Derimot: Ikke krenk meg! Politiet i Storbritannia brukes nå som verktøy for pedofile som føler seg krenket.

Derimot.no

derimot.no:

Britisk politi innrømmer at dei gjekk for langt då dei fór heim til kvinnesaksaktivist på grunn av YouTube-video

Sjå òg «Kvinnesaksaktivist seier britisk politi besøkte ho fordi ho var ‘ufin mot pedofile’ i YouTube-video»,

Av Didi Rankovic. Henta frå Reclaim the Net. Omsett av og henta frå saksyndig.

Politiet i Wiltshire i Storbritannia har innrømt i ei Twitter-melding – som ein reaksjon på det dei kallar utbreitt kommentering på nettet – at responsen deira på Kellie-Jay Keen sin YouTube-video «ikkje var heilt i proporsjon».

To politibetjentar kom heim til den feministiske YouTuberen sundag [24. juli 2022] på grunn av kommentarane hennar på nettet om transkjønnsproblem, og informerte Keen at dei handla etter ein klage som dei fekk av ein sjåar som var misfornøgd med innhaldet.

Det var ein video med tittelen Mermaids, Drag and Grooming, som inneheldt bilete frå ein pride-festival som viste ein 12-årig gut i damekle. YouTuberen sin kommentar om barnet som dansa på scena var at han «vart utnytta».

Ifølgje Keen sa politibetjentane at klagen hadde å gjere med at ho «sa noko ufint om pedofile». Det vart snart tydeleg at politimennene aldri såg videoen og at dei ikkje kunne svare skikkeleg på om nettaktiviteten hennar var eit brotsverk, men sa at dei var klare til å reise tilbake til stasjonen og sjå den.

Er dette å krenke? Publikum som buer på spillere, krenker de dem?

Som ein kunne ha føresett, genererte hendinga «utbreitt kommentering på nettet», for å bruke Wiltshite-politiet sine ord, og deretter kom dei med meldinga.

Den seier at betjentar handla med basis i ein rapport frå ein medlem frå offentlegheita, og vart sendt til Keen sitt hus med det føremål å kome med «rådgjeving» relatert til kommentaren hennar som ein kan høyre i videoen – som dei bak klagen «følte» var fornærmande.

Sidan «rådgjeving» har blitt utført, «vil ingen vidare politihandling finne stad, og saken har blitt avslutta,» sa Wiltshite-politiet på Twitter.

Meldinga la til at responsen vart gjennomgått, i lys av dei nye retningslinjene frå College of Policing relatert til hatkriminalitet, og at resultatet av denne introspeksjonen er at «responsen frå styrken ikkje var heilt i proporsjon» [responsen frå politiet stod ikkje i forhold til det Keen hadde gjort; oms.komm.].

For å rettferdiggjere hendinga sa politiet vidare at betjentane «handla med dei beste intensjonar» – men dei var tydelegvis uverande om ikkje berre innhaldet i videoen, men òg om den mest oppdaterte utgåva av retningslinjene som er meint å supplere informasjon som bakgrunn for handlingane.

Retningslinjene «endra seg so nyleg som sist veke», sa politiet.

«Vi jobbar for tida for å sikre at dei nyaste nasjonale retningslinjene blir fullt ut delte innåt i organisasjonen vår for å gje klarheit til betjentane når det gjeld korleis rapportar av slik ein natur skal bli handterte frå sak til sak, for å sikre ein konsistent og proporsjonal respons,» konkluderte dei.

Men somme aktivistar på Twitter reagerte ved å hugse at retningslinjene som politiet støtta seg på, vart erklærte ulovlege av Ankedomstolen i slutten av 2021.

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 17

Les artikkelen direkte på derimot.no