Derimot: I Japan kreves nå etterforskning: Er det sprøytene som er farlige?

Derimot.no

derimot.no:

Japan krev etterforsking rundt covid-vaksinedødsfall sidan hovudstraumsmedia innrømmer at «sprøytene tek livet av oss»

Av Josefine Bru for Saksyndig.

Vel, vel, vel… Hugsar nokon at ein viss «president» i USA spådde ein «vinter av alvorleg sjukdom og død» for uvaksinerte? Det dei fleste lesarar av uavhengige media no er klare over, er at Biden, Fauci, Gates og andre har drive og formidla feilinformasjon. Det som vart skildra som «dei uvaksinerte sin pandemi» er no dei vaksinerte sin pandemi. Det er sokalla «fullvaksinerte» som blir sjuke og som sprengjer fråværsstatistikk rundt om på arbeidsplassar i den vestlege verda. I fleire og fleire land blir det no starta etterforskingar rundt covid-«vaksinane» og all sjukdommen og alle dødsfalla dei er sterkt mistenkte for å stå bak. Ein førebur søksmål mot dei ansvarlege, som har loge oss opp i tryna som dei opportunistiske psykopatane dei er.

Sjølv hovudstraumsmedia byrjar no sakte å vedgå at «vaksinane» skaper fleire problem enn dei blir påstått å løyse. Wall Street Journal antydar forsiktig at virusvarianten av SARS-CoV-2 som no er i omløp, er so ulik den opphavlege 2019-covid-stammen frå Wuhan som den er frå SARS-viruset som var i omløp i 2003. Faktisk antydar artikkelen at «vaksinane» er pådrivar for nye covid-variantar. Noko slikt ville i 2021 ha blitt stempla som ein «konspirasjonsteori», og sensurert.

No opnar òg Japan opp for ei offisiell etterforsking rundt det hittil usette talet døde etter covid-19-vaksinasjonar. Newspunch rapporterer at japanske forskarar har blitt instruerte til å etterforske kva slags mekanismar som ligg bak dødsfall og alvorlege biverknader knytt til dei eksperimentelle mRNA-injeksjonane. Professor Masataka Nagao ved Hiroshima universitet la vekt på at lika av vaksinerte som han obduserte, var uvanleg varme, med kroppstemperaturar på opptil 37,7 grader Celsius (100 grader Fahrenheit). Som han sjølv seier:

«Den fyrste bekymringa var at kroppstemperaturen til lika var særs høge då politiet utførde obduksjon. Kroppstemperaturen var uvanleg høg, slik som 33 eller 34 grader Celsius […].»

Temperaturen skal ha vore særs høg på dødstidspunktet, over 40 grader Celsius, som hjå levande menneske vanlegvis indikerer høg feber. Professor Nagao sitt etterforskingsteam avdekte òg betydelege endringar i den genetiske samansetninga av vaksinerte obduserte pasientar sine immunforsvar.

Etterforskinga har fått Nagao til å konkludere at «vaksinane» forårsakar abnormalitetar i immunforsvaret som utløyser betennelse i heile kroppen, som er den mest sannsynlege årsaka til dei høge kroppstemperaturane ved obduksjonstidspunktet. Med hans eigne ord:

«Basert på dataa og omstenda åleine, er det ikkje mogleg å konkludere at vaksinen forårsaka dødsfalla […]. Derimot er det umogleg å seie at vaksinen ikkje var årsaka. Vi kan berre seie at det er tvilsamt, men vi trur at vaksinasjon var tilstrekkjeleg relatert til abnormalitetane i immunforsvaret.»

Professor Shigetoshi Sano

I ein annan rapport skriv dermatolog-eksperten professor Shigetoshi Sano ved Kochi universitets medisinskule at dei oppdaga piggprotein på område med sår i huda, og andre hudproblem hjå vaksinerte pasientar. Som professor Sano forklarer:

«Piggproteinet frå vaksinen vart funnen i huda […]. Piggprotein undertrykkjer lokalt immunforsvaret […]. Som eit resultat gjer piggproteina det enklare for herpesviruset å bli reaktivert.»

Professor Sano konkluderte at piggproteina sin degraderingsprosess av immunforsvaret utløyser betennelse i kroppen som òg fører til blodproppar:

«Funksjonen piggproteina har til å produsere biverknader er danninga av blodproppar […]. Og desto verre, piggprotein kan òg utløyse betennelse lokalt.»

Eit undertrykt immunforsvar gjer nokon meir sårbare for infeksjon. Med professor Sano sine ord:

«Eg veit ikkje om eg burde seie dette, men det har blitt avdekt at vaksinerte har større risiko for å få koronavirus enn uvaksinerte.»

Etterforskinga til legane kjem medan professor emeritus dr. Masanori Fukushima ved Kyoto universitet kritiserer det japanske helseministeriet for å nekte å stoppe covid-vaksinasjonskampanjen, og kjem med data som viser eit høgt tal biverknader og dødsfall med opphav i sprøyta. Som professor Fukushima fortalde helseministrar under ein konferanse nyleg:

«Folk gjer allereie undersøkingar over heile verda […]. Japans prestisje står på spel. De har vaksinert so mange menneske. Og likevel er berre 10% av medlemmene av Ministeriet for helse, arbeid og velferd, som er leiande medlemmer av vaksinekampanjen, vaksinerte. Er dette ein jævla spøk?»

Mesteparten av materialet er henta frå ein artikkel på Newspunch. Dei har ein video tilknytt artikkelen som kan sjåast her:

Forsidebilde: Owen Beard

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 19

Les artikkelen direkte på derimot.no