Derimot: Hvordan kan Israel slå Hizbollah når de ikke klarer Hamas? Israel vil invadere Sør-Libanon. – Derimot
derimot.no:
Israel driv fullskalakrig i Libanon
av Larry C. Johnson
Israel har blitt åtvara, og leiarane der har tydelegvis bestemt seg for å ignorere åtvaringane. Galskap! Eg har trent og arbeidd saman med israelarar – ikkje så mykje – og lært at mange av leiarane deira innan militær og etterretning utmerkar seg i arroganse og overmot. Når eg kursar US-amerikanarar i skytevåpen, er haldning den desidert viktigaste karakteristikken. Eg kan lære bort kunnskap og dugleik, men viss elevane kjem med ei kan-alt-haldning, er opplæring bortkasta. Slik er Israel – dårlege haldningar. Og det igjen resulterer i kunnskapsmangel og mangelfull dugleik og hasardiøs risikotaking.
Ei gruppe Washington Post-reporterar leverte siste oppdatering om Israels intensjonar:
«Israelske topptenestemenn som møtte ein av Det kvite hus’ seniorrådgivarar, åtvara om at det vil bli nødvendig med militær aksjon for å la tusentals innbyggarar dra tilbake til heimane sine langs Israel si nordgrense mot Libanon.
Statsminister Benjamin Netanyahu fortalde Amos Hochstein, som var i Israel på måndag for å prøve å deeskalere
spenningane mellom Israel og Hizbollah, at Israel sette pris på støtta frå USA, men til sist ville «gjere det som er nødvendig for å verne om sikkerheita og returnere innbyggarane i nord trygt til heimane sine,» ifølge ei melding frå Netanyahus kontor.
I ei kunngjering tidleg på tysdag, sa også Israels sikkerheitskabinett at dei oppdaterte sine mål for krigen til å inkludere «å returnere innbyggarane i nord strygt til heimane sine,» og signaliserte med det ein ekspansjon av dei offisielle måla som opprinneleg fokuserte på å eliminere Hamas og returnere gislane som vart tatt den 7. oktober.»
Det er viktig å forstå kva dette betyr. For å sikre nord-Israel, vil Dei israelske okkupasjonsstyrkane (IOF) måtte invadere sør-Libanon og kaste ut Hizbollah. La det synke inn. Den same israelske styrken som har feila i å knuse oppstanden i Gaza etter 11 månadar med nedslakting av sivile i ein skala Israel aldri før har sett, skal no våge seg inn i sør-Libanon, der Hizbollah har reist enorme forsvarslinjer som er knytte ihop med kvarandre.
Israel prøvde og feila med eit liknande oppdrag mot Hizbollah i 2006. Berre at den gongen var Hizbollah mindre førebudde, hadde færre kamptrente soldatar og hadde beskjeden tilgang på rakettar, granatar og missil samanlikna med det dei no har. Og Hizbollah har noko dei ikkje hadde i 2006 – dronar. Og, det heldt eg på å gløyme, Hizbollah skal også ha luftvernsystem som er i stand til å skyte ned IOF sine kampfly. Kort sagt har Netanyahu bestemt seg for å gå laus på kvepsebolet. Eg er redd dette er i ferd med å bli verkeleg ille.
Som eg skreiv i går – og nokre av dykk var ueinige – er Israel sitt terroristangrep i Libanon, i går og i dag, der dei brukte eksploderande personsøkarar, eit tydeleg teikn på desperasjon. Israelske tenestemenn fortalde vestlege reporterar at dei opprinneleg hadde tenkt å bruke denne taktikken i starten av invasjonen av Libanon, men at frykt for at operasjonen hadde blitt kompromittert hadde fått dei til å tjuvstarte. Det er det eg meiner med desperasjon. I staden for å utføre ein elektronisk versjon av Pearl Harbor, fekk Israel noko som likna meir på prematur utløysing. I staden for å ta Hizbollah på senga, avslørte Israel planane sine og sikra at Hizbollah-kommandantane får førebudd seg på kampen. Berre endå eit døme på arrogansen og hybrisen som infiserer det israelske leiarskapet.
Eg la tidlegare i dag ut ein live stream der eg kommenterte verknadane av personsøkar-sabotasjen/-bakhaldsangrepet. Sjølv om det var eit utruleg smart, sofistikert angrep, var det i beste fall ein slags Pyrrhos-siger. Sjølv om Israel ikkje sjølv tok noko tap, har dei med dette angrepet sikra at Hizbollah vil stå klar og vente på dei på slagmarka, der Israel sannsynlegvis vil bli påført kolossale tap. Og la oss ikkje gløyme at Hizbollah ikkje kjem til å kjempe aleine.Houthiane og Iran vil kanskje og ha ein finger med i spelet, og Israel kan brått oppdage at dei er i kamp mot både Hizbollah, Jemen og Iran, side om side med opptrappa angrep frå Hamas og andre palestinske grupper i Gaza og på Vestbanken. Dette kunne raskt gå over i ein fem-frontskrig. Eg tvilar seriøst på at Israel kan gjere seg gjeldande i ein slik konflikt. Vi får sjå.
*
Eg takkar dykk for den uvurderlege støtta de gir ved å ta dykk tida til å lese eller kommentere. Eg tar ikkje betalt for abonnement, og eg godtar heller ikkje reklamefinansiering. Eg vil at innhaldet skal vere tilgjengeleg for alle som er interesserte i sakene eg diskuterer. Men viss du vil bidra med ein donasjon, treng du berre følge denne linken.
Larry Johnson
Omsett av Monica Sortland
https://sonar21.com/israel-commits-to-full-scale-war-in-lebanon/
Forsidebilde: iStock