Derimot: Hvem tjener på avsløringene?Sterk kritikk av Seymour Hersh av John Helmer.

Derimot.no
Derimot: Hvem tjener på avsløringene?Sterk kritikk av Seymour Hersh av John Helmer.

derimot.no:

Hvem tjener på avsløringene?

Det er alltid på sin plass å prøve å undersøke litt bak det åpenbare. Her foreligger en sensasjonell historie fra Seymour Hersh om sprengningen av de russiske gassrørledningene. Konflikten i de medier som skriver om sprengningen, den dreier seg om historien er sann eller ikke.

Men noen har sprengt den ledningen og det skal ikke mye fantasi til for å forstå at USA på en eller annen måte står bak. De få som fortsatt tror det er Russland som har sprengt sitt eget politiske milliardprosjekt for å knytte landet tettere med Tyskland, de som tror det representerer nå en synkende andel. Men det tar tid å svelge det faktum at USA driver med internasjonal terror i mega-klassen. Det krever store mentale justeringer som virkelig smerter.

I innlegget under tar John Helmer kritisk for seg artikkelen til til Seymour Hersh som han ikke mener holder vann. Synspunktene han fremfører er interessante og det viktigste slik jeg vurderer det er hvilke krefter i «The Deep State» som er ute etter å ødelegge den nåværende administrasjonen. Saken kan minne om opptakten til Watergate-saken hvor krefter dypt inne i USAs maktapparat lekket til Washington Post nok gradert materiale til at Nixon måtte forlate Det Hvite Hus i vanære.

Kan Helmers kritikk inneholde en forståelse at at noe lignende er på gang i USA. Vi merker oss at tenketanken RAND sier at krigen i Ukraina må avsluttes umiddelbart. Og vi regner det som meget sannsynlig at det nå er konflikt innad i USAs ledelse om den videre veien fremover. Er Hersh sin avsløringer en del av den maktkampen som nå pågår i USA?

Knut Lindtner
Redaktør

– Dances With Bears – http://johnhelmer.net –

Kva som er gale med Hersh si utgreiing om Nord Stream-angrepa

av John Helmer, Moskva

den 10. februar, 2023
  @bears_with [1]

Seymour Hersh si utgreiing om president Joseph Biden si avgjerd om å øydelegge gassrøyrleidningane Nord Stream i Austersjøen den 26. september, 2022, og korleis USAs marine var involvert i å førebu eksplosiva, er basert på ei einaste anonym US-amerikansk kjelde med det Hersh kallar «direkte kunnskap om prosessen».

Utifrå den fulle teksten i Hersh-utgreiinga [2],   verkar det som om verken kjelda eller Hersh har «direkte kunnskap» om historia om USA-leidde operasjonar for å sabotere og øydelegge røyrleidningane som vart offentleg meir enn eit år før [3];  dei involverte direkte den polske regjeringa og den danske regjeringa. Det er ein utelatingsfeil av Hersh og kjelda hans å ikkje ta omsyn til dei operasjonane og den historia.

Dei to er i tillegg uvitande om rolla til den britiske regjeringa i denne historia, og i den endelege øydelegginga, som vart avslørt offentleg av dåverande statsministerElizabeth Truss til utanriksminister Antony Blinken seksti sekund etter  detonasjonen [4];  og av den russiske regjeringa då dei annonserte [5] sin kjennskap til britanes involvering.

Kjelda og reporteren ser ut til å vere like gløymske om rolla som tyske offisielle tenestemenn spelte i operasjonen, og om historia om tyske krigførande operasjonar mot Russland, som strekk seg tilbake til kanslerAngela Merkel sitt engasjement i NATO-planen for militær intervensjon i austre Ukraina,  etter nedskytinga av Malaysia Airlines Flight MH17 den 17. juli, 2014 [6].  Det angrepet kosta fleire liv og meir krigsstrategisk innsats av USA mot Russland enn Nord Stream-operasjonen gjorde.

Og når det gjeld kostnadar, var dei mykje større for det US-amerikanske angrepet som konfiskerte over 300 milliardar dollar av reservane til Russlands sentralbank, som  kunngjort den 28. februar, 2022 [7]. Hersh antyder, utan å identifisere kjelda si i det heile, at det eksisterte «lovnadar frå USA om å minimere direkte konflikt med Russland»; at fordi Nord Stream-angrepsplanen braut dei «løfta», så var dei etter kjelda si meining enten illegale etter USAs lover, eller brot på operasjonsstandardane til USAs etterretning og militær, eller brot på internasjonale garantiar som USA hadde gitt sine NATO-allierte eller sine russiske mål. Utan forklaring utelet Hersh å be russiske offisielle tenestemenn eller andre med «direkte kunnskap om prosessen» om å stadfeste desse påstandane eller fornekte dei.

Hersh og mannen hans forkastar tyskarane med same ringeakt. Dei rapporterer at «etter ei viss vakling, var [kanslar Olaf Scholtz] no fast på det amerikanske laget si side» i januar 2022, då Nord Stream-angrepsplanen allereie var på veg, seier Hersh, i minst ein månad. Hersh utelet å be noka tysk kjelde – aktiv offisiell, armégeneral, marineadmiral eller pensjonist – om å stadfeste eller forklare.

Teksten til Hersh tyder på at både han sjølv og kjelda hans syns det er god og legal US-amerikansk politikk å kjempe mot Russlands «trussel mot Vestleg dominans [i Europa]», å angripe Gazprom fordi selskapet «er dominert av oligarkar ein veit er underlagt [president Vladimir] Putin»; fordi Nord Stream var eit «verktøy for Vladimir Putin til å gjere naturgassen til eit våpen for sine politiske og territoriale ambisjonar»; og fordi «amerikanarane si politiske frykt [for Putins ambisjonar] var reell: Putin ville no få ei ekstra, og sårt tiltrengt, hovudinntektskjelde, og Tyskland og resten av vest-Europa ville bli avhengige av billig naturgass levert av Russland – og samtidig redusere europeisk avhengigheit av Amerika».

Om det er dette Hersh og mannen hans trur er sanninga, så er det som følger i rapporten deira at ein av dei må lyge, ein av dei forstiller seg.

Var sprengninga av oljeledninga egentlig korrekt hvis de hadde skjedd etter lovene i USA?

Hersh og kjelda hans antyder at det dei hevdar var ein hemmeleg US Navy-operasjon var urett, ikkje fordi USA si krigføring mot Russland var (er) feil, men fordi planleggingsprosjektet med hensikt omgjekk USAs lover som «krev at Kongressen blir informert». Dette var det illegale prosjektet, seier Hersh at kjelda hans seier; det var illegalt fordi det ville kringkaste Bidens og utanriksdepartementet sine offisielle åtvaringar mot Nord Stream […] med den hensikt å fabrikkere legal medverknad for dei involverte, og legalitet for sjølve operasjonen. Fabrikkeringa hadde som mål å forvandle ein «topphemmeleg etterretningsoperasjon støtta av militæret [til noko] dei ikkje lenger etter lova laut rapportere til Kongressen om».

Til å bygge saka si om at denne vesle løyndommen var illegal, og rettferdiggjere den store og opne løyndommen, måtte Hersh og kjelda hans ignorere historia, dei NATO-allierte, og sjølvsagt russarane sine granskingsresultat. Det er enten kynisk kalkulert uærlegheit, eller så er det fantasien til ein amerikansk journalist som gir seg ut for å undersøke, til og med refse, éin regjeringsoperasjon; og samtidig lojalt tene hensikten, ideologien og propagandaen til krigen generelt.

Hersh er don-quijotisk – bortsett frå at denne gongen er gamle Don si lanse broten, han fektar i feil retning, og vindmølla er ein av den US-amerikanske eksepsjonalismen sine fabrikkasjonar, ikkje berre om krigførarane i Washington og Langley, men om journalistane som hevdar å rapportere om dei.

Den offisielle russiske reaksjonen på Hersh sin rapport, har ikkje vore å stadfeste at den er nøyaktig.

Istaden peikar russarane på at om Hersh talar sant eller ei, så blir han ignorert av massemedia i USA og Europa. «Når ein analyserer utsegner som kjem frå USA og Washington, er det viktig at media – ikkje berre russiske, men også utlandske – gjer merksam på denne svært seriøse, og truleg kontroversielle, publikasjonen av herr Hersh om korleis Det kvite hus skal ha vore involvert i og direkte skuldige i å organisere sabotasje- og terroristaksjonen mot kritisk viktig energi-infrastruktur i Austersjøen, nemleg Nord Stream-røyrleidningane … Denne artikkelen har ikkje sirkulert breitt i dei Vestlege media, og det overraskar oss verkeleg,» fortalde Kreml-talsmannen Dmitry Peskov til det statlege pressebyrået TASS.

Dmitry Peskov

Peskov snakka ironisk om alle «utsegner som kjem frå USA og Washington». Ironien var retta mot kjelda til Hersh. Og for Hersh sjølv, la Peskov til: «nokre punkt kan det kome innvendingar mot, og nokre punkt treng bevis». Beviset bør granskast i ei «internasjonal etterforskning», sa han. «Men vi ser det motsette.»

Peskov gjentok [9] at Moskva hadde informasjon «om at anglo-saksarane var involverte i organiseringa av denne sabotasjeaksjonen». Det er ikkje nyheiter.

Den 30. september, fire dagar etter Nord Stream-angrepet, var Putin i Kreml for å signere avtalane som inkorporerteLugansk, Donetsk, Kherson og Saporosja (Zaporozhye) som nye territorium innan Den russiske føderasjonen. «Angel-saksarane trur sanksjonar ikkje lenger er nok, og no har dei tydd til undergraving. Det verkar utruleg, men det er eit faktum – med sprenginga si av Nord Streams internasjonale gassrøyrleidningar som passerer langsmed botnen av Austersjøen, har dei eigentleg gitt seg i kast med å øydelegge heile Europas energi-infrastruktur. Det er tydeleg for alle kven som tener på det. Dei som tener på det, er sjølvsagt dei som har ansvaret [for ugjerninga],» sa Putin [10].

«Slik sjølvsikkerheit er eit direkte produkt av ikkje berre den notoriske eksepjonalismen – sjølv om den aldri sluttar å forundre – men også av den reelle ’informasjonshungeren’ i Vesten. Sanninga har blitt drukna i eit hav av mytar, illusjonar og falskneri, der det blir brukt ekstremt aggressiv propaganda med løgner i stil med Göbbels sine. Di meir utruleg løgna er, desto raskare vil folk tru på den – det er slik dei opererer, i tråd med dette prinsippet.»

Frå venstre til høgre på bildet: Sjefen for Kherson-regionen Vladimir Saldo, sjefen for Saporosje-regionen Jevgeny Balitsky, president  Putin, sjefen for Folkerepublikken Donetsk Denis Pushilin, sjefen for Folkerepublikken Lugansk Leonid Pasechnik. Kjelde: http://en.kremlin.ru/ [10]

Russlands utanriksdepartement følgde opp og skulda på anglo-saksarane den 1. november [11]  og leverte inn ein offisiell protest hos det britiske Foreign Office.

Hersh, hans mann, og kjeldene deira har ikkje mistenkt at angrepet den 26. september hadde samband med folkerøystinga i dei fire territoria og avgjerda som vart tatt av den russiske generalstaben, Stavka, og Putin, som førte til opptakskunngjeringa den 29. september.

I sin opptakstale la Putin til: «Høyr, dette er berre ein masse tøv, reint bedrag, dobbeltmoral og til og med trippelmoral! Dei må tru vi er dumme.» Hersh og kjelda hans har ikkje høyrt etter. Det har heller ikkje baktalarane eller støttespelarane deira i dei US-amerikanske media.

Etter karrieren sin som journalist for Associated Press og New York Times, byrja Hersh å arbeide for New Yorker. Arkivet til tidsskriftet inneheld 59 artiklar av Hersh sidan 1972 [12].   Hersh skreiv ikkje ei einaste historie om Russland etter 1990, sjølv om fokuset hans har vore på USA sine operasjonar i Vietnam, Midtausten og Pakistan, og også på CIA sin spionasje mot US-amerikanske mål. Bortsett frå boka hans om den sovjetiske nedskytinga av det sør-koreanske flyet KAL007 i september 1983, rapporterte han ingenting frå Moskva – unntatt denne eine kommentaren til The Independent: «Historia om novitsjok-forgiftning har ikkje halde seg særleg bra. Han [Skripal] snakka sannsynlegvis med britiske etterretningstenester om russisk organisert kriminalitet.» Den uheldige vendinga som hendingane tok med forgifting av andre offer, kallar fram førestillingar om organiserte kriminelle element heller enn statssponsa aksjonar – sjølv om det strir mot standpunktet til den britiske regjeringa,» sa Hersh og la til det nedtonande «dette er berre mine synspunkt.»

Kjelde: https://www.independent.co.uk [13]

Den nye rapporten til Hersh innleier med eit ’faktoid’ (kvasi-faktum, ein påstand som har blitt gjentatt så ofte at den blir oppfatta som eit faktum, eller ein trivialitet.). I undersøkande journalistikk er dét ordet for ein trivialitet som med si irrelevante sannferdigheit er meint å kamuflere fabrikkeringa av dei sentrale påstandane. Ifølge Hersh er dei operasjonelle hovudkvartera for den US-amerikanske marineavdelinga som kjelda hans meiner utførte Nord Stream-angrepet, lokaliserte «nedi det som ein gong var ein liten landeveg i rurale Panama City, no ein blomstrande turistby i Floridas sør-vestlege landstripe, dryge 11 mil frå grensa til Alabama. Kompleksets ytre er like inkjeseiande som lokasjonen – ein kjedeleg, post-Andre verdskrigs betongstruktur som liknar ein yrkesskule på vestsida av Chicago. Eit myntvaskeri og ein danseskule ligg på andre sida av den no fire-felts vegen.»

For Matt Taibbi, som på same måte som Hersh sel journalistikken sin på abonnement-tenesta Substack, var dette ikkje berre ein «kjempesuksess», men ein som har ein sanningsgehalt [14] som Taibbi går god for fordi dei «hadde kontakt under førebuingane til artikkelen».

Det var Bloomberg og Financial Times [15] som fann opp det aritmetiske prinsippet om ’blind-kjeldebruk’, med påstandar som kan tilskrivast ei, to eller fleire kjelder som er «kjende med saka». «Hadde kontakt» er Taibbis oppfinning av kjeldebruk utan denne aritmetikken.

Til venstre: https://twitter.com/ [14] 
Til høgre: Matt Taibbi.

Faktoidar, kamuflasje, utelating, ignorering, gjetningar er ikkje journalisme. Ein annan av Hersh sine reporter-supporterar, John Pilger i London, gjentar det faktoide bildet og hevdar [16] at rapporten er «ekte journalistikk».

Hersh distribuerer mange andre faktoidar gjennom historia si. Ein av dei er «eit sikra rom på toppen av Old Executive Office Building…som også var tilhaldsstad for President’s Foreign Intelligence Advisory Board (PFIAB).»   Dette akronymet kjem frå Carter-administrasjonens gjenoppliving av organisasjonen i 1978 og før Clinton-administrasjonen slo den ihop med ein annan og reorganiserte den i 1993. I desse dagar – når kjelda til Hersh seier dei møttest – er akronymet PIAB [17].    Les lista over dei noverande medlemmane av PIAB, og gjett kven av dei som kan vere kjelda til Hersh [18].

Ein andre, tredje og fjerde faktoid er Estland – «ville dykkarane måtte dra til Estland, rett over grensa for Russlands gasslastedokkar, for å trene til oppdraget? ’Det ville vere ein fiasko («goat fuck»)’, vart byrået fortald»; eit bilde med bildeteksten «den norske marinen var raskt ute med å finne den rette plassen, i det grunne farvatnet nokre få kilometer unna den danske øya Bornholm»; ein eksplosiv fjernkontroll-utløysar – «’ein ønsker eit signal som er robust nok til at ingen andre signal ved eit uhell skulle kunne sende ein puls som detonerer eksplosiva,’ vart eg fortald…»

Referansane til den norske marinen, Oslos hemmelege tenester og øya Bornholm avslører at Hersh og kjelda hans avleier merksemda frå Bornholm meir enn eit år tidlegare. Følg bevisa, karta, den russiske reaksjonen og den fulle historia her [3].  

Desse tidlege bevisa betyr og at den danske regjeringa var klar over komplottet mot Nord Stream tidleg i2021. Hersh sin påstand om at danskane vart narra eit år seinare av det påståtte norske knepet «om mogleg dykkeaktivitet i området» er usannsynleg eller umogleg. Kjelda fortalde Hersh at det danskane «vart fortalde og det dei visste, var medvite forskjellig» – det stadfestar kjeldas uvitenheit. Hersh skriv at han sjekka påstanden med den norske ambassaden, men ikkje med danskane.

Kjernen i bodskapen til kjelda, og dermed Hersh-artikkelen, er at «russiske troppar hadde blitt stødig og illevarslande bygd opp på grensene til Ukraina», at «Washington vart meir og meir alarmerte», og at «administrasjonen sleit». Kven si alarmering, kven sitt slit var det?

Hersh avslører at han støtta den offisielle og offentlege politikken til USA då. Han seier no ikkje berre at det var offisielle tenestemenn frå CIA og staten som ikkje var einige med operasjonsplanen undervegs, men at utanriksminister Blinken åtvara om at dei russiske styrkane raskt kunne doblast.

Det er Hersh sin konklusjon at det i desember 2021 var ein «usikker augeblink». Kva som er usikkert for Hersh og kjelda hans, som rapporterer om åtvaringane til CIA og utanriksdepartement, var at viss dei skulle sprenge Nord Stream-røyrleidningane og russarane forstod at USA var den ansvarlege, før dei russiske styrkane gjekk inn i Ukraina, så ville USA agere prematurt og risikere heile krigsstrategien sin. «Washington var redd for at land som Tyskland ville nøle med å forsyne Ukraina med pengane og våpena dei trengde til å slå Russland.»

Hersh-teksten avslører USA-versjonen av dei nylege offentlege intervjua av eks-kanslar Merkel [19]l  og Frankrikes eks-president Francois Hollande [20]  om at det å ta forhasta militære grep, var ein risiko for NATO-strategien – ved å provosere russarane før alliansen var klar for kamp på den ukrainska slagmarka. Kjelda til Hersh viser seg å vere like krigshissig som kjeldene hans i CIA, staten og marinen var, og framleis er. Det er Hersh og. Dei er fast innstilte på å få sitt klimaks-opptak; dei var «usikre» om risikoen for prematur utløysing.

Såleis sikta rapporten omhyggeleg mot målet sitt: «det var i denne usikre augeblinken at Biden autoriserte Jake Sullivan til å bringe saman ei tverr-byrå-gruppe som skulle kome opp med ein plan.»

Kjelda avslører kor lite han veit om russisk krigsplanlegging. Hersh siterer han med at russarane «feila i å respondere» på Nord Stream-operasjonen fordi «kanskje dei vil ha evna til å gjere det same som USA gjorde.» Han kan ikkje ha vore på distribusjonslista til PIAB-rapporten og vurderinga av Putins tale den 30. september, der han identifiserte kven dei «ansvarlege» var. Dette tyder på at kjelda til Hersh berre hadde rykte-tilknytning til PIAB-medlemmane, og ikkje fanst på lista over dei med klarert lese-tilgang, og heller ikkje var invitert til situasjonsrom-diskusjonane deira. Når han skjuler dette opphavet, avslører Hersh at han ikkje forstår korleis US Government arbeider med krigen sin mot Russland. Han skryt av USAs makt.

Det er meir skryting. Forvandlinga av ein illegal hemmeleg operasjon til ein open, men skjult militæroperasjon, var ifølge kjelda til Hersh «’ei vakker dekkhistorie. Bak den var det ein skjult operasjon som plasserte ekspertar i felten og utstyr som opererte på skjult signal. Den einaste feilen var avgjerda om å gjere det.’»

Dette er ein anklage mot Bidens røyrleidningskomplott, ikkje mot USAs krigsplan.

Kven tener på det? Russland og deira allierte gjer det ikkje. Biden, Sullivan, og deira uidentifiserte partnarar og allierte gjer det ikkje. CIA-direktør William Burns gjer det ikkje – han er i målsiktet for å ha gitt den ulovlege «Gjer det!»-ordren, og for å dekke over det ulovlege ved det. Men utan massemedia si tilslutning til Hersh-historia, påfører den ikkje nokon av dei nokon skade. Hersh får ein personleg vinst, det gjeld og dei undersøkande journalistane som støttar han og seg sjølve.

Kven kjem upletta ut av denne historia? Det gjer djuphavsdykkarane i US Navy, den norske marinens «superbe sjøfolk og dykkarar», som Hersh kallar dei, «eit hand-plukka team frå CIA og NSA», og dei partipolitikarane som vil ha Biden bort – opponentane hans i valet neste år.

Artikkelen er henta frå Dances With Bears: http://johnhelmer.net

URL til artikkelen: http://johnhelmer.net/whats-wrong-with-the-hersh-report-on-the-nord-stream-attacks/

URLar i denne posten:

[1] @bears_withhttps://twitter.com/bears_with [2] report: https://seymourhersh.substack.com/p/how-america-took-out-the-nord-stream [3] before: http://johnhelmer.net/the-bornholm-bash-the-baltic-bluff-the-blinken-blink-the-retreat-of-force-from-war/ [4] detonation: https://mmnews.tv/its-done-did-liz-truss-text-antony-blinken-after-nord-stream-attack/ [5] announced: https://www.reuters.com/world/europe/russia-says-british-navy-personnel-blew-up-nord-stream-gas-pipelines-2022-10-29/ [6] July 17, 2014: http://johnhelmer.net/the-obama-shoe-banging-moment-on-the-ukraine-front-dutch-and-australian-troops-were-planning-to-start-war-with-russia-after-mh17-was-shot-down/ [7] February 28, 2022: https://www.nytimes.com/2022/02/28/us/politics/us-sanctions-russia-central-bank.html [8] told : https://tass.com/world/1573927 [9] repeated: https://www.themoscowtimes.com/2023/02/09/kremlin-endorses-report-on-us-involvement-in-nord-stream-sabotage-a80187 [10] said: http://en.kremlin.ru/events/president/news/69465 [11] November 1: https://www.aa.com.tr/en/russia-ukraine-war/russia-asks-uks-ex-premier-about-explosions-at-nord-stream-pipelines/2726386 [12] 1972: https://www.newyorker.com/search/q/seymour%20hersh [13] added: https://www.independent.co.uk/news/long_reads/seymour-hersh-interview-novichok-russian-hacking-9-11-nerve-agent-attack-a8459596.html [14] veracity: https://twitter.com/mtaibbi/status/1623352901111517185 [15] Financial Times: http://johnhelmer.net/london-regulator-bans-the-two-bloomberg-people-from-getting-too-familiar-with-the-matter/ [16] claims: https://twitter.com/johnpilger/status/1623538549596516352?ref_src=twsrc%5Etfw [17] PIAB: https://obamawhitehouse.archives.gov/administration/eop/piab/about [18] source: https://en.wikipedia.org/wiki/President%27s_Intelligence_Advisory_Board#:~:text=an%20additional%20member.-,PIAB%20Membership%20under%20Joe%20Biden,below%20persons%20to%20the%20PIAB.&text=In%20June%202022%2C%20he%20named,Mark%20Angelson%20to [19] ex-Chancellor Merke: http://johnhelmer.net/ar-of-the-worlds-begins-in-your-neighbourhood-because-german-chancellor-merkel-has-just-declared-russia-was-never-pacified/ [20] ex-French President Francois Hollande: https://kyivindependent.com/national/hollande-there-will-only-be-a-way-out-of-the-conflict-when-russia-fails-on-the-ground

Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: iStock

66 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 66 ganger.

Post Views: 104

Les artikkelen direkte på derimot.no