Derimot: Ingen vil lenger kjempe ved fronten.Ukrainere velger heller å risikere drukningsdøden fremfor militærtjeneste. – Derimot

Derimot.no

derimot.no:

Denne meldingen under som jeg regner som beskrivende for den aktuelle situasjonen på frontlinjen i Ukraina setter hele den norske regjeringen politikk inn i sin rette sammenheng. De pøser inn skattemidler til en krig som er tapt. Pengene vil bare forlenge lidelsene til alle ukrainerne som befinner seg i frontlinjen.

Men erkjennelsen av hva en fullstendig mislykket og forferdelig politikk fører til fremover er så vanskelig å svelge politisk for samtlige norske stortings- og regjeringspolitikere at de heller velger å tømme enda litt mer bensin på bålet, altså norske skattepenger. Vi holder oss med en USA-dressert politisk ledelse hvor ingen tør å si som sant er: Krigen er tapt, politikken er mislykket, pengene er sløst bort, Nato er svært svekket og Norge har plassert seg i en utsatt posisjon. Vi har gjort vår venn i nord til fiende for å tekkes USAs globale interesser.

Knut Lindtner
Redaktør

Soldat: Ingen har lyst inn i den ukrainske arméen

Kiev har ingen reservesoldatar til å avlaste dei som allereie er ved fronten, fortalde ein soldat i Azov-regimentet

Vernepliktsflukta i Ukraina har blitt ekstrem, fortalde ein soldat i det illgjetne nynazistiske Azov-regimentet til den lokale nyheitskanalen TSN «Bokstaveleg talt ingen er villige til å dra til front-linjene,» har han sagt.

Mannen, som berre var identifisert ved kallenamnet sitt i regimentet, «Niko», sa han hadde halde fram med å kjempe sjølv om han var såra og hadde mista eit bein i kamp, fordi det rett og slett ikkje fanst nokon som kunne erstatte han.

«Ingen vil slutte seg til Ukrainas væpna styrkar (AFU) no om dagen,» fortalde han TSN. Folk «gjer alt dei kan kome på» for å sleppe å bli innkalt, inkludert å «symje over elva Tisza og drukne,» sa soldaten. Han refererte til nylege rapportar om fleire dusin menn som hadde mista livet i forsøk på å flykte frå Ukraina og unngå å bli innkalt til militærteneste midt i konflikten mellom Moskva og Kiev.

Tisza er den lengste sideelven til Donau og en av de største elvene i Sentral-Europa. Elven har en samlet lengde på 966 kilometer og et tilsigsområde på 157 186 km². (fra Wikipedia)

I mars rapporterte den ukrainske grensevaktstenesta om det 22. drukningsdødsfallet i elva Tisza sidan starten av konflikten i februar 2022-. Elva, som ligg langs Ukrainas grense med Romania, har blitt stadig oftare kryssa av folk som prøver å flykte utanlands.

Men Azov-krigaren viste liten sympati med dei som hadde drukna. Han meinte dei burde ha kjempa og døydd som «sanne krigarar» i staden. «Dra ut og døy som ein ekte mann … i staden for å døy som ei rotte,» sa han til TSN.

Tidlegare har generalkommandant for Dei ukrainske bakkestyrkane, Aleksandr Pavlyuk, kritisert dei som viser sympati med døde desertørar. Desse offentlege uttrykka for sympati underminerer innsatsen for innkalling til militærteneste og tener berre Russland, hevda generalen i mars. Han la til at kritikk av innsatsen for innkalling ignorerer «hovudpoenget: at det er ulovleg for menn å unngå si grunnlovsfesta plikt til å forsvare Ukraina.»

Vernepliktsflukt har blitt stadig meir presserande for Kiev. Mange prøver å ulovleg flykte frå landet. Fram til august 2023 hadde rundt 20 000 har blitt smugla over grensa, estimerte BBC. Kringkastaren rapporterte og om at det dagleg skjedde forsøk på ulovlege grensepasseringar.

Reaksjonane til ukrainske styresmakter på desse forsøka har blitt stadig hardare. Videoar som ukrainske medium publiserte i mars viser grensevakter som brutalt bankar opp dusintals menn som er tatt til fange etter forsøk på å flykte til Romania. Grensevakta stadfesta at dei var tatt til fange ved å publisere bilde av menn på knea framfor sikkerheitsoperatørane.

I april signerte president Vladimir Zelensky ei ny mobiliseringslov. Den introduserte harde vernepliktsreglar, inkludert bøter for unnviking av verneplikt. Politiet kan og med tvang levere mistenkte vernepliktsflyktningar til eit innrulleringskontor dersom dei ikkje frivillig møter opp etter å ha mottatt innkalling.

Tiltaka vart sette inn medan Ukraina lir tunge tap i konflikten. Russlands forsvarsminister Sergey Shoigu sa i april at Kiev hadde mista nesten 500 000 soldatar sidan starten av kampane.

Zelensky hevda i februar at 31 000 soldatar hadde blitt drepne under dei to åra med konflikt. Ifølge Washington Post var dei ekte tala «grovt underdrivne» av presidenten for å unngå å forstyrre mobiliseringa. I desember i fjor sa Zelensky at militæret hadde bede han mobilisere 500 000 soldatar til.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Austrian National Library

https://www.rt.com/russia/596735-no-one-join-ukrainian-army

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar