Derimot: Fullstendig uoversiktlig etter Syria-kollapsen. Vil USA prøve på en ny statsdannelse i Midt-Østen? – Derimot
derimot.no:
Det kan være greit å vite om enda et konfliktområde, nå når USA/Tyrkia og Israel har løftet lokket av den syriske trykk-kokeren ved hjelp av leiesoldater fra Al-Qaida og IS. Sanksjonspolitikken overfor Syria (hvor også Norge har bidratt) og tyveriet av syrisk olje har over år ført til et voldsomt politisk trykk innad i landet med stor misnøye i befolkningen.
Det skulle ikke mer enn et nålestikk før hele det syriske maktapparatet falt sammen, naturligvis godt hjulpet av intern korrupsjon. Men det en får nå, når lokket av administrasjonen i landet er blåst av, er en svært uoversiktlig politisk situasjon. Det er en heksegryte av sydende konflikter. Her er noen av dem: Kurdere mot tyrkere, USA mot Tyrkia (de to største Nato-landene), ny statsdannelse vs. å holde landet samlet, Israel forsyner seg med landområder osv.
Knut Lindtner
Redaktør
Pentagon kan opprette ein kurdisk stat nummer to
• Dei kurdiske leigesoldatane frå PKK/YPG som administrerer nordaust-Syria til fordel for den amerikanske okkupasjonen, heiste den 12. desember flagget til det nye regimet på bygga sine for å demonstrere einskapen i landet.
• Tyrkiske troppar samla seg ved grensa ovanfor Ain al-Arab (Kobane).
• Alle observatørar er samde om at utan militærstøtta frå USA ville dei kurdiske leigesoldatane ikkje klare seg lenge mot ein tyrkisk offensiv.
☞ Etter at ANS/Tyrkia tvinga dei kurdiske krigarane ut av høgborga Tell Rifaat i Aleppo-regionen og deretter ut av byen Manbij, mekla USA fram ein midlertidig våpenkvile mellom PKK/YPG og Tyrkia. Denne blir det allereie stilt spørsmål ved.
☞ Golfkrigen i 1991 (operasjon «Desert Storm») let USA opprette den første kurdiske staten i Irak. Krigen mot Syria i 2011 let dei, på same kunstige vis, opprette ei kurdisk sone i Syria. Men King-Crane-kommisjonen, danna av president Woodrow Wilson i 1919, peika på at Kurdistan berre skulle ligge i Tyrkia. Kommisjonen åtvara mot ei territoriell utviding til skade for andre minoritetar. Folkerøystinga om uavhengigheit i irakisk Kurdistan i 2017 var meint å skape ein satellittstat for Israel, men Tyrkia, Iran og Irak var imot det.
Omsett av Monica Sortland