Derimot: Hvor mye bruker USA på Ukrainakrigen? En stor del av pengene går til USAs krigsindustri. – Derimot

derimot.no:

Det er greit å vite dette. USAs befolkning betaler for dette gjennom svekket levestandard og Ukrainas befolkning betaler dette med et fryktelig antall drepte og skadete mennesker.

Krigsindustrien og dens aksjonærer spekulanter er de som tjener på dette, bl.a. en tidligere norsk statsråd. Det er sikker også andre fremtredende personer (f.eks. politikere) i Norge som har øonomisk glede av å holde denne krigen gående.

Knut Lindtner
Redaktør

Pentagon avslører kor mykje bistand til Ukraina totalt kostar

Russia Today (RT) rapporterer:

Den amerikanske Kongressen har øyremerkt 182,99 milliardar dollar til Ukraina sidan byrjinga på Russlands militæroperasjon i februar 2022, ifølgje ein rapport frå Pentagons generalinspektør som vart offentleggjort på torsdag [14.november 2024].

Av den totale mengda har rundt 131,36 milliardar blitt retta mot tryggleiksrelaterte aktivitetar. Dette inkluderer 46,51 milliardar øyremerkt for auka amerikansk militær-tilstadevering i Europa, og 45,78 milliardar for å erstatte våpen forsynt til Ukraina. I tillegg har 43,84 milliardar blitt sett av til statsstyre-program, som inkluderer lønningar for ukrainske offentlege tenestepersonar, medan 4,08 milliardar har blitt sett av til humanitær assistanse.

USA har forsynt Ukraina med ein bråte med militært utstyr, inkludert køyretøy, ammunisjon, våpen, artilleri og øydeleggingsutstyr. Hjelpepakkane har spesifikt inkludert Bradley kampkøyretøy, som ukrainske soldatar har byrja å føretrekkje i staden for Abrams-stridsvogner på grunn av farten og evnene deira på slagmarka, står det i rapporten, som legg til at amerikanske vedlikehaldsekspertar held fram å tilby fjernstøtte for dette utstyret via trygge kommunikasjonskanalar.

Det amerikanske Byrå for internasjonal utvikling (USAID) har sett av 3,9 milliardar i øvrig støtte til Ukraina på budsjettet, som er del av ein større sum på 7,84 milliardar som vart godkjent i april 2024. Dette budsjettet enkeltgjer noverande statlege operasjonar og forsyning av grunnleggjande tenester i Ukraina. Finansieringa dekkjer lønningar for sivile tenestepersonar og skuletilsette, assistanse for internt omplasserte personar, støtte for familiar med låg inntekt, so vel som subsidiar for bustader, straum, vatn og andre ting.

Medan administrasjonen til den amerikanske presidenten Joe Biden har halde på lovnaden sin om å kome med finansiell og militær støtte til Ukraina «so lenge som det krevst» oppi konflikten mot Russland, har bekymringar reist seg angåande den potensielle effekten sigeren til den valde president Donald Trump i valet vil få på framtidig militærhjelp.

Tidlegare denne veka slo Trump fast at administrasjonen hans vil arbeide nøye for å løyse konflikten, og la vekt på behovet for å hindre fleire blodbad.

Russiske tenestepersonar har karakterisert konflikten som ein stadfortredarkrig sett i gang av Vesten mot Russland, og antyda at USA og deira allierte er førebudde på å kjempe «til siste ukrainar». Moskva har som mål å oppfylle sine nasjonaltryggleiksmål i konflikten, uavhengig av den finansielle og militære støtta som blir gjeve til Ukraina.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...