Derimot: Hva skjer når Zelenskys president-tid er over 21 mai?Har Ukrainske myndigheter legitimitet? – Derimot
derimot.no:
Ukraina på kanten av stupet
Dei fleste militærekspertar åtvarer om at Ukrainas armé snart vil kollapse. Vesten vonar at leveransane av nye våpen frå USA neste månad vill bote på situasjonen. Det er lite sannsynleg, for problema deira er ikkje mangel på våpen, men dei ekstremt høge dødstala og mangelen på perspektiv.
Leiarartikkelen i nyheitsbrevet Voltaire, International Newsletter – N°86 – 10. mai 2024
Under slike tilhøve har den ukrainske presidenten, Volodymyr Zelensky, lagt ut ein petisjon på si offisielle nettside, der han ber NATO sende soldatar til slagmarka. Den 8. mai feira han dei alliertes siger over nazismen. Med det meinte han å markere nærleik til NATO (som også feirar dagen den 8.) og avstand til Russland (som p.g.a. tidssonene feirar Sigersdagen den 9. mai).
President Volodymyr Zelensky passa seg vel for å unngå å nemne kva standpunkt leiarane av landet hans hadde under Andre verdskrig, eller raseideologien til nazistane. Han berre skulda Russland for å vise same vondskap som nazistane, i tillit til uverifiserbare døme.
Under Andre verdskrig proklamerte følgarane av Dmytro Dontsov, under Stepan Banderas leiieng, Ukrainas uavhengigheit [frå SSSR] saman med nazistane. Seremonien viste portrett av Führer Adolf Hitler og providnyk Stepan Bandera, og det vart ropt Slava Ukraini («Ære til Ukraina»). Denne proklamasjonen vart følgd av anti-jødiske pogromar. Deretter støytte nazistane i hop med kvarandre. Stepan Bandera vart arrestert. Han hevda seinare at han hadde sete resten av krigen i fengsel. Men truleg arbeidde han for Generalinspektoratet for konsentrasjonsleirar i nærleiken av Berlin, beskytta av Alfred Rosenberg. På slutten av krigen kommanderte han nazi-avdelingar mot bolsjevikane.
Når det gjeld Dmytro Dontsov, vart han utnemnd til administrator for Reinhard Heydrich-instituttet i Praha. Der hadde han ansvaret med å koordinere «endeløysinga på jøde- og sigøynar-problemet».
På slutten av krigen vart Dontsov og Bandera ikkje stilde for retten, men i staden tatt inn i varmen hos anglosaksarane for å kjempe mot sovjetarane. Bandera sine troppar kjempa aldri mot nazistane, slik propagandaen til dei integrale nasjonalistane har påstått etter krigen. Tvert imot massakrerte dei 1,5 millionar ukrainarar (av dei 17 millionane som budde der den gongen).
Stabssjefane til dagens ukrainske armé har tatt opp arven etter Dontsov og Bandera.
I tillegg legg Ukraina no siste hand på verket i førebuingane sine til fredskonferansen dei organiserer den 15. og 16. juni i Sveits. Der vil dei, saman med alle dei Vestlege allierte, definere korleis ei verd i fred bør vere. Den tyske kanslaren, Danmarks statsminister, Nederlands statsminister og generalsekretæren for Europarådet har allereie stadfesta at dei kjem. Fleire enn venta av statsleiarane verkar meir nølande, særleg sidan president Zelensky ikkje lenger vil vere den legitime presidenten etter at perioden hans går ut den 21. mai. Og han har ikkje utlyst val. Og dei elleve opposisjonspartia har han forbode. Kina, som har avslått invitasjonen, seier konferansen ikkje tar omsyn til sikkerheitskrava til visse statar.
Russland, som ikkje var invitert, seier konferansen nektar å ta omsyn til mange av folkerettens element.
Zelensky sin presidentperiode sluttar den 21. mai. Det har ikkje vore utlyst val til utnemning av etterkomar.
Den russiske føderasjonens utlandsetterretningstenesete (SVR) har uttalt seg om korleis dei vurderer situasjonen i Ukraina. Dei seier populariteten til president Volodymyr Zelensky er i fritt fall. Folket skuldar han både for krigen som halar ut i tid og for at han har utsett presidentvalet. Ukrainske politikarar skal visstnok halde konsultasjonar for å avgjere kven som skal bli neste president og korleis ein kan legitimere han.
Omsett frå engelsk omsetting av Monica Sortland