Derimot: Hvem støtter Kamala Harris? Alle som ønsker fortsatt krig. – Derimot

derimot.no:

Krigshaukane manipulerer folket med si støtte til Kamala Harris

av Bob Bishop, sonar21 den 23. september 2024

Det er alarmerande, om enn forventa, at National Security Leaders for America (NSL4A), ei gruppe av 741 leiarar innan sikkerheit, stolt har gått ut og støtta at posøren Kamala Harris skal bli president. Denne støtta inkluderer ei utruleg opptilling av pensjonerte neokonservative, inkludert 15 fire-stjerners generalar og admiralar, 230 generalar, ti kabinettsekretærar, 148 ambassadørar, 37 CIA-direktørar og andre leiarar, og 17 tenestemenn innan Homeland Security.

Dei liknar oldtidas formidable romerske pretorianargarde, som viste fram makt og styrke. Men dei er svært inkompetente leiarar som gjekk i spissen for dei to Midtausten-krigane som drenerte statskassa for billionar av dollar, førte til over 7000 drepne soldatar og over 500 000 drepne sivile.

Sjekk ut desse tala frå djupstaten som no kastar inn støtta si bak Kamala Harris. Skandalen rundt Hunter Bidens laptop vart feia under teppet av desse supporterane som også pusha konspirasjonsteorien om samrøre mellom Trump og Russland, og promoterte irakiske masseøydeleggingsvåpen ved sidan av den falske Trump/Ukraina-skandalen. I fleire tiår har moralsk korrupsjon snikinfiltrert vårt militær- og etterretningsetablissement, erodert sjølve grunnlaget for tillit og integritet. Dei trur dei står over Grunnlova og folkets vilje, medan dei heile tida proklamerer at det er dei som er beskyttarane av demokratiet.

General Wesley Clark, USA og Supreme Allied Commander Europe of NATO (pensjonert)
John Brennan, tidlegare direktør for Central Intelligence Agency (CIA)
Leon E. Panetta, tidlegare forsvarsminister og tidlegare direktør for Central Intelligence Agency
Ambassadør Victoria Nuland (pensjonert), tidlegare Acting Deputy Secretary of State
Jeh Johnson, tidlegare minister for Homeland Security
Hillary Rodham Clinton, tidlegare utanriksminister, tidlegare U.S. Senator (D-NY) 
Generalløytnant Jim Clapper, USAF (pensjonert), tidlegaredirektør for National Intelligence

Støtteerklæringa liknar noko som kunne ha vore skrive av Babylon Bee og inneheld mange absurditetar. Interessant not nemner den ikkje noko om at Kamala, Grense-tsaren, legg grensene vidopne for millionar av menn i militær alder. Her er ei smakeprøve på idiotien:

“Visepresident Harris forsvarer Amerikas democratiske ideal, medan eks-president Donald Trump set dei i fare.”
“ Visepresident Harris har bevist at ho er ein effektiv leiar som er i stand til å fremje amerikanske nasjonale sikkerheitsinteresser.”
“Støtta vår til visepresident Harris er ei støtte til fridom og ei patriotisk handling.”
“Det er ei støtte til demokratiske ideal, til kompetanse og til ubøyeleg optimisme i Amerikas framtid.”

NSL4A bryt IRS-reglane

Kontreadmiral Michael E. Smith, USN (pensjonert), er presidenten og grunnleggaren av NSL4A. NSLSA er ein ideell (ikkje-kommersiell, nonprofit) organisasjon av typen 501(c)(4), med hovudkvarter i hjartet av Washington, DC — sjølve stova hans. Stråorganisasjonen leverer inn enklaste skatteskjema, sidan den ikkje har årlege inntekter som overstig 50 000 dollar.

Trass i at dei hevdar dei er upartiske, inkluderer den heilhjarta støtta til Kamala ei full liste av Demokratiske kandidatar, noko som bryt med skattelovene. of Democratic candidates, violating the IRS code. Ideelle 501(c)(4)-organisasjonar har ikkje lov til å fokusere primært på politiske aktivitetar. Det inkluderer forsøk på å påverke og endre val av kandidatar til offentlege posisjonar. Det er ganske fascinerande å sjå korleis dei hyllar rettsstatsprinsippa samtidig som dei aktivt ignorerer dei.

“Å fremje sosial velferd inkluderer ikkje direkte eller indirekte deltaking eller innblanding i politiske kampanjar på vegner av eller i opposisjon til nokon kandidat til offentlege verv.”

Du kan vere ein dissident

Å utfordre ideologiane, intensjonane og åtferda til elitesosiopatane kan, utan at du veit om det, gjere deg til ein ufrivillig dissident. Dissident-klassen veks raskt. Den fører ihop individ som avviser djupstatens manipulasjonsteknikkar, som til dømes NSLSA si støtte til Harris.

Bob Bishop er rettsteknikar og pensjonert revisor

Omsett av Monica Sortland

Forsidebildet er KI-generert

https://sonar21.com/war-pigs-gaslight-the-public-by-endorsing-kamala-harris/

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...