Derimot: I et land med en nå ulovlig president.Biden om Ukrainakrigen: Vi kjemper for demokrati. – Derimot
derimot.no:
I sin tale på D-dagen feirar Biden døden til russiske soldatar i Ukraina
Russland var ikkje invitert til minnemarkeringa over D-dagen for 80 år sidan i Normandie
av Dave DeCamp
President Biden feira at russiske soldatar døyr i Ukraina under ein tale i Normandie, Frankrike, til minne om 80-årsdagen for D-dagen.
«Dei har lide enorme tap, Russland. Tala er slåande – 350 000 russiske soldatar døde eller skadde. Nesten 1 million folk har forlate Russland fordi dei ikkje lenger ser ei framtid i Russland,» sa Biden.
Det reelle talet på døde eller skadde soldatar i Ukraina-krigen er uklart, ettersom ingen av sidene deler informasjon om (sine) tapstal. Men sannsynlegvis har Ukraina større tapstal sidan konflikten stort sett er ein artillerikrig, og ukrainske styrkar har hatt betydeleg færre skytevåpen.
Russiske offisielle tenestemenn var ikkje inviterte til minnemarkeringa for D-dagen, trass i at Sovjetunionen var alliert med USA og Frankrike under Andre verdskrig og mista titals millionar menneskeliv. Biden nytta hendinga til å sanke støtte til NATO sin proksykrig i Ukraina og kalla den russiske presidenten, Vladimir Putin, for ein «tyrann».
«Vi kjenner dei mørke kreftene som desse heltane kjempa mot for 80 år sidan. Dei svinn aldri,» sa Biden. «Her i Europa ser vi eit skarpt avteikna døme. Ukraina har blitt invadert av ein tyrann som er oppsett på dominans.»
Biden erklærte og at NATO var den «største militæralliansen i verdshistoria» og ramma inn proksykrigen i Ukraina som ein kamp for «demokratiet» trass i at Ukrainas president Volodymyr Zelensky avlyser val og held på makta sjølv om presidentperioden hans er over.
«La oss vere den generasjonen som, når historia blir skriven om vår tid – om 10, 20, 30, 50, 80 år – det vil bli sagt: Då augeblinken kom, møtte vi augeblinken. Vi stod sterkt opp. Alliansen vår vart gjort sterkare. Og vi redda demokratiet i vår tid og,» sa Biden.
Talen til Biden kom kring ei veke etter at han gav Ukraina grønt lys til å bruke USA-forsynte missil til å angripe russisk territorium, ei betydeleg eskalering som risikerer å tenne Tredje verdskrig. Putin har åtvara om «alvorlege konsekvensar» for NATO-land som støttar angrep på Russland.
Den franske presidenten, Emmanuel Macron, førebur ei ny svær eskalering av proksykrigen. Ifølge ein Reuters-rapport skal den franske presidenten i møte med Zelensky på fredag, og kan då kome til å kunngjere utplassering av franske troppar i Ukraina for å trene ukrainske soldatar. Russland har åtvara om at franske instruktørar i Ukraina vil vere legitime mål.
Omsett av Monica Sortland
Redaksjonen har lagt til bilde m/tekst
Forsidebilde: Lexica