Derimot: Ingen vil undersøke om det er sammenhenger. Øyensykdommer til værs etter Covid-vaksineringen. – Derimot
derimot.no:
Augesjukdommar til vers etter at COVID-sprøytene vart rulla ut
Om det er noko anna som forårakar den kolossale auken, kva er det då?
Av Steve Kirsch, kirschsubstack 15, august, 2024
Eg tok denne skjermdumpen under ein konferanse nyleg. [Talet på pasientar i England som fekk diagnosen grå stær eller andre augelinsesjukdommar (diagnosekode H28 i 10. utgåve av det internasjonale klassifiseringssystemet for sjukdommar (ICD-10)) i 2022/23 var over dobbelt så høgt som talet for dei føregåande ti år til saman.]
H28 er ICD-10-koden for katarakt (grå stær).
Dette er ikkje ein vanleg statistisk anomali. Det er forårsaka av noko.
Årsaka er ikkje at folk ikkje har kunna ta katarakt-medisinen sin under nedstengingane (lockdowns), for det finst ikkje noko slikt som katarakt-medisin.
Det einaste eg kan tenke meg kan ha forårsaka ei så massiv endring som denne, er COVID-stikka.
Spørsmål som helsevesenet burde stille
Viss dette ikkje var forårsaka av sprøytene, kva kan elles vere ei sannsynleg årsak?
Burde vi åtvare folk? Eller er det betre å halde dei i mørket?
Er det bra at helsevesenet vender det blinde auge til desse hendingane? Ein skulle tru noko som dette ville reise spørsmål, og tilsette i helsevesenet burde kreve svar!
Korfor set ikkje helsestyresmaktene søkelys på slike saker og ber doktorar liste opp moglege årsaker, slik at vi raskt kan finne den mest sannsynlege årsaka og dermed stoppe det?
Oppsummering
Det var ei heilt ny hending. Mange folk må ha blitt eksponert for denne hendinga for at ei så stor endring kunne skje.
Eg trur det er viktig å identifisere den nye hendinga som forårsaka dette. Eg har førstehands erfaring med at det er ein forferdeleg ting å miste synet.
Finst det andre helsestyresmakter på Jorda som vil bry seg med å granske årsaka til dette problemet? Eller vil dei alle sjå den andre vegen?
Omsett av Monica Sortland
https://kirschsubstack.com/p/eye-issues-skyrocket-after-the-covid