Derimot: I Afrika ble svært få vaksinert mot Covid. Likevel slapp de unna sykdommen.

derimot.no:

Analyse avDr. Joseph Mercola

den 12. januar, 2023

Ei kort oppsummering:

  • Det er klare motsetningar mellom Verdshelseorganisasjonen (WHO) sine direktiv om behovet for COVID-sprøyter i Afrika og den faktiske situasjonen der.
  • WHO ber framleis alle land om å gi COVID-stikket til minst 70% av befolkninga si, og åtvarer om at utviklingsland er i alvorleg fare på grunn av låg stikk-rate. Men det har gått langt betre for Afrika, der mindre enn 6% av befolkninga er stukke, enn det har gjort for land med høg injeksjonsrate. Ei storskala-gransking i Uganda viser at COVID ikkje lenger er eit klinisk problem.
  •  Variantane har og blitt mildare (mindre patogene) med kvar endring. Likevel åtvarer WHO om at nye variantar kan skape «svære bølger av alvorleg sjukdom og død i befolkningar med låg vaksinasjonsdekning».
  • Det manglande samsvaret mellom prioritetane til WHO og kva som faktisk skjer i Afrika, kan forklarast om ein ser på fokuset til WHO si ’Katastrofal smitte’-øving. Denne fokuserte på å trene opp dei afrikanske leiarane i å følge pandemi-manuset. WHO treng nye pandemiar for å rettferdiggjere pandemi-pakta si, som vil gi organisasjonen einevelde med omsyn til å diktere mottiltak, og dei treng å eliminere den afrikanske kontrollgruppa som viser at COVID-»vaksinane» gjer meir skade enn gagn.
  •  WHO har i tillegg intensjonar om å implementere klima-nedstengingar straks dei får makta til å gjere det. Til det føremålet har WHO-direktøren for miljø og helse føreslått å kombinere helse- og klima-spørsmål.

I videoen over tar den pensjonerte sjukepleiarlæraren John Campbell, Ph.D., for seg motsetninga mellom WHO sine direktiv om COVID-sprøytebehov i Afrika og den faktiske situasjonen der.

Så seint som den 12. desember, 2022, ba WHO framleis alle land sørge for å gi minst 70% av befolkninga COVID-sprøyta.1 Opprinneleg deadline for å oppfylle denne terskelen var i midten av 2022, men i juni 2022 hadde berre 58 av 194 medlemsstatar nådd dette målet.2

WHO seier forsyningar av sprøyter, teknisk støtte og finansiell støtte mangla den første tida av injeksjonskampanjen, men at desse problema no er løyste. Altså kan alle land no greie å nå målet på 70%.

Låge sprøyteratar truar låginntektsland, påstår WHO

Den overhengande utfordringa no er å administrere skota, å «få skot inn i armar».3 For å få til det, føreslår WHO å integrere COVID-19-injeksjonstenester «med andre immuniseringstenester og side om side med andre helse- og sosiale intervensjonar». Dette, seier dei, vil maksimere verknaden og «bygge langsiktig kapasitet».

WHO legg også vekt på at «Ettersom folks risikopersepsjon av viruset blir mindre, må ein omhyggeleg tilpasse planane for risiko-kommunikasjon og samfunnsengasjement for å auke kravet om vaksinasjon.» For å sikre at også låginntektsland blir med på å nå 70%-målet, lanserte WHO også «Leveransepartnarskapen for COVID-19-vaksinar» (COVID-19 Vaccine Delivery Partnership) i januar 2022.

Dette er ein internasjonal innsats «for å intensivere støtta til landas beredskap og leveranse» i 34 land med lågt COVID-sprøyteopptak. Blant partnarane finn vi UNICEF, Gavi og Verdsbanken. Ifølge WHO:4

«Trass i aukande suksess sidan lanseringa i januar 2022, har låg- og middelinntektsland vanskar med å få til ei kvalitativ endring i vaksinasjonsratane.

Dette representerer ein alvorleg trussel for den skjøre økonomiske oppgangen, inkludert på grunn av risikoen for at nye variantar skal skape svære bølger av alvorleg sjukdom og død i befolkningar med låg vaksinasjonsdekning.

Det betyr og at å akselerere leveransane av andre COVID-19-verktøy og -behandlingar er ein avgjerande viktig prioritet for å hjelpe verda bygge opp fleire lag av forsvar mot viruset. Samverkande og presserande handling frå land, internasjonale partnarar og byrå, ved sidan av finansministrar frå G20-landa, må til for å auke vaksinasjonsnivåa og framskunde tilgangen.»

Kort sagt er WHO verkeleg uroa for at land med låg COVID-sprøyterate vil lide, med mindre dei når eller overgår målet om å stikke 70% av innbyggarane sine. Men kva er den uroa basert på? I alle fall ikkje den verkelege verda.

Framstillinga til WHO strir mot situasjonen i den verkelege verda

Afrikanerne slapp unna koronaen selv om får var vaksinerte.

Utsegnene til WHO motseier ei rekke situasjonar i den verkelege verda. Til å byrje med: medan industriland med høg sprøyterate kjempa med COVID-19 gjennom store delar av 2021 og 2022, så unngjekk Afrika denne lagnaden, trass i ein-sifra sprøyteratar.

Vitskapsfolk seiest sjå det som eit mysterium at det gjekk så bra med Afrika, men dei ignorerer fullstendig data som viser at di fleire COVID-sprøyter ein får, desto høgare risiko har ein for å få COVID og ende opp på sjukehus.

Over det siste året har forskarar åtvara om at COVID-sprøytene ser ut til å dysregulere, og faktisk øydelegge, immunsystemet til folk, slik at dei blir sårbare ikkje berre for COVID, men også for andre infeksjonar.5 Då er det logisk at Afrika, med sin låge injeksjonsrate, ikkje blir plaga med COVID-tilfelle som har oppstått på grunn av dysfunksjonelle immunsystem.

For det andre har variantane blitt mildare (mindre patogene) med kvar endring, om enn meir infeksiøse (smittsame, d.v.s. dei spreier seg lettare). Så korfor er WHO uroa over «risikoen for at nye variantar skal skape svære bølger av alvorleg sjukdom og død i befolkningar med låg vaksinasjonsdekning»? Kva er den «risikoen» basert på?

Og med COVID-infeksjonar som blir stadig mildare, og som har hatt ei dødelegheit på liknande eller lågare nivå enn influensa6,7,8,9,10 heilt sidan midten av 2020 seinast, korfor er det framleis ein «avgjerande viktig prioritet» å akselerere opp leveransane av COVID-behandling?

La meg minne om ein studie (fullført den 2. september, 2020, publisert i Annals of Internal Medicine januar 2021) som fann at den totale ikkje-institusjonaliserte dødelegheita (infection fatality ratio, IFR) for COVID var på berre 0,26%. For folk under 40 år var dødelegheita på berre 0,01%. Samtidig er den estimerte dødelegheita for sesonginfluensa på 0,8%.11

Rapport frå Uganda

Campbell siterer vidare frå ei storskala-spørjeundersøking utført av ein samfunnshelsepartnar i Uganda, der legar, sjukepleiarar og helsetenestemenn over heile landet svara at «eigentleg såg dei ikkje COVID lenger,» seier han.

Dei får ikkje sprøyta, og dei blir heller ikkje testa for COVID. Det er ikkje behov for det, for ingen blir COVID-sjuke – i det minste ikkje så sjuke at dei treng legehjelp.

Styresmaktene i Uganda har til og med slutta å publisere retningslinjer for COVID. Slik dei ser det, er pandemien over. Det synspunktet ser ut til å vere det vanlege også i andre afrikanske land. I ein slik situasjon, er det verkeleg eit presserande behov for å stikke 30 millionar menneske i Uganda mot ein sjukdom dei ikkje blir sjuke av?

Det Uganda verkeleg treng, er behandling mot malaria, myggnett, reint drikkevatn og antibiotika. «Det verkar vere prioritetane der,» seier Campbell. Så, kva er det med den tydelege mangelen på samanheng mellom prioritetane til WHO og det som faktisk skjer i område med låg COVID-stikkrate? Nokre hint får vi frå WHO-øvinga Catastrophic Contagion exercise12,13 .

Samanhengsmangelen avslører WHOs sanne intensjonar

Den 23. oktober, 2022, var WHO, Bill Gates og Johns Hopkins vertskap for ei global-utfordring-øving kalla «Catastrophic Contagion»,14,15  (Katastrofal smitte), som involverte utbrot av eit nytt patogen kalla «severe epidemic enterovirus respiratory syndrome 2025» (SEERS-25).

Det er talande at denne skrivebordsøvinga var fokusert på å få dei afrikanske leiarane involvert og opptrente i pandemi-manuskriptet. Blant deltakarane var det 10 noverande og tidlegare helseministrar og høge helsetenestemenn frå Senegal, Rwanda, Nigeria, Angola og Liberia. (Representantar frå Singapore, India og Tyskland, pluss Gates sjølv, var også til stades).

Afrikanske nasjonar avveik oftare enn andre frå manuset under COVID-pandemien, og følgde ikkje i fotstega til industriland når det galdt å pushe COVID-sprøytene. Som resultat har no vaksineprodusentane det problemet at dei har ei kolossalt stor kontrollgruppe, ettersom COVID-stikk-opptaket på det afrikanske kontinentet var på berre 6%.16

Dei har inga fornuftig forklaring på korleis og korfor Afrika enda opp så mykje betre enn industriland med høge COVID-sprøyte-ratar når det gjeld COVID-19-infeksjonar og -relaterte dødsfall.17

WHO treng desperat å kvitte seg med denne kontrollgruppa, så dei hankar inn afrikanske leiarar og trener dei opp i korleis dei skal pushe vaksinering på brei front ved hjelp av WHO si «debattoppskrift». Dette trur eg er den einaste grunnen til at WHO framleis snakkar om COVID-19 som noko katastrofalt.

WHO treng nye pandemiar for å sikre maktovertakinga si

WHO trenger pandemier for å sikre seg kontroll.

Det er no tydeleg at «biotryggleik» er metoden som den globalistiske klikken har vald seg ut til forløpar for verdsregjeringa si. WHO arbeider med å sikre einevelde over pandemiresponsen globalt gjennom si internasjonale pakt pandemic treaty , som ,viss den blir implementert, vil utslette medlemsnasjonane sin suverenitet.

Pandemi-pakta til WHO er eigentleg inngangen til eit globalt, topp-ned, totalitært regime. Men for å sikre den makta, vil dei trenge fleire pandemiar. COVID-19 aleine var ikkje nok til å få alle ombord med ei sentralisert pandemirespons-eining, og det visste dei truleg frå starten av.

Så grunnen til at vi kan vere sikre på at det vil kome fleire pandemiar – enten fabrikkerte, ved hjelp av frykt og opphausing, eller eit reelt biovåpen skapt for dette føremålet – er at overtakingsplanen, også kalla The Great Reset, er basert på det premisset at vi treng global biotryggleiksovervaking og ein sentralisert respons.

Biotryggleik er rettferdiggjeringa for eit internationalt vaksine-pass, som G20 nyleg melde seg på til,og det passet vil også bli din digitale identifikasjon. Den digitale ID’en vil så bli knytt opp til poenga dine for sosialt omdøme, din personlege karbon-avtrykk-sporar, pasientjournalen, vitnemåla, arbeidsrelaterte papir, åtferd på sosiale medium, kjøpa du har gjort, bankkontoane dine og ein programmerbar «sentralbank-digitalvaluta» (central bank digital currency, CBDC).

Så snart alle desse bitane har blitt fullt ut samankopla, vil du vere i eit digitalt fengsel, og den herskande klikken – enten det blir ei offisiell verdsregjering eller ikkje – vil ha den fulle kontrollen over livet ditt, frå vogge til grav.

Pandemipakta til WHO er det som set igang denne kjeda av hendingar, for den vil gi makta til å implementere vaksinepass globalt straks pakta er signert. WHO vil og ha makta til å gjere vaksinering obligatorisk, standardisere helsevesen og utstade reiserestriksjonar.

Denne pakta vil sannsynlegvis bli godkjent i år, noko som betyr at WHO enten vil måtte trappe opp COVID-narrativet igjen, eller skifte til ein ny pandemi for å rettferdiggjere denne typen tiltak.

Pandemipakta betyr døden for fridommen i verda

Det er viktig å innsjå at pandemipakta til WHO radikalt vil endre dei globale maktstrukturane og frårane deg nokre av dine mest grunnleggande rettar og fridommar. Den er eit direkte angrep på suvereniteten til medlemslanda til WHO, og eit direkte angrep på din kroppslege autonomi.

Når den blir signert, vil alle medlemsnasjonane måtte lyde WHOs diktat. Viss WHO seier at alle personar på planeten treng eit vaksinepass og ein digital identitet som bevis for at ein er vaksinert, så er det dét alle landa vil bli tvinga til å innføre, sjølv om folket, med bruk av demokratiske prosessar, har avvist slike planar.

Det er også grunn til å mistenke at WHO har til hensikt å utvide sin suverene leiarskap til kvar nasjons helsesystem, og til sist implementere eit universelt eller «sosialistisk-liknande» helsesystem som del av Den store nullstillinga (The Great Reset). WHOs generaldirektør Tedros har før sagt at hans «sentrale prioritet» som generaldirektør for WHO er å presse verda fram imot universell helsedekning.18

Prediksjon: Klima-lockdowns blir det neste som kjem

Med tanke på at WHO endra definisjonen sin av «pandemi» til «ein verdsomspennande epidemi av ein sjukdom»,19  utan den opprinnelege spesifiseringa av alvorleg sjukdom som forårsakar høg dødelegheit,20,21  så kan bortimot kva som helst tilpassast til å fylle pandemi-kriteriet. Det betyr at dei, så snart dei har kome til makta, ikkje treng å sette sin lit til berre patogene truslar.

Dei vil også kunne erklære ein global pandemi for ikkje-smittsame truslar, til dømes global oppvarming. Ei slik erklæring ville så la WHO omgå lover som er til for å bevare fridommen vår, og la tyranniske tiltak som nedstengingar og reiserestriksjonar bli implementerte.

Omgrepet «klimanedstenging» har faktisk allereie blitt offentleg lufta ved fleire høve.22 The Pulse skriv:23

«Klimanedstengingar» og andre restriksjonar vil bli ramma inn som berging av Jordas folk frå seg sjølve. Kven skulle nokon gong vere ueinige med slike tiltak når dei kjem under dekke av velvilje?

Slik vi såg med COVID-fullmakter, vil klima-fullmakter – om dei nokon gong blir realiserte – bli promoterte som ekstremt edle og nødvendige tiltak. Dei som er ueinige og presenterer bevis for at slike tiltak ikkje er nyttige eller effektive, men i staden forårsakar skade, vil mest sannsynleg få munnkorg, bli sensurerte og gjort til latter…

Korleis ville ei klimanedstenging sjå ut? Vel, om eit slikt initiativ skulle finne stad, ville regjeringar skjere ned på eller forby konsumet av mange matvarer. Dei ville forby eller avgrense bruk av private køyretøy, eller sette grenser for kor langt ein får køyre med bensinbil eller kanskje og med fly.

Heimekontor kunne til sist bli den permanente norma dersom spesielle karbon-avgifter vart innført. Slike avgifter kunne leggast på selskap, avgrense køyre- eller flylengd, og utvidast til å gjelde også individuelle tilsette… Skular, særleg dei som er tungt påverka av lærarforbund, kunne innføre faste ’berre-online-dagar’.»

Offisielle tenestemenn i ulike land har føreslått klimanedstengingar

Som The Pulse skriv, har fleire offisielle tenestemenn rundt om i verda uttalt støtte til tanken om klimanedstengingar. Dei ignorerer fullstendig dei øydeleggande verknadane som COVID-nedstenginganne allereie har hatt. Dette viser berre at nedstengingane aldri hadde noko med folkehelsa å gjere, og vil heller aldri ha det.

Blant klimanedstengingsentusiastane finn vi Tysklands helseminister Karl Lauterbach, som i desember 2020 proklamerte at å gjere noko med klimaendringa vil kreve restriksjonar på den personlege fridommen, lik dei som vart innførte for å «flate ut COVID-kurva».24

Den britiske økonomi-professoren Mariana Mazzucato er ein annan forkjempar for klimanedstengingar som i september 2020 åtvara om at «I nær framtid kan verda måtte ty til nedstengingar igjen – denne gongen for å takle ei klima-krise.»25

Og så har vi utsegnene til Bill Gates26 og Raudekrossen,27 som begge i 2020 påstod at klimaendringane utgjer ein større trussel mot menneskeslekta enn COVID, og må bli konfrontert med same kriseberedskap og løysingar. Verdsøkonomisk forum (WEF), FN og WHO har og publisert artiklar som slår fast intensjonane deira om å «kjempe mot klimaendringane» ved å stenge ned samfunnet.28

I «How to Fight the Next Threat to Our World: Air Pollution» (Korleis bekjempe den neste trusselen mot verda vår: luftforureining), publisert av WEF29 med direktøren for WHOs Miljø- og helsedepartement som medforfattar, blir det føreslått at helse- og klimasaker skal slåast i hop til eitt:

«Vi kan konfrontere desse krisene meir effektivt og rettferdig dersom vi handsamar dei som ei og same sak – og fostrar støtte over alle dei økonomiske sektorane … COVID-19 haprova menneskeslekta si innebygde evne til å reise seg og handle for å verne om helsa til våre mest sårbare folk. Vi må gjere det same med luftforureininga.»

Hugs det eg nemnde: viss WHO får einevelde over den globale helsa, så vil ein kombinasjon av helse og klima-saker automatisk gi WHO makta til å innføre klimanedstengingar. Somme hevdar at klimanedstengingane allereie har byrja,30 når dei tilfeldig skrur av straumen til folk, sjølv om det ikkje er straumavbrot – ei slags sakte igangkøyring av å få folk til å godta at lysa ikkje alltid vil skru seg på.

At WHO vil hoppe på sjansen til å implementere klimanedstengingar kan også lesast i WHOs Manifestofor a Healthy Recovery From COVID-19, som slår fast:31

«’Lockdown’-tiltaka som har vore nødvendige for å kontrollere spreiinga av COVID-19 har seinka økonomisk aktivitet og forstyrra liv – men har og gitt nokre glimt av ei mogleg lysare framtid.

På nokre plassar har luftforureiningsnivåa falle i så stor grad at folk har pusta rein luft, eller har sett blå himmel og klart vatn, eller har kunna gå og sykle trygt med barna sine – for første gong i liva sine.

Bruken av digital teknologi har akselerert nye måtar for arbeid og tilknytning til kvarandre, frå å redusere tid brukt på pendling til meir fleksible måtar å studere på, til fjernmøte med legen, til å bruke meir tid med familien.

Opinionsmålingar frå rundt om i verda viser at folk ønsker å verne miljøet og bevare det positive som har oppstått av krisa, medan vi kjem oss på beina att …

Avgjerder som blir tatt under dei komande månadane kan enten «låse inn» økonomiske utviklingsmønster som vil gjere permanent og eskalerande skade på dei økologiske systema som ivaretar menneskas helse og livsgrunnlag, eller – om tatt med klokskap – kan promotere ei sunnare, meir rettferdig og grønare verd.»

Dette manifestet legg også ut om mange andre aspekt ved Den store nullstilling-agendaen, inkludert smarte byar, reiserestriksjonar, nye matsystem, ein fullstendig overgang til grøn energi og meir. Men igjen, det som verkeleg vil forrenkle alle desse endringane, er å få ein sentralisert maktbase, og det er WHO.

Kva kan du gjere?

Å stoppe WHOs pandemipakt vil bli vanskeleg, for møtet deira (World Health Assembly) vil kanskje ikkje godta kommentarar frå folk før dei tar avgjerdene sine. Din beste sjanse no er å ta eit abonnement på nyheitsbrevet til World Council for Health (WCH).

Sist World Health Assembly møttest for å diskutere pakta, la WCH ut lenker og instruksjonar for korleis ein skulle sende inn kommentarane sine. Du kan  abonnere nedst på sida her, eller på  WCH siheimeside. Eg og CHD vil også dele detaljar viss dei blir tilgjengelege, så du kan få eit tidleg varsel ved å abonnere på nyheitsbreva våre.

I fråvære av instruksjonar kan du kontakte din respektive delegasjon og be om at dei går imot pakta. Ei liste med US-amerikanske delegatar kan finnast i James Roguski sin Substack-artikkel «Speaking Truth to Power

For kontaktinformasjon for andre lands delegatar, vil eg føreslå at du kontaktar regionskontoret og ber om ei liste (sjå «Regions» i den blå seksjonen i botnen av nettsida til World Health Assembly)

Omsett av Monica Sortland

https://articles.mercola.com/sites/articles/archive/2023/01/12/why-has-covid-spared-africa.aspx

Forsidebilde: MARIOLA GROBELSKA

23 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 23 ganger.

Post Views: 53

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...