Derimot: Hvis du var djevelen. Hva ville du gjort for å ødelegge Norge innenfra? – Derimot

derimot.no:

Vi kan ikke kontrollere om det som fremkommer her er korrekt for vi vet hverken den nøyaktige ordlyden som er brukt og hvilken KI-den er sendt til. Men problemstillingen er interessant og har mye for seg slik svarene nedenfor forteller. De gir folk virkelig noe å tenke på og bare det er nyttig og viktig. Problemstillingen slik den er presentert virker dessuten upresist formulert, men uansett en morsom sak…

Knut Lindtner
Redaktør

Tidlegare KrF-politikar Truls Olufsen-Mehus, no medlem av Konservativt, spurde nyleg ChatGPT om korleis djevelen ville ha teke over vestleg sivilisasjon dersom han ønskte at vi skulle følgje dei vonde planane hans. Olufsen-Mehus er kjent for å ope dyrke si kristne tru i sosiale media, i tillegg til å engasjere seg stort i samfunnsdebattar rundt verdispørsmål.

Truls Olufsen-Mehus

Han stilte følgjande spørsmål til ChatGPT:

«Hvis du var djevelen og hadde som mål å få den vestlige verden og Norge til å følge dine onde planer, hvordan ville du fått frem for å oppnå det?»

Han fekk av den kunstige intelligensen eit svar på sju nøkkelpunkt. Saksyndig gjengjev dei her i nynorsk språkdrakt, basert på iNyheter si gjengjeving av nøkkelpunkta:

  1. Erosjon av kulturell identitet. Ved å fremje ekstreme individualistiske idear og kontinuerleg kritikk av historisk arv og verdiar, kan folk oppleve ein distanse til sine røter og felles historie. Dette kan skje gjennom å undergrave nasjonale verdiar, distansere folk frå kulturell arv og tru, og erstatte desse med ein flytande global identitet utan sterke fellesskap.
  2. Nedbygging av familieeininga. Familien er grunnlaget for eit sterkt samfunn. Ved å fremje eit narrativ der familien blir sett på som gammaldags og fremje ideen om at fridommen til individet er underordna fellesskapet, kan ein undergrave tydinga til familien. Dette kunne inkludere promotering av lausare familieband og støtte til løysingar som set individet framfor familien.
  3. Relativisme og undergraving av sanninga. Om ein kan få folk til å tru at alt er subjektivt, og at det ikkje finst absoluttar, blir samfunnet lettare å manipulere. Dette kan innebere ein jamn straum av falsk informasjon, forvirring av kjønnsroller og biologiske fakta, og ideen om at alt er «flytande» og kan definerast av individet sjølv, utan høgare sanningar.
  4. Avskaffing av religiøs tru og moralske verdiar. Religion har lenge vore eit anker for moralsk kompass. Å oppfordre til sekularisering, og å framstille religion som utdatert, «undertrykkjande» eller som ei hindring for personleg fridom, kan skape ein avstand mellom folk og trua. Dette vil føre til eit samfunn utan ei felles forståing av rett og gale, og som difor blir meir påverkeleg for raskt skiftande ideologiske trendar.
  5. Materialisme og distraksjon gjennom underhaldning. Få folk til å fokusere på materielle gevinstar og forbruk, og på kontinuerleg underhaldning og stimuli, slik at dei ikkje har tid eller energi til å reflektere over større spørsmål. Forsterk og promoter trenden mot ein kultur basert på forbruk, kortsiktig nyting og underhaldning, i staden for ein som er basert på djuptgåande forståing og meining.
  6. Polarisering og splitting av samfunnsgrupper. Dess meir splitta folk er, dess vanskelegare blir det for dei å samle seg rundt felles verdiar. Å fremje usemje og konflikt mellom ulike samfunnsgrupper kan føre til framandgjering, mistillit, og skape ein atmosfære der samarbeid og samhald blir umogleg. Dette kan skje gjennom identitetspolitikk og fokuset på skilnader framfor fellesskap.
  7. Svekking av utdanningssystemet. Utdanning kan brukast til å forme tankesett. Ei svekking av kritisk tenking og ei overfokusering på spesifikke ideologiske perspektiv kan forme framtidige generasjonar til å bli meir konforme og mindre kritiske til strukturar og autoritetar som kan ha destruktive intensjonar.

Olufsen-Mehus delte desse sju nøkkelpunkta på Facebook-sida si, og har der fått stor respons ifølgje iNyheter. Saksyndig nikkar gjenkjennande til desse punkta, som viser tendensen som faktisk har funne stad i samfunnet over fleire år. Spesielt avskaffing av familien som grunnleggjande eining har i vesentleg grad lykkast. Fødselsraten i vestlege land stuper, spesielt i Noreg, og dei som faktisk får barn ser ikkje ut til å halde saman; er det berre noko eg innbiller meg, eller blir det stadig fleire åleinemødrer i Noreg?

Kvart av punkta fortener kvar sin lange artikkel om kor høgaktuelle dei er i dag. Kunstig intelligens manglar kanskje empati og andre menneskelege kjensler, men dei har ei formidabel evne til å hente inn informasjon og lage ein tekst basert på dette. Av og til tek dei feil so det ljomar, men denne gongen ser dei ut til å ha treft spikaren på hovudet.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Forsidebildet er også KI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...