Derimot: Helsesjefen i Florida med ny helsebombe: Stans alle covid-19 vaksiner.
derimot.no:
Folkehelsesjefen i Florida krev fullstendig stans av covid-19-«vaksinar»
Sjå òg «Folkehelsesjefen i Florida: Pfizer kjem til å GÅ UNDER når den fulle sanninga om covid-19-‘vaksinar’ kjem ut», publisert 31.desember 2023.
Innlegget er hentet fra Saksyndig
Nettstaden Vigilant News rapporterer at Pfizer sin covid-19-«vaksine» som vart injisert inn i milliardar av armar ikkje var den same som vart brukt i dei kliniske forsøka til Pfizer. Folket fekk sprøyteglas kontaminert (forurensa, red.) med sokalla plasmidisk DNA. Ein ny studie gjort av Kevin McKernan og kollegaer fann fleire milliardar, kanskje fleire hundre milliardar DNA-molekyl per dose i «vaksinane». Teknikken dei brukte blir kalla flurometri. Rest-DNA i vaksinar overgår grenselinjene sett av FDA og WHO med opptil 500 gonger.
I den konteksten krev no folkehelsesjefen i Florida, dr. Joseph Lapado, fullstendig stans av covid-19-«vaksinar». Vigilant News skriv (mi omsetjing):
«6.desember 2023 sendte folkehelsesjefen [Surgeon General] i Florida dr. Joseph Lapado eit brev til USAs Food and Drug Administration (FDA) om tryggleiksbekymringar etter at det vart oppdaga milliardar av DNA-fragment per dose i Pfizer og Moderna sine mRNA-baserte covid-19-vaksinar.
Dr. Lapado, som viste til retningslinjer publisert av FDA i 2007, presenterte følgjande bekymringar når det gjeld fastsette grenser for DNA i vaksinar:
- DNA-integrasjon kan teoretisk påverke eit menneske sine onkogenar – genane som kan forvandle ei frisk celle til ei kreftcelle.
- DNA-integrasjon kan resultere i kromosomisk ustabilitet.
- Guidance for Industry [«industriretningslinje»] diskuterer biodistribusjon av DNA-vaksinar og korleis slik integrasjon kan påverke utilsikta delar av kroppen inkludert, blodet, hjartet, hjernen, levra, nyrene, beinmergen, eggstokkane/testiklane, lungene, lymfenodulane, milten, injeksjonsstaden og underhuda på injeksjonsstaden.
14.desember 2023 svarte FDA folkehelsesjef dr. Joseph Lapado med eit brev, der dei ikkje kom med noka forsikring om at vurdering av DNA-integrasjon vart utført for å adressere tryggleiksbekymringane spesifisert av FDA sjølv i 2007.
Dermed kravde dr. Joseph Lapado ein stans av bruken av alle covid-19-mRNA-injeksjonar onsdag 3.januar 2024. Han kom med følgjande melding:
‘Responsen til FDA kjem verken med data eller evidens for at vurderinga av DNA-integrasjon som dei sjølve tilrår har blitt utført. I staden viser dei til studiar om genotoksisitet – som er utilstrekkjelege vurderingar for DNA-integrasjonsrisiko. I tillegg gjorde dei utydeleg sklnaden mellom SV40-promotør/forsterkar og SV40-protein, to element som er ulike frå kvarandre.
DNA-integrasjon utgjer ein unik og forhøga risiko for menneskehelse og integriteten til det menneskelege genom, inkludert risikoen for at DNA som er integrert i sæd- eller eggceller kan bli overført til avkomma til mottakarar av mRNA-covid-19-vaksinar. Dersom risikoane for DNA-integrasjon ikkje har blitt vurdert for mRNA-covid-19-vaksinar, er ikkje desse vaksinane passande for bruk hjå menneske.
Dei som er bekymra for pasienthelserisikoar assosiert med covid-19, burde prioritere pasienttilgang til ikkje-mRNA-covid-19-vaksinar og -behandling. Det er mitt håp at, med tanke på covid-19, FDA ein dag i alvor vil vurdere sitt reguleringsansvar for å beskytte menneskehelsa, inkludert integriteten til det menneskelege genom.
I gjennomsiktigheita og den vitskaplege integriteten si ånd, vil delstatsfolkehelsesjef dr. Joseph A. Lapado halde fram med å vurdere forsking rundt desse risikoane og kome med oppdateringar til innbyggjarane i Florida.’
Heile bulletinen frå Helsedepartementet i Florida kan lesast her.»
Forsidebilde: Dim Hou