Derimot: I Australia øker tilfellene med brå dødsfall. Dr. Peter McCullough krever gransking av dette dødelige fenomenet.

Derimot.no

derimot.no:

I Australia øker tilfellene med brå dødsfall.

Kardiolog krev at Australias tilfelle av brå, uforklarte dødsfall må granskast straks

Dr. Peter McCullough krev at det straks skal settast i verk nærare undersøkingar av den plutselege auken i dødsfall med ukjend årsak etter COVID-19-vaksinen.

av Avi Yemini 

Det hastar med å få undersøkt auken i det såkalla ‘sudden death syndrome’, brå død med ukjend dødsårsak. Det har kardiologen Peter McCullough gjentatt under ei rekke tilstelningar langs austkysten av Australia denne veka. 

«Når unge folk får hjartestans, er årsaka kjend – eller den var det i alle fall før Covid dukka opp. Det som er ekstremt urovekkande no i (Covid-)vaksine-æraen, er at det skjer brå død utan forklaring, sa han.

«Vi bør aldri godta at nokon som har døydd etter å ta vaksinen får dødsårsaka erklært som ’ukjent’.»

Dr. Peter McCullough

Den US-amerikanske hjartespesialisten sa han trudde vaksinen gjorde folk meir mottakelege for ulike hjarteproblem.

«Det er heilt klart noko som treng nærare gransking,» sa han.

I Australia blir folk no eksponert på to måtar – både av viruset og vaksinen. Dei fleste australarar tok vaksinen først, og fordi den ikkje fungerte, fekk dei Covid på toppen av den – så dei har blitt eksponert for pigg-proteinet til koronaviruset fleire gongar.

«Vi veit at [mRNA-]vaksinen eksponerer kroppen for langt fleire pigg-protein enn sjukdommen Covid gjer.»

’Turnéen’ til McCullough var sponsa av United Australia Party (UAP), og han heldt sine talar på Covid-19 Vaccination Conference-arrangement i Brisbane, Sydney og Melbourne.

Kardiologen avviste medieskildringar av han som «kontroversiell»:

There’s «Det er ikkje nokon kontrovers om dei medisinske sanningane, og ikkje ein einaste australsk doktor har utfordra noko av det eg har sagt,» fortalde han til Rebel News.

United Australia Party-senator Craig Kelly sa massemedia «nekta å ta imot pengane våre» til annonsar om tale-turnéen.

Men dét hindra ikkje at billettane til arrangementa vart raskt utselde.

UAP-senator Ralph Babet sa: «Vi har legar som gjerne vil høyre sanninga, vi har folk som er vaksineskadde, men viktigast av alt: vi har folk som kjem for å høyre noko dei ikkje har høyrd dei siste to av tre åra – sanninga.»

Fritt omsett av Monica Sortland

Henta frå https://www.rebelnews.com/cardiologist_demands_urgent_investigation_into_sudden_australian_deaths?utm_campaign=ay_drmccullough021523&utm_medium=email&utm_source=therebel

18 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 18 ganger.

Post Views: 42

Les artikkelen direkte på derimot.no