Derimot: Hvem som er president i USA spiller ingen rolle. Politikken blir uansett den samme.
derimot.no:
Ein demenspasient er president i USA fordi det ikkje speler noka rolle kven presidenten er.
Innlegget er hentet fra Saksyndig
Det viser seg at demenssymptoma som støttespelarane til Biden lenge har avfeia som «stamming» er nøyaktig det dei ser ut som. Dette skriv Caitlin Johnstone på heimesida si 9.februar 2024. Mi omsetjing:
«Spesialrådet som fekk i oppgåve å etterforske Joe Biden for feilhandtering av graderte dokument rapporterer at etterforskarane ‘avdekte bevis for at Biden med vilje heldt tilbake og avslørte konfidensielt materiale etter visepresident-embetet då han var ein privat borgar’, men konkluderer at ‘ingen kriminell tiltale skal finne stad i dette tilfellet’.
Dette ville normalt ha ført til eit letta sukk frå administrasjonen og støttespelarane hans, bortsett frå at blant grunnane for denne konklusjonen finn vi den at presidenten har blitt senil.
‘Vi har òg vurdert at herr Biden i ei rettssak sannsynlegvis vil presentere seg for ein jury slik han gjorde under vårt intervju av han, som ein sympatisk, velmeinande eldre mann med dårleg hukommelse’, skriv spesialrådgjevar Robert Hur til general-advokat Merrick Garland, og seier at ‘Herr Biden sin hukommelse var betydeleg avgrensa, både under hans innspelte intervju med skuggeforfattaren hans i 2017, og i hans intervju med kontoret vårt i 2023. og samarbeidet hans med etterforskinga vår… vil sannsynlegvis overtyde enkelte jurymedlemmer om at han gjorde ein uskuldig feil, heller enn å handle med forsett – altso med intensjon om å bryte lova – slik statutten krev.’
Hur rapporterer at under intervjua kunne ikkje eingong Biden hugse sopass grunnleggjande ting som kva år han var visepresident, eller når sonen hans Beau døydde. Hur skriv òg at hukommelsen til Biden har blitt verre mellom dei nemnde 2017-intervjua og intervjua med presidenten førre år.
Kort fortalt fungerer ikkje hjernen til presidenten. Den er mos. ‘Leiaren av den frie verda’ har blitt tutlete. Det er akkurat som ein sveitsarost der inne.
Og det blir i all sanning verre. Under ein pressekonferanse der Biden var meint å forsikre verda om at hjernen hans fungerte greitt i lys av den store nyheita, refererte presidenten til presidenten av Egypt som presidenten av Mexico, og fekk jarnteppe midt i talen då han utan hell prøvde å hugse kor sonen hans fekk rosenkransen han ber. Berre på ei veke har Biden ved eit uhell referert til døde europeiske leiarar som om dei framleis sit i embeta sine, ikkje éin, men to gonger.
Dersom du framleis lever under den villfaringa at det speler ei rolle kven presidenten i USA er, burde det faktum at ein faktisk, reell demenspasient har sete i det embetet i tre år, feie vekk den oppfatninga éin gong for alle. Det amerikanske imperiet har marsjert av garde på nøyaktig same måten som det gjorde før Biden gjekk inn i embetet, fullstendig uhindra av det faktum at personen som visstnok bestemmer ting er i nevro-degenerativt fritt fall.
Bokstavleg tala kven som helst kan halde det embetet, og det ville ikkje utgjere nokon meiningsfull skilnad når det gjeld måten det amerikanske imperiet er styrt på. Ein komapasient kunne ha vore president. Eit glas med olivenar kunne ha vore presidenten. Stillinga som amerikanarar held val for i den trua at det kan tilføre positive endringar til landet og verda, er ingenting anna enn ein gallionsfigur.
Det er eit ganske stort problem for amerikanarar som ønskjer å endre visse aspekt ved staten si åtferd, til dømes støtta til aktivt folkemord i Gaza. Kven jobbar dei for å appellere til dersom personen som dei vart fortalt styrer, faktisk ikkje gjer det? Kven stemmer dei på dersom dei som verkeleg bestemmer ikkje eingong står på røystesetelen?
Det faktum at den amerikanske presidenten har demens, avslører den ubehagelege sanninga at funksjonen til imperiet er for viktig til å overlatast til veljarmassane. Der ligg for mykje makt i den amerikanske regjeringa frå år til år til at veljarane skal ha noko som helst dei skulle ha sagt.
Den verdsomspennande maktstrukturen som er sentralisert rundt USA er ikkje styrt av den offisielt valde regjeringa i den nasjonen, men av ikkje-valde imperium-sjefar som vandrar inn og ut av kvar administrasjon, og held ei jamn tilstadevering i statlege byrå og statleg tilknytte institusjonar. Desse imperie-sjefane dannar alliansar med konsernkrefter og held ved like forhold med dei mange nasjonane, ressursane og partnarane som fungerer som medlemmer av det ikkje-erklærte amerikanske imperiet.
Dette inneber at der ikkje eigentleg finst nokon måte for amerikanarane å stemme seg ut av dette rotet. Dersom du har eit problem med folkemord, militarisme, økonomisk urettferd, autoritarisme, eller andre kritisk viktige byggjesteinar i den USA-sentraliserte maktstrukturen, vil du aldri få lov til å påverke på nokon som helst måte desse tinga gjennom det offisielle valsystemet. Det å stemme blir i vestlege ‘demokrati’ brukt for å gje oss illusjonen av kontroll, som å late ein småunge leike med ein leikebil medan du sjølv køyrer, slik at dei kan få kjensla av at dei deltek.
Det er ikkje det same som å seie at der ikkje finst nokon veg ut av dette i det heile, berre at der ikkje finst ein veg ut som involverer det å stemme. Vi ser allereie pro-Palestina-aktivistar som kastar betydelege hindringar i vegen for operasjonane til israelske våpenhandlarar, og drivet for å utdanne og informere folket om kva som skjer i Gaza har fått Israel til å misse kontroll over narrativet i ein so alvorleg grad at dei no i desperasjon utfører påverknadsoperasjonar på nettet. Tiltak slik som desse kan innførast over heile linja for å provosere fram slutten på imperie-maktstrukturen. Når nok menneske byrjar å vende seg mot imperiet, ved å bruke krafta til sjølve talet av oss til å tvinge fram ekte endring, vil det gå raskt frå umogleg til mogleg, frå sannsynleg til uunngåeleg.
Men vi må fyrst slutte å setje all vår lit til valsystemet. Kvart fjerde år ser vi merksemda til amerikanarar bli sogen inn i dette tomme dokkespelet der sjellause imperie-sjefar burde vere den mellombelse offisielle gallionsfiguren heilt i fronten av den permanente imperiemaskina, og dersom du ønskjer å røyste, gå for all del og gjer det. Men ikkje lat dette performative ritualet distrahere deg frå det verkelege prosjektet: å vekkje opp medmenneska dine og byrje å tvinge fram ekte endring.»
Forsidebilde: iStock
Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst