Derimot: Har han mistet kontakten med virkeligheten? Trumps Riviera-plan for Gaza blir fordømt av hele verden. – Derimot

derimot.no:

Av Thierry Meyssan

Donald Trump planlegg å flytte palestinarar frå Gaza og bygge ein riviera på landet deira

USAs president Donald Trumpsi kunngjering om ein plan om å ta over Gaza-stripa og med tvang kaste ut den palestinske befolkninga der, vart møtt utbreidd forarging. Til og med USAs næraste allierte avviste idéen som uakseptabel og illegal.

Under ein felles pressekonferanse med Israels statsminister Benjamin Netanyahu, sa president Trump: «Vi skal eige den [Gazastripa] og ha ansvaret med å demontere alle dei farlege, ueksploderte bombene og andre våpen på staden, jevne alt med jorda og bli kvitt dei øydelagde bygga, jevne det ut. Skape ei økonomisk utvikling som vil skaffe uavgrensa mange arbeidsplassar og bustadar for folket i området … gjere ein ekte jobb, gjere noko annleis. Vi vil bygge ein riviera i Midtausten. Vi skal sørge for at det blir førsteklasses arbeid. Det vil bli fantastisk for folket […] Vi skal gi folk ein sjanse til å leve i eit vakkert samfunn som vil vere trygt […] Eg har ei kjensle av at kongen av Jordan og generalen i Egypt trass alt vil opne hjarta sine og gi oss den typen land vi treng for å gjennomføre dette… Eg har snakka med andre leiarar i Midtausten, og dei likar idéen. Dei seier at det verkeleg ville bringe stabilitet.»

Presidenten for dei palestinske styresmaktene, Mahmoud Abbas, kommenterte forbløffa: «Fred og stabilitet kan ein ikkje oppnå i regionen utan at det er etablert ein palestinsk stat med Jerusalem som hovudstad.»

Saudi-Arabia har uttrykt si «utvetydige avvisning» av planar om å skifte ut palestinarane, og dei har eksplisitt utelukka ei normaliseringspakt med den israelske staten utan ein uavhengig palestinsk stat.

Mens Egypt forsiktig har oppmoda til ei «gjenoppbygging av Gaza utan at palestinarane forlet området,» har dei statlege mediekanalane ikkje i harde nok vendingar fordømd dette «kolonialistiske prosjektet».

Jordans kong Abdullah II har «avvist alle forsøk på å annektere land og fortrenge palestinarar». Dagen etter, i nærvær av kronprinsen og medlemmar av regjeringa, tok han imot presidenten for dei palestinske styresmaktene, Mahmoud Abbas, og uttrykte støtte til palestinarane.

Den arabiske ligaen understreka at det framleis vil vere «samanhengande og urokkeleg konsensus» om dei grunnleggande prinsippa i Palestina-saka over heile den arabiske verda (…) (…) «Den okkuperte Vestbreidda og Gazastripa utgjer til saman det territorielle grunnlaget for den framtidige Staten Palestina i ei to-statsløysing, utan noko skille mellom dei to eller brot på rettane til det palestinske folket – at dei får bli i landet sitt, er framleis hjørnesteinen i den rettvise saka deira.»

Tyrkias utanriksminister, Hakan Fidan, kalla planen «uakseptabel».

Kina minte om at dei «alltid hevda at ‘berre palestinarane styrer Palestina’ er det fundamentale prinsippet for styresett i Gaza etter konfliktar. Vi opponerer mot tvangsfordriving av folket i Gaza, og vi håpar at dei involverte partane vil gripe sjansen under våpenkvila og styresettet etter konflikten til å bringe den palestinske saka tilbake på rett spor framimot eit politisk forlik basert på to-statsløysinga, slik at ein kan oppnå varig fred i Midtausten.»

 FNs høgkommisær for menneskerettar, Volker Turk.

FNs høgkommisær for menneskerettar, Volker Turk, understreka at «All tvangsforflytning eller utvisning av folk frå okkuperte territorium er strengt forbode.» FNs generalsekretær, António Guterres, sa: «I søket etter løysingar må vi ikkje gjere problemet endå verre. Det er svært viktig å vere tru mot Folkeretten som grunnlag. Det er livsviktig å unngå alle former for etnisk utreinsing. Ein varig fred vil kreve handgripeleg, irreversibel og permanent framgang framimot to-statsløysinga, slutten på okkupasjonen og etableringa av ein uavhengig palestinsk stat, med Gaza som ein udelt part av denne.»

Det kvite hus’ talskvinne Karoline Leavitt prøvde å rette opp visse misforståingar og slo fast at Washington ikkje ville finansiere gjenoppbygginga av Gaza, og at det ikkje var snakk om å sende fotsoladatar dit.

Idéen om å bruke i Palestina den modellen som den US-amerikanske presidenten Andrew Jackson brukte til å få slutt på indianar-krigane, tar ikkje omsyn til dei kulturelle forskjellane mellom cherokeeane og arabarane. Cherokeeane meinte jorda tilhøyrer alle, medan arabarane meiner jorda er ein del av eit folks identitet. Men Den palestinske frigjeringsfronten (PLO) hadde vurdert å gi opp Palestina og styre Jordan (organisasjonen Svart september, 1970-71), Libanon (1973-83), eller til og med å emigrere til Tunisia (1983). USAs president Ronald Reagan hadde for sin del allereie vurdert deportasjon, ikkje berre av innbyggarane i Gaza, men av alle palestinarane, til Egypt og Jordan (1983). Det blir den sentrale saka i dei indirekte samtalane mellom Hamas og Staten Israel i Washington.

Idéen om å gjere Gaza om til ein Midtausten-riviera er ikkje eit innfall frå Jared Kushner. Forslaget kom for første gong i 1993 frå Shimon Peres, som då var Israels utanriksminister. Han snakka om å gjere Gaza til «Midtaustens Singapore». I januar 2024 presenterte Israel Katz, som  var Israels utanriksminister, eit prosjekt for Europarådet (sjå VIN 0300), som var like uvanleg, men i mindre skala, om ein rekreasjonsfasilitet på ei kunstig øy utanfor kysten av Gaza. 

Omsett av Monica Sortland

Artikkel 2816 i Voltaire, International Newsletter – N°119 – 7. februar 2025 

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar