Derimot: Ikke et øre mer til krigen!Nå samler «venstre» og «høyre» seg i USA mot krigen.

Derimot.no
Del denne artikkelen på din favoritt SOME(Sosiale Media)

derimot.no:

Det som nå skjer i Washington kan være signalet til en ny fredsbevegelse som har vært sårt savnet. Når de store mediene hele tiden definerer seg selv som ansvarlige og i sentrum politisk er det en svindel. Main-stream er forsvarere av den mest ytterliggående politikken som finnes: Opprustnings og krigspolitikken. Enhver bevegelse som krever stans i krigen er moderat i forhold til krigshaukene i Washington og … i Oslo.

Å bruke venstre og høyre for å definere seg selv i sentrum er et politisk triks som alt for lenge har fungert. I USA bryter de nå gjennom denne ord-magien og samler seg om felles krav: Stans penger og våpen til krigen i Ukraina!

At medlemmer i Rødt ville falle for krigs-propagandaen forteller om et parti på vei mot ideologisk oppløsning.

Alle de politiske kravene til denne demonstrasjonen er ikke bare riktige, men i praksis helt nødvendige.

Knut Lindtner
Redaktør

Høgre- og venstresida i felles Washington-demonstrasjon:

«Ikkje eit øre meir til krigen i Ukraina!»

Den 19. februar skal New Anti-Interventionist Coalition marsjere frå Washington Monument til Det kvite hus.

av John V. Walsh 

Den 19. februar vil Washington, DC, bli vitne til ein protest mot krigen i Ukraina som markerer eit skarpt skille i forhold til tidlegare demonstrasjonar. Hovudkravet er enkelt og direkte: «Ikkje eit øre meir til krig i Ukraina».Det er eit krav som legg vekt på kva vi i USA kan gjere for å få slutt på krigen, ikkje kva andre kan gjere. For den einaste regjeringa vi har makt til å påverke, er vår eiga.

Den potensielle makta til denne unike og lovande rørsla oppstår av karakteren til dei ansvarlege organisasjonane – Peoples Party (Folkepartiet), eit progressivt nytt parti, og Libertarian Party (Det libertarianske partiet, «Fridomspartiet»). Det er rett og slett det store deler av pressa ville kalle ein «høgre/venstre-koalisjon», som spenner over eit spekter som er breitt nok til at dei faktisk vil kunne sette stopp for stråmannskrigen i Ukraina. Passande nok kallar organisatorane protesten for «Rage Against the War Machine» («Furore mot krigsmaskina»). Når krigen i Ukraina stiller oss framfor avgrunnen til eit kjernefysisk Ragnarok, er «furore» kanskje ein mild reaksjon.

Ein ny høgre/venstre-koalisjon for opposisjon mot krigen

Bernie Sanders er tilhenger av krig og opprustning

Peoples Party er truleg den minst kjende av dei to organisasjonane som arrangerer protesten, fordi partiet er nyare. Grunnleggar og nasjonal leiar er Nick Brana, ein av protestens hovudorganisatorar. Brana var nasjonal koordinator for 2016-kampanjen til Bernie Sanders, men har vendt Demokratane ryggen i avsky for at den progressive flanken ikkje har kjempa for val-løfta sine. Blant talarane på partiets grunnleggingsmøte i 2020, var  Cornel West, Chris Hedges, Jimmy Dore og Nina Turner (medstyrar for Sanders’ 2020-kampanje).

Libertarian Party er meir kjend. Dei har funnest lengre og er USAs tredje største politiske parti, sjølv om dei er små. Ho som sit som nasjonal leiar no, Angela McCardle, er den andre hovudorganisatoren for Washington-protesten. Den som kanskje er best kjend av representantane for libertarianske verdiar – og særleg for eit prinsipielt anti-intervensjonistisk (ikkje-innblanding) standpunkt i utanrikspolitikken – i USAs politiske liv, er Ron Paul.

Eit krav om å ende USA si støtte til proxy-krigen i Ukraina er realistisk; ein betydeleg, og stadig veksande, del av det amerikanske folket støttar dette kravet.

Hovudkravet «Ikkje eit øre meir til krig i Ukraina» finn stadig meir støtte blant folk i USA. Ei meiningsmåling i november, utført av Chicago Council on Global Affairs, viste at 35% av folket i USA er imot å sende meir våpen til Ukraina, og 34% er imot å sende meir økonomisk støtte. (Når det gjeld sending av US-amerikanske troppar, er 68% imot!) Desse tala har auka etter førre måling, i juli, og avslører ei veksande anti-intervenistisk stemning. Sjølv om det ikkje er fleirtalet, er over ein tredel av folket ein base som er solid nok til å bygge eit antikrigsfleirtal. Berre 16% fleire må overtalast for å oppnå fleirtal. Krav nummer ein for februar-demonstrasjonen er ikkje utopisk – det er realistisk!

Demonstrasjonens krav

Det løner seg å sjå på alle dei ti krava til februar-protesten. Men dei første fire fortener spesiell merksemd, fordi dei tydeleg viser anden og hovudidéane til rørsla. Her er dei:

Ikkje eit øre meir til krigen i Ukraina

Demokratane og Republikanarane har væpna Ukraina med våpen og militærstøtte for titals milliardar dollar. Krigen har tatt livet av titusentals, sendt millionar på flukt, og pressar oss fram mot ein kjernefysisk Tredje verdskrig. Stopp finansieringa av krigen.

Forhandl om fred

USAs styresmakter framkalte krigen i Ukraina med eit kupp mot den demokratisk valde presidenten i 2014, og deretter med sabotering av ein fredsavtale mellom Russland og Ukraina i mars. Gå inn for ein umiddelbar våpenkvile og diplomati for å ende krigen.

Stopp krigsinflasjonen

Krigen akselererer inflasjonen og aukar prisane på mat, bensin og energi. USA sprengde russiske gassrøyrleidningar til Europa, skapte energimangel og avindustrialiserte landa deira. Stopp krigen og stopp prisveksten.

Nato er er ingen forsvarsorganisasjon, men en agressiv krigsorganisasjon.

Løys opp NATO

NATO-ekspansjonen fram til Russlands grenser provoserte fram krigen i Ukraina. NATO er ein krigshissande leivning frå Den kalde krigen. Løys organisasjonen opp slik Warzsawa-pakta vart oppløyst.

• Dei andre seks krava er: Global nukleæde-eskalering

• Stram inn på Pentagon-budsjettet

• Avskaff CIA og den militær-industrielle djupstaten

• Avskaff krig og imperium

• Gjenopprett borgarrettane

• Slepp Julian Assange fri.

Start planlegginga for Washington-turen den 19. februar no. Bidra med nærværet ditt til denne potente nye styrkekoalisjonen. Demonstrasjonen vil samlast ved Washington Monument og deretter marsjere til Det kvite hus. For fleire detaljar og oppdateringar under dei komande vekene, kan du skrive deg på her.

La oss gjere dette! Tida renn ut medan trusselen om atomkrig veks for kvar dag som går og kvar nye eskalering i Ukraina. Ein brei koalisjon kan stoppe det. No får det vere nok med dei evige krigane!

*

John V. Walsh, inntil nyleg Professor i Fysiologi og Nevrovitskap ved University of Massachusetts, Chan Medical School, har skrive om fred og helsespørsmål for San Francisco Chronicle, EastBayTimes/San Jose Mercury News, Asia Times, LA Progressive, Antiwar.com, CounterPunch, Consortium News, Scheerpost og andre. Han kan kontaktast på e-post-adressa john.endwar@gmail.com

Omsett av Monica Sortland

Les artikkelen på engelsk her: https://original.antiwar.com/john-v-walsh/2023/01/22/right-and-left-to-join-in-d-c-protest-not-one-more-penny-for-war-in-ukraine/

2 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 2 ganger.

Post Views: 15

Les artikkelen direkte på derimot.no

Auto Feeder
Author: Auto Feeder

Legg igjen en kommentar