Derimot: Hva skjedde egentlig på Hawaii? En mur av taushet rundt katastrofen.
derimot.no:
Derimot.no vet ikke hva som skjedde på Hawaii under skogbrannen der, men det kommer nå hele tiden rapporter som er illevarslende i sitt innhold. Det er også påfallende at de store mediene i liten grad rapporterer fra det som skjedde for en måned siden. Vi har derfor hentet denne meldingen fra nettstedet Saksyndig for å skjerpe oppmerksomheten om katastrofen på øya i Stillehavet.
Det vil helt sikkert kommer flere meldinger om dette så siste ordet i denne saken er ennå ikke sagt. Og det verserer rykter om at det har vært utprøvet et nytt våpen av ukjent slag her, men dette er så langt spekulasjon. I alle fall fortjener det som skjedde mer oppmerksomhet.
Knut Lindtner
Redaktør
Kva skjer eigentleg på Hawaii for tida? Kilometervis med svarte gjerde rundt nedbrende Lahaina, og 2400 sakna barn
I byrjinga av august 2023 var det ein alvorleg skogbrann ved byen Lahaina i den amerikanske delstaten Hawaii. Det herskar stor uvisse om kva som har skjedd, men det som til no har kome fram innan uavhengige media, antydar at dette ikkje er ein vanleg brann.
Natural News har publisert ei rekkje artiklar om skogbrannen, og nettstaden har formidla følgjande informasjon (eit representativt utval):
Nettstaden InfoWars melder i tillegg at ordføraren på øya Maui, der Lahaina ligg, truga med å stengje ein pressekonferanse då nokon spurde kor mange barn som er sakna. Det totale talet døde og/eller sakna barn er av ukjende årsaker enno ikkje offentleggjort.
Forfattaren Michael Snyder, som driv bloggen End of the American Dream, kjem med sine tankar om situasjonen på Maui. Ved å gjerde heile det brannråka området inne med svarte gjerde som hindrar innsyn, viser styresmaktene at dei høgst sannsynleg har noko å skjule. Kva skjer eigentleg bak desse gjerda? Er det, som Natural News spør, eit hemmeleg smartby-prosjekt som bokstavleg tala skal gjenoppstå frå oska som ein Fugl føniks? Har brannen årsaker som kanskje er menneskeskapt, og med vondsinna føremål?
30.august publiserte Snyder ein artikkel som Saksyndig her presenterer utdrag av.
Innleiingsvis skriv han (mi omsetjing):
«Kva prøver dei å skjule? Høge, svarte gjerde som strekkjer seg fleire kilometer har i all hast blitt konstruert rundt Lahaina, og dette har skapt formidable mengder av spekulasjonar. Prøver dei å halde folk ute? Prøver dei å hindre folk i å sjå kva som verkeleg skjedde i Lahaina?»
Ein uavhengig journalist har filma dette svarte gjerdet. Videoen kan sjåast her. I og med at den ligg på YouTube, er det stor risiko for at den kan bli fjerna.
Den offisielle forklaringa til det delstatlege Transportdepartementet er at dei svarte gjerda er «støvskjermar» for å beskytte bilistar som køyrer langs hovudvegen. Det står derimot tallause politibilar langs desse gjerda, og somme er til og med utanlandske bilar, visstnok spesialpoliti. Alle som prøver å nærme seg gjerdet, blir raskt bedne om å forlate staden. Dei som greier å ta seg inn bak gjerdet, vil bli arrestert. Dette gjeld òg vitne til desse arrestasjonane. Faktasjekkaren Politifact avviser at dette skal ha skjedd fordi styresmaktene har noko å skjule.
Styresmaktene har innført flyforbod for dronar over området, noko den uavhengige journalisten Geoff Cygnus erfarte. Området har blitt stengt for filming, sjølv om det er offentleg stad.
Snyder skriv at det kan vere legitime grunnar til at styresmaktene innfører sopass ekstreme tiltak for å hindre innsyn, men mange har kjensla av at styresmaktene prøver å dekkje over noko. Mykje av sanninga har derimot allereie leke ut til offentlegheita:
«Vi veit allereie at sirenene ikkje vart utløyste, vi veit allereie at ein byråkrat stengde av for vasstilførsel som ein desperat trong for å sløkkje flammene, og vi veit allereie at ein barrikade stengde den einaste vegen med fast dekkje ut av Lahaina på denne lagnadstunge dagen.
No har nok mesteparten av dykk sett bilete av køyretøya som brann opp medan dei venta i lange køar midt i gata.»
Ein lokal innbyggjar dokumenterte dette frå sitt eige køyretøy. Videoen, som er eit av få dokumenterte vitnesbyrd frå denne hendinga, kan sjåast her.
Ifølgje Natural News er meir enn 2400 barn sakna på Maui, men blir likevel ikkje inkluderte i styresmaktene sitt oversikt over talet omkomne. Snyder presenterer eit utdrag frå nemnde artikkel (mi omsetjing):
«FBI, Raudekrossen [Røde Kors på bokmål; oms.an.] og Maui-politiet har ei liste over sakna personar som inkluderer rundt rekna 1000 menneske som ein framleis ikkje kan gjere reie for. Sjølv denne offisielle lista over sakna personar er ikkje i nærleiken av det harde faktum at meir enn 2400 barn er sakna på Maui. Ordføraren på Maui, Richard Bissen, har framleis til gode å rapportere om denne harde realiteten. Fleire hundre barn vart overlatne til å brenne ihel i Lahaina, og den etablerte pressa har enno ikkje formidla denne gyselege realiteten, og korleis styresmaktene mislykkast i kriseresponsen sin.
Tenestepersonar på Hawaii har oppmoda familiar frå Lahaina om å skrive barna sine inn på skular utanfor brannsona. Dei fire skulane i Lahaina husa meir enn 3000 elevar. Sjokkerande nok har visstnok berre 400 elevar frå brannområdet blitt skrivne inn på andre offentlege skular. Berre rundt 200 fleire har skrive seg inn på fjernundervisning. Minst 2400 elevar kan ikkje lenger gjerast reie for i det offentlege skulesystemet. Desse tala tek ikkje med barn som har heimeskule i Lahaina, og mange av dei kan vere sakna òg.»
Det offisielle dødstalet er framleis berre 115. Det ser uheldigvis ut til at styresmaktene på Hawaii har tenkt å kontrollere forteljinga frå no av, og Snyder fryktar at vi kanskje aldri vil få vete kva som eigentleg skjedde under denne fryktelege tragedien.