke gjør det sjøl.
derimot.no:
Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av og henta fra saksyndig.
Dr. Ugur Sahin, adm.dir. i BioNTech, bioteknologiselskapet som arbeidde med Pfizer for å utvikle verdas fyrste Covid-vaksine, har innrømt på kamera at han ikkje vart injisert med ein Covid-vaksine.
Då han vart spurt av ein reporter frå det tyske DW-nettverket kvifor han ikkje var vaksinert, byrja dr. Sahin å vri seg unna og påstod vagt at det er ulovleg for han å bli vaksinert, og at selskapet hans måtte fokusere på å produsere milliardar av vaksinar for andre.
Avsløringa om at mannen som utvikla Pfizer-vaksinen ikkje sjølv vart vaksinert, får oss til å hugse påstandar frå Bill Gates sin tidlegare lege om at medan Gates pusha vaksinar på menneskeheita, lèt han ikkje sin eigen familie bli vaksinert.
Du treng ikkje vere ekspert på kroppsspråk for å sjå at Sahin vart svært opphissa og ukomfortabel då spørsmålet om kvifor han ikkje er vaksinert vart stilt.
Og påstanden hans om at det er ulovleg for han å bli injisert med Pfizer-sprøyta heng ikkje på greip.
So kva er den eigentlege grunnen til at Sahin ikkje vart injisert med sin eigen vaksine? Kan det kanskje ha med å gjere det faktum at han utvikla vaksinen i løpet av berre nokre timar på datamaskina på éin dag?
Tidlegare kravde den raskast utvikla vaksinen nokosinne meir enn fire års hardt arbeid.
Men dr. Sahin – som grunnla BioNTech saman med kona – laga eit «grovdesign i løpet av ei helg».
Og dette «grovdesignet» fekk FDA-godkjenning berre nokre månader seinare. Moderna sin vaksine tok òg berre to dagar å designe, som Business Insider tidlegare rapporterte.
Ikkje noko av dette er med på å vekkje tillit til vaksinen, er det?
Kanskje det er grunnen til at faktasjekkar-industrien måtte stikke nasen inn og forstyrre informasjonsflyten. Ifølgje Reuters sine faktasjekkarar, innrømte dr. Sahin i BioNTech ikkje at han er uvaksinert. Det stemmer. Trass det faktum at du høyrde han seie det ordrett med dine eigne øyre, påstår Reuters at du tek feil, og Sahin sjølv tek feil, og at adm.dir. i BioNTech er vaksinert med sitt eige produkt, Pfizers BioNTech Covid-19-vaksine.
Som vanleg kjem faktasjekkar-teamet i Reuters med ganske nøyaktig null evidens som belegg for sine ville påstandar. Trass dette vil ikkje Facebook og andre sosiale medieplattformer tillate nokon å seie mot det som Reuters seier om Sahin sin vaksinasjonsstatus.
Reuters vart utvalt av Facebook som ei av deira godkjende faktasjekkar-grupper og gjevne evna til å merke historier på sida som «sanne» eller «falske». Medan denne ideen høyrest grei ut i teorien, har den i praksis hatt ein nifs effekt på ytringsfridommen, medan den har avgrensa dei frie ytringane til sanningssøkjarar på Internett.
Det er verdt å hugse på dette punktet at faktasjekkarar er ukvalifiserte amatørar som ikkje har formelle kvalifikasjonar som verken journalistar eller etterforskarar. Adm.dir. i Snopes, David Mikkelson, tilsette si nye kone, ei eskortedame frå Los Angeles, til å arbeide for faktasjekkarsida. Resten av bidragsytarane er bloggarar med bakgrunn frå ytre venstre-aktivisme.
Dette er gjengen som av Big Tech har fått i oppdrag å vere politi på sosiale media og nekte borgarar å ytre seg fritt.
Senior-faktasjekkar Kim LaCapria innrømte til og med at ho jamleg «faktasjekkar» medan ho er rusa på hasj. Det kan visstnok vere lovleg. Det er ikkje problemet. Problemet er at det å faktasjekke nyheiter er eit alvorleg føretak, og det burde bli teke alvorleg av faktasjekkarar – spesielt no når Facebook og andre sosiale media har utpeikt dei som vaktbikkjer av alle nyheitsstraumar, med makta til å shadow-banne brukarar.
Facebook burde trekkje linja ved bruk av tenester frå eit faktasjekkarselskap der seniorstaben innrømmer at dei jobbar medan dei er rusa. Der står for mykje på spel.
Men i staden, kvar gong historier som skader etablissementet dukkar opp, blir faktasjekkarar brukt som våpe til å grave dei ned ved å uriktig merke slike historier som «villeiande» eller «bløff» sjølv når dei er fullstendig autentiske.
Dette tener deretter som ei rettferdiggjering av sensuren deira av sosiale mediealgoritmar og den målretta bannlysinga og deplattforminga av alle som prøver å forsterke informasjon som faktasjekkarane har grave ned.
Faktasjekkarar er ikkje upartiske, uavhengige formidlarar som er interessert i å etablere sanninga. Dei er hyper-partisane åtakshundar som jobbar på vegner av det korrupte etablissementet.
35 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 35 ganger.
Post Views: 27