Derimot: Grønt skifte? Norge gror ned av grønn natur. – Derimot

derimot.no:

Naturfilosofi

Av Svein Grødaland

Ein tur ut i naturen er kvile for både sjel og sinn, kva nå skilnaden er. Det første som skjer, er eit oppgjer med diverse frustrasjonar. Dei dukkar opp, og forsvinn i tur og orden, til hovudet er klart for andre stimuli. Som å undrast over Livet og naturen.

Ein plakat fangar interessen. Eg er på veg inn i ein urskog, ein rest av den skogen som dekka Jæren då det var varmare tider for nokre hundre år sidan. Varmare tider før.

Temperaturen har variert til alle tider, av naturlege grunnar. Eg tenker på det når eg høyrer om den globale oppvarminga, og at me menneske skal ha bidrege til den. Nok ein gong lir Norge av det eg kallar «flinkaste gutt i klassen» syndromet. Me må berre vera den som tek dette med det største alvoret, set i gang dei tåpelegaste tiltaka, og trur at me skal tru på dette vrøvlet.

Eg må tilstå at eg vert meir og meir skeptisk til denne forteljinga. Det er ikkje første gongen me står overfor eit globalt skifte i klima. Derimot er det første gongen at me held på å eta oss sjølv ut av huset ved å bruka langt meir enn det kloden produserer. Vekst i eit lukka system, slik samfunnet gnålar om, er som ein kreftsvulst. Me nordmenn er i klasse med dei verste. Skulle alle ha vår standard, treng me tre fire klodar.

Og så dette med grønt skifte. Naturen er oppteken av grønt skifte heile tida, rydda opp og glatta over våre aktiviteter. Sjølv steinane gror ned i lav og mose, og etter kvart kan planter etablera seg på det som var steingrunn.

Eg har sagt det mange gonger; vårt grøne skifte må skje i pakt med naturen. Vår kjære statsminister har faktisk rett i at det grøne skiftet må kosta. Det er ikkje det same som å vera dumsnill og tenkja på alle andre før ein tenkjer på sine. Me hjelper ikkje det grøne skiftet ved å gjera det uleveleg på heimebane, berre for å forsyna eit tåpeleg kontinent med ein prosent av den elektrisiteten dei treng. Vårt bidrag er ikkje større.

Slik kan ein gå og fundera ute i naturen. Livet er i grunnen ganske godt, om det ikkje hadde vore for alle bekymringane me vert pådytta. Tenk på kor godt livet hadde vore om me hadde sluppe alle krigane, som for det meste er sette i gang av vår viktigaste allierte. Eg nemner ikkje kven, av omsyn til sarte sjeler som trur denne allierte er vår beste venn.

Eg er optimist, uansett. Kvifor uroa seg, står det i Skriften. Eg likar den gamle Boka. Den har stundom rett ord på rett plass. Og så irriterer det dei «opplyste» noko grenselaust at eg og mange med meg ikkje bryr oss stort om gnålet deira. Det ligg ei viss gleda over å veta det.

Innlegget er henta fra Politikus

Forsidebilde: Tilbake til naturen
Foto: Svein Grødaland

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar