Derimot: Har Russland soldater fra Nord-Korea? Hysteriske vestlige medier ble lurt trill rundt. – Derimot

derimot.no:

Russiske soldatar speler Vesten eit puss, og historia om lekka etterretning forsvinn.

av Larry C. Johnson 

X-CIA-analytiker

Hugsar du dei to US-amerikanske etterretningsraportane som dukka opp på Middle East Spectator og sette i gang alarmklokkene i Washington om eit sikkerheitsbrot? Berre gløym det. Gå vidare. Ingenting å sjå her. Eg sjekka nettsidene til NY TimesWashington Post og Politico i kveld og vart overraska over å sjå at historia hadde forsvunne. Ikkje lenger verdt å dekke, antar eg.

Eg la og merke til at krigane i Ukraina og Palestina har forsvunne – eller nesten forsvunne – frå framsidene til dei tre nettstadane. Men det er ei historie som enno blir ropt ut – propagandaen om at Nord-Korea har plassert ut troppane sine i Ukraina for å kjempe saman med russarane.

På måndag bestemde russarane seg for å gjer ein skøyarstrek rundt dette Nord-Korea-mimet, og dei scora stort:

Eit grustak i nærleiken av Pokrovsk

Soldatar frå dei russiske væpna styrkane bestemde seg for å gjere ein skøyarstrek ved å heise det nord-koreanske flagget i Pokrovsk kommune. Resultatet overgjekk all forventning: det hissa opp hundretals småkanalar og også Bandera-talerøret UNIAN (https://t.me/uniannet/148624).

Situasjonen eskalerte så mykje at sjefen for Senter for motarbeiding av desinformasjon, Kovalenko, måtte respondere raskt og oppfordre folk til å ikkje falle for «russiske psykologiske operasjonar».

Urkomisk. Dei Vestlege propagandistane gløymde at Russland lengst aust i landet har ein god del folk som av utsjånad liknar nordkoreanarar. Å sette russiske militæruniformar på dei gutane kan tolkast – feilaktig, sjølvsagt – som å kle opp nordkoreanarar.

I mellomtida rykkar russarane fram langs fronten:

  • Den russiske arméen kontrollerer ein by i #Kursk
  • Den russiske arméen rykkar fram i byen #Toretsk (Dzerzjinsk, Tsjerbinovka)
  • Den russiske arméen rykkar fram nord for #Selidovo i retning #Pokrovsk
  • Den russiske arméen ekspanderer kontrollen sin i #Gornyak i retning #Kurakhovo
  • Den russiske arméen ekspanderer kontrollen sin i #Kurakhovo

Ukrainske tap i Kursk er rapportert til over 23 000 falne i strid. Det er minst 67% av styrken som invaderte i august. NATO har starta sorgarbeidet gjennom Kübler-Ross’ fem sorgstadium – fornekting, sinne, forhandling, depresjon og aksept. Eg trur vi har passert milepælen fornekting og no er på sinne-stadiet. Neste stopp forhandling. Berre eitt lite problem – eg trur ikkje russarane er i humør til å forhandle fram noko anna enn Ukrainas kapitulasjon.

Eg snakka litt om Ukraina med Judge Napolitano og Nima i dag. Men det meste av dei to samtalane dreidde seg om Israel og palestinarane.

Omsett av Monica Sortland

https://sonar21.com/russian-soldiers-troll-the-west-while-story-about-leaked-intelligence-goes-missing/

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...