Derimot: I Norge brukte vi milliarder på pseudovitenskap: Munnbind mot virus.

Derimot.no

derimot.no:

I Norge brukte vi milliarder på pseudovitenskap:

Vitskapen er krystallklar: Munnbind stoppar ikkje covidsmitte

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av og henta frå saksyndig.

Ein ny vitskapleg gjennomgang samla av forskarar frå USA sine toppuniversitet bekreftar at munnbind ikkje reduserer spreiinga av Wuhan koronavirus (Covid-19).

Den nye publikasjonen, som er ei velkomen bekrefting av talrike tidlegare studiar rundt emnet, bekreftar utvitydig at «utbreidd munnbindbruk kan ha gjort lite eller ingenting for å hindre overføringa av COVID» – som er nøyaktig det denne skribenten [Ethan Huff] har sagt heile tida.

«…å gå med munnbind kan utgjere liten til ingen skilnad når det gjeld kor mange som fekk influensa-liknande sjukdom / Covid-liknande sjukdom (ni studiar; 276 917 menneske); og utgjer truleg liten til ingen skilnad i kor mange som får influensa/Covid bekrefta av laboratorietestar (seks studiar; 13 919 menneske),» avdekte studien.

Det same gjeld N95-munnbind og P2-masker, som vi vart fortalt ville gje ekstra vern. Denne studien fann ut at:

«…å gå med N95/P2-masker utgjer liten til ingen skilnad i kor mange som har bekrefta influensa (fem studiar; 8407 menneske); og kan utgjere liten til ingen skilnad i kor mange som fekk ein influensa-liknande sjukdom (fem studiar; 8407 menneske), eller luftvegssjukdom (tre studiar; 7799 menneske).» (Relatert: Munnbind var eit knep for å gjere det kommunistiske Kina rikare, der flesteparten av dei vart produserte.)

Å bruke munnbind som vern mot virus er pseudovitskap

Vil mange bind hjelpe? For mange var munnbindet en form for uniform for å kunne gå på butikker, T-baner, busser etc. De hadde bindet i lomma og tok det frem ved behov. Etterhvert ble det svært uhygienisk. Helsemyndigheter måtte ha visst om hvordan det fungerte, men de gjorde ingenting for å stoppe meningsløshetene. Er det grunn til å ha tillit til slike myndigheter?

Gyldigheita av denne gjennomgangen vil sannsynlegvis bli gjenstand for mykje debatt, men funna talar for seg sjølve. Munnbind fungerer ikkje, trass at «autoritetane» har fortalt oss det sidan tidleg 2020.

I det minste burde desse funna framtvinge ein sunn debatt rundt munnbind – den typen debatt som aldri skjedde sidan den rådande «vitskapen» ikkje tillét det. Faktisk vart ekspertar innan dette feltet bannlyste over heile linja frå sosiale media for å våge å til og med stille spørsmål ved den universelle munnbind-politikken.

«Centers for Disease Control and Prevention (CDC) avviste fyrst bruken av eit munnbindpåbod,» rapporterer Jonathan Turley.

«Derimot vart emnet eit politisk våpen då politikarar og pressa hevda at det å stille spørsmål ved munnbind var anti-vitskap og til og med vilt. I april 2020 gjekk CDC tilbake på sin ståstad og bad om maskering av heile befolkninga, inkludert barn heilt ned i toårsalderen. Munnbindpåbodet og andre pandemitiltak slik som stenging av skular blir no peikt på som årsaka til emosjonelle og utviklingsrelaterte problem hjå barn.»

Barn overalt er deprimerte, sjuke, og i somme tilfelle døyr dei på grunn av munnbindpåbod og skulestengingar. Dei vart skilde frå vennene og lærarane sine i lange periodar og sett bak ei datamaskin for Zoom-basert «undervisning».

Dette skapte ein utviklingskatastrofe som verda aldri har sett maken til. Barn treng å vere sosiale med andre, ikkje bli fortalt at andre menneske er vandrande basill-fabrikkar som dei må unngå for ein kvar pris.

«…eg forventar at desse studiane vil bli debattert i årevis framover. Det er ein god ting,» seier Turley.

«Ein stiller spørsmål ved om typane av studiar som er brukt, og kor vidt randomiserte studiar er tilstrekkjeleg. Poenget er berre at der var motstridande indikatorar knytt til munnbindeffektivitet og ein basis for å stille spørsmål ved påbodet. Likevel var der ingen reell debatt på grunn av sensuren som mange Demokrat-leiarar støtta i sosiale media. Å stille spørsmål ved slike påbod vart erklært som ein trugsel mot folkehelsa.»

«Den siste gjennomgangen vil ikkje endeleg svare på dei vitskaplege spørsmåla rundt munnbindeffektivitet, men det burde svare på kvart eit spørsmål rundt skaden av sensur. Vi hadde aldri ein seriøs debatt på grunn av alliansen mellom regjering og konsernmedia om å kvele alle avvikande synspunkt på pandemipolitikk. Resultatet kan ha vore unngåeleg emosjonell, økonomisk og sosial skade på befolkninga som eit heile.

Redaksjonen har lagt til bilde m/tekst

60 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 60 ganger.

Post Views: 125

Les artikkelen direkte på derimot.no