Derimot.no

Derimot: Har USA-ledelsen mistet virkelighetskontakten?Konflikt med både Kina og Russland samtidig?

derimot.no:

Kan USA utkjempe ein to-frontskrig?

5. november, 2022 av Larry Johnson

Larry Johnson er X-CIA analytiker

Det raske svaret er NEI!! Militæret til USA er utrusta med dei dyraste våpensystema i verda. Men prosessen med å avgjere kva som skal byggast og utplasserast er ikkje basert på nokon vel-definert nasjonal tryggleiksstrategi som tar omsyn til korleis desse systema blir brukte i ein ekte krig. Eit godt døme på galskapen i USAs forsvarsindustri, er hangarskipa som er den viktigaste delen av USA sine middel til å få utplassert styrkar på andre kontinent. Korfor seier eg «galskap»? Fordi russarane og kinesarane har produsert og plassert ut hypersoniske missil som kan trenge gjennom anti-missilsystema som er meint å verne hangarskipa. Om det kjem til krig mellom Kina og Taiwan, vil alle US-amerikanske hangarskip innanfor 80 mil unna Kinas kyst bli enkle målskiver.

Andrei Martyanov gjer alltid godt arbeid, men den siste pod-casten hans om dette emnet er eksepsjonell, og fortener merksemd:

La meg illustrere det viktige poenget til Andrei i denne videoen, om skilnaden mellom det våpenproduksjonssystemet som USA festar sin lit til og det systemet som Russland brukar. For å seie det enkelt: USA produserer våpen som tilfredsstiller politiske og byråkratiske prioritetar, medan Russland produserer våpen basert på ein strategisk, nasjonal forsvarsplan. I tilfelle krig, er det ein risiko for at våpensystem og -operatørar blir skadde eller øydelagde. Det betyr at dei treng reparasjon, eller at det blir bygd nye. Det same gjeld for ammunisjon og eksplosiv som desse våpena brukar. Resultatet? USA brukar milliardar på Lamborghini’ar, medan Russland kjøper bulkete  Toyota pickup’ar med firehjulstrekk. Å bygge nye «Lamborghini’ar» er tidkrevande og svært dyrt. Å bygge nye «Toyota-lastebilar» kan gjerast billigare og raskare. 

Viss USA mistar eit hangarskip, vil det ta fleire år og koste milliardar av dollar ($12.41 milliarder for det siste i Ford-klassen). Same prinsipp gjeld for det mest «moderne» kampflyet, F-35:

Med ein estimert levetidskostnad på $1,6 billionar (ca 1600 milliardar norske kroner, mrk.), er F-35 Lightning II – meint å vere eit allsidig, supervanskeleg å oppdage på radar, nestegenerasjons kampfly – det dyraste våpensystemet som nokon gong er bygd. Då programmet starta, heilt tilbake i 1992, var F-35 tenkt å vere ei rimeleg éin-storleik-passar-til-alt-løysing for Air Force, Marine Corps og Navy. Det var ikkje før i februar i år at Air Force offentleg innrømde at F-16-erstatninga hadde stroke på kostnadstesten.

https://www.nbcnews.com/think/opinion/air-force-admits-f-35-fighter-jet-costs-too-much-ncna1259781

Ta ein kik på følgande video. Ei russisk drone, Zala Lancet, lokaliserer og øydelegg ein US-amerikansk M777 haubits:

Så? Lancet’en kostar nokre tusen å lage, medan éin M777 kostar $3,738 millionar. Samanlikn dei to våpensystema under. Viss ein Lancet kostar $100 000 å produsere, betyr det at 38 Lancet’ar kan byggast til same pris som berre éin M777 haubits. Kvar av desse Lancet’ane kan øydelegge ein M777. Du treng ikkje vere rekneskapsutdanna for å skjøne at Russland kan øydelegge ei US-amerikansk stridsvognskolonne for ein brøkdel av det det kostar å bygge desse stridsvognene. Sjølv i krig er økonomien viktig.

Zala Lancet, også kjend som Lantset, er ein kamikaze-drone utvikla av Zala Aero for å ta ut mål til lands, i lufta og/eller i vatn, etter den russiske arméen sine krav. Det nye våpensystemet har ei maksimal rekkevidde på 40 kilometer, og kan føreta eit presisjonsangrep autonomt. I tillegg er dronen designa for å levere video og bilete i sanntid til kontrollstasjonen. Luftfartøyet har etterretnings-, navigasjons- og kommunikasjonsmodular. Zala Lancet dronen vart annonsert seint i juni 2019 på våpenmessa Russian Army Expo, då utviklingstestane var fullførte. Lancet-angrepsdronane vart med suksess brukt av dei russiske væpna styrkane i Syria, mot milits i Idlib i november 2020.

https://www.deagel.com/Defensive%20Weapons/Zala%20Lancet/a003898

Eg trur Lancet’en har ein pris på nokre tusen dollar (eg har ikkje greidd å finne ein nøyaktig pris, men den blir skildra som «kostnadseffektiv». Om du veit prisen, la meg få vite.)

M777 Haubits

M777-prisen er US$2,025 millionar per eining (i USA i finansåret 2008)[11] eller $3,738 millionar per eining (eksport-prisen i finansåret 2017).[12]

Russarane har også ein økonomisk og taktisk fordel når det gjeld den moderne kampstridsvogna. Samanlikn den nyaste russiske stridsvogna med siste utgåve av USAs M1-Abrams. Den russiska stridsvogna veg 22 tonn mindre enn den US-amerikanske motparten. Det gjer den lettare å manøvrere og meir drivstoffeffektiv. Den treng berre eit mannskap på tre, ettersom den matar inn granatane automatisk. M1-Abrams gjer det framleis på gamlemåten, dvs. den treng éin mann til å mate kanona.

År introdusert: 1992 | Mannskap: Tre | Vekt: 51 tonn | Pris: $4,5 millionar (2016)
M1A2 Abrams SEPv3–År introdusert: 2020 | Mannskap: Fire | Vekt: 73,6 tonn | Pris: $6,2 milliona

Russland har ein avgjerande fordel innan luftforsvarssystem, og det har eksponert sårbarheita til fleirrakettsystemet HIMARS og HARM-missilane. Sjølv om Russland ikkje skyt ned alle, så har det russiske luftforsvarssystemet stoppa dei fleste av dei. Hugsar du då dei utbasunerte at HIMARS var ein game changer? Det slo feil, og no står USA og Ukraina overfor utfordringa å prøve å få tak i fleire rakettar og erstatte det dyre utskytingssystemet som har blitt øydelagt av russarane.

Eg avrundar der eg starta. USA narrar seg sjølve viss dei trur at dei kan slå Kina og Russland. Men i staden for å de-eskalere spenningane, agerer USA endå meir krigersk og truande mot Beijing og Moskva. President Kennedy, som hadde vore i krigen, forstod under Cuba-krisa at det var fare for atomkrig, og han fann ei diplomatisk løysing som bevarte freden [sic]. President Joe Biden lir av demens og ser ikkje ut til å forstå at dei brautande truslane han kjem med gjer verda farlegare.

Fritt omsett, og noko avkorta, av Monica Sortland

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 10

Les artikkelen direkte på derimot.no