Derimot: Høysterett i USA tar et oppgjør med covid-vaksinepolitikken.Vil et lignende oppgjør komme i Norge?

derimot.no:

Høgsteretten i New York gjev jobbane tilbake til alle som fekk sparken fordi dei var uvaksinerte – med etterlønn

Fox News rapporterte 25.oktober 2023 at høgsteretten i New York gjev jobbane tilbake til dei som fekk sparken fordi dei ikkje ville ta mRNA-injeksjonane som feilaktig blir kalla «vaksinar». Retten fann nemleg ut at det å vere vaksinert ikkje stoppar spreiinga av covid-19. Ikkje berre får uvaksinerte som vart usakleg oppsagt jobbane sine tilbake, dei får òg etterlønn, altso betaling for den tida dei var oppsagte.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Måndag 23.oktober kom retten til den avgjerda, sjølv om New York-ordførar Eric Adams tidlegare i år hevda at administrasjonen hans ikkje kom til å gje jobbane tilbake til tilsette som hadde blitt oppsagt på grunn av vaksinasjonsstatus. New York by sa opp rundt 1700 tilsette fordi dei var uvaksinerte tidlegare i år, etter at byen innførde vaksinepåbod under dåverande ordførar Bill de Blasio. Mange av dei som vart oppsagte var politibetjentar og brannmenn.

Fox News skriv (mi omsetjing):

«FNDY-Uniformed Firefighters Association [foreininga for uniformerte brannmenn] sin president Andrew Ansbro og FDNY-Uniformed Fire Officers Association [foreininga for uniformerte brannoffiserar] sin president, løytnant James McCarthy fordømte Adams tidlegare i år etter at ordføraren tillét eit unntak til vaksinepåbodet for atletar og utøvarar, til og med då brannmenn framleis fekk sparken på grunn av [vaksinasjons]statusen. Paret kravde at byen utvida unntaket til alle newyorkerar.»

Andrew Ansbro sa:

«Dersom de har tenkt å fjerne vaksinepåbodet for visse folk i byen, må de fjerne det for alle i byen […]. Dersom de har tenkt å følgje vitskapen, kjem vitskapen til å fortelje dykk at der er ingen fare akkurat no, og det å ta frå jobbane til hundrevis av brannmenn, politibetjentar og andre arbeidarar i naudetatane er ikkje i den beste interessa til byen. Det er ikkje trygt.»

Eg saknar liknande oppgjer her i Noreg. Sjølv om vi aldri hadde eit reelt vaksinepåbod festa i lov, var det likevel eit omfattande press særleg blant helsepersonell å «ta sprøyta». Differensierte retningslinjer mellom vaksinert og uvaksinert helsepersonell førde òg til at mange kjende seg eksponert, sidan alle uvaksinerte måtte gå med munnbind medan vaksinerte kollegaer slapp det. Både kollegaer og pårørande kunne lett sjå kven som hadde valt å ikkje «gjere si borgarplikt». Sjølv vart eg i 2021 konfrontert av hissige pårørande om kvifor eg ikkje ville «ta dei to stikka».

Fra psykologien vet vi at sosialt press er meget effektivt. Vi er alle avhengige av anerkjennelse fra «flokken vår».

Dersom Høgsteretten her i Noreg dømte at eg hadde blitt usakleg oppsagt tilbake i 2021, ville eg fått ei solid etterlønn ettersom oppseiinga dermed var ugyldig og hadde vore det heile tida. Då kunne eg lett ha erklært sluttavtalen for ugyldig òg, og deretter trekt vederlaget eg fekk utbetalt frå etterlønna. Og so kunne eg ha gått rett tilbake til ei godt betalt 100%-stilling. Dersom vi hadde budd i ei perfekt verd, hadde dette skjedd.

Amerikanarane ligg alltid eit par steg framfor resten av Vesten, spesielt Noreg. Ei reinvasking av dei av oss som står på rett side av historia må skje. Dei ansvarlege må straffast, og det gjeld alt frå helsetoppar til dei på golvet, og med dei på golvet meiner eg leiarar som innførde strenge retningslinjer utan å angre seg so altfor mykje i ettertid, svikefulle kollegaer som rotta seg saman og kasta dei med motstridande meiningar under bussen for å innynde seg hjå leiinga, og alle sjukepleiarane som sette mRNA-injeksjonar og dermed gjorde seg til mordarar.

Vi hugsar kven de alle er. Og vi gløymer det ikkje.

Forsidebilde: Matt C

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...