Derimot: Hvordan skape tillit? Ikke ved å bukke og skrape for EU. – Derimot

derimot.no:

Tillit?

Av Svein Grødaland

Støre har snakka om tillit. Tillit er eit lån, gitt frå folket i heile landet. Det lånet skal betalast tilbake med politikk som skal merkast i kvardagen (til det bedre, får me vona).

Så snakka han om reformer som skal frigjera ressurser. Frigjera ressurser er eit anna ord for effektivisering.

For å seia det rett ut: Eg har ikkje tillit til at Støre meiner eit ord av dette. Når EU kjem med direktivene sine, står han der, bukkar og tek imot. Liten vilje til å stå opp for norske interesser. Ågerpris på elektrisitet er på ingen måte gløymt. Sjølv med den såkalla norgesprisen, har me eit regime som er styrt frå Brüssel, ikkje frå Oslo. Prisen på elektisitet er framleis godt over kostpris.

Eg har ikkje tru på Støre sine reformer. Han vågar ikkje å seia kva som skal reformerast. Kanskje han skulle starta rett utanfor eigne dører: Effektivisera departementet. Kor mange arbeider i departementet: Vonde tunger påstår at det er halvparten. Kva med alle direktørane som har fått jobb i kjølvatnet av EU-direktiv og rasering av instanser som post og jernbane. Dei er knapt meir enn grovt overbetalte kontorsjefar. Jernbanen har fått eit dusin direktørar. Og posten skal berast ut av konkurreransde firma, med det resultatet at posten ikkje lenger kan bera ut post kvar dag. Talet på pakkar har visst aldri vore større.

Eg er freista til å tru at direktorat og departement er meint å vera karriereveg og sysselsetjing for ungdom som har klart å slita seg gjennom gymnaset, orsak, katastrofen «vidaregåande».

***

Eg ser fram til at Senterpartiet gjer alvor av å plassera seg på vippen, røysta med den som har det mest fornuftige forslaget, eller berre røysta mot dei dårlege ideane. Av alle parti på Stortinget i dag, er Senterpartiet min favoritt. Eg har stor tillit til at dei vil leva opp til sitt rykte om å vera pragmatikarar, som heller lyttar til fornuften framfor unødvendige reformer.

Herr Støre skal verkeleg få røyna kva Per Borten meinte med å bera sprikande staur. Koalisjonen Raudt, SV og Sp spriker minst like mykje som på den andre sida av politiske delestreken, ein strek som kan få ein del hol i åra som kjem.

Innlegget er hentet fra Politikus

Forsidebilde: KI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar