Derimot: Ikke gjennom børs-spekulasjon. Verdiene skapes gjennom arbeid. – Derimot

derimot.no:

Hegemoni. Revir. Lebensraum.

Av Svein Grødaland

Hegemoni. Revir. Lebensraum. Det handlar i prinsippet om det same; Makt og kontroll over større område enn det som er innafor landegrensene.

Ordet hegemoni er blitt brukt om USA sin dominans. Lebensraum kjenner me frå historia. Revir er dyreriket sitt behov for plass. Avstand til artsfrender. Kontroll over nærområdet.

Eit par nasjonar har ein dryg milliard innbyggjarar kvar. Dei kan reknast som sitt eige, vesle imperium, bunde saman med ein viss grad av felles kultur, språk og religion.

Kina og India, pluss landa omkring, er mektige i kraft av industri og handel, ikkje så mykje våpen. Ein annan styrke er at dei tenker langsiktig. Leiarane vert gjerne sitjande ei stund. Er dei gode leiarar, tener både eige land og naboane på det.

Historia har til alle tider hatt sine imperier. Mektige riker har vakse fram, nådd ein topp og visna vekk. I vår nære fortid har me hatt det britiske imperiet, Sovjet, Spania og Portugal. Tyskland klarte aldri å etablera noko imperium på tretti- og førtitalet.

I dag er det USA som har rollen som imperium. Denne ein gong så mektige nasjonen slit i motbakke. Landet har basert seg på infiltrasjon og militærmakt for å kontrollera så mange nasjonar som råd. Gjelda er skyhøg.

Vårt euro-amerikanske imperium er i alt for stor grad basert på finans, spelet på børsen, kombinert med at me har lete andre land ta den fysiske delen med å produsera varer. Denne produksjonen er sjølve grunnlaget for framgangen i Asia. Dette er noko nytt, samanlikna med dei andre imperia som har passert revy, og etterlete seg eit minna av litt blanda kvalitet.

Eg skriv «vårt imperium», fordi me er ein del av det, enten me likar det eller ei. Også vår økonomi er i stor grad basert på bank og børs. Produksjon er konsekvent blitt prioritert ned. Ei oppskrift på dårlegare tider. President Trump har innsett dette. Han prøver desperat å få produksjonen heim att. Kor vidt han vil lukkast, er eit heilt ope spørsmål. Det ville vore eit økonomisk under om han klarer å få eit skakkjørt USA på beina innan sine tilmålte fire år.

Pessimist? Av naturen er eg ikkje det. Eg er prinsippiell optimist, og lever naivt i den trua at det løyser seg. Kanskje gjer det det. Kanskje ikkje. Uansett er det vårt ansvar som menneske å gjera det beste ut av dagen. Skal det lukkast, må optimismen kombinerast med ærlig realisme.

Forsidebilde: Birmingham Museums Trust

Innlegget er hentet fra Politikus

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar