Derimot: Friedrich Merz skal gjøre som Hitler. Tysk opprustning for å ta Russland. – Derimot

derimot.no:

Tysklands Führer – Friedrich Merz – i krig- og kjøpefest – kor mykje er 1,7 billionar?

av Peter Haenseler , 21. mars, 2025

Etter meir enn 80 år har Tyskland fått ein Führer som på ingen måte står tilbake for den gamle når det gjeld løgnaktigheit og megalomani medan han brukar summar som dei fleste ikkje greier førestille seg. Vi tar reknestykket medan optimismen vår smuldrar opp.

Introduksjon

I går las eg dei følgande linjene på Internet – diverre utan referanse til nokon forfattar: Dette har aldri før skjedd: ein mann som ikkje ein gong har blitt vald til kanslar enno forhandlar fram den største lånesummen i den føderale republikken Tysklands historie saman med parti som tapte valet, i ein Bundestag som for lengst er oppløyst.

Viss du hadde skildra åtferda til Friedrich Merz for ein tyskar for 10 år sidan, hadde du blitt erklært sinnssjuk og plassert på asyl utan meir om og men.

Friedrich Merz, som nektar å danne koalisjon med AfD fordi han skuldar dei for høgreekstremisme, førebur Tyskland på krig mot Russland. AfD vil ha fred med Russlnad, Russland vil ha fred, amerikanarane vil ha fred og Merz motset seg alle som søker fred.

Denne veka rapporterte Handelsblatt at opptil 1,7 billionar kan bli brukt. Denne artikkelen vil bevise at denne planen er galskap, heilt enkelt ved å sette dette astronomiske talet i perspektiv for vanlege folk.

Kor mykje er ein billion sekund?

Eg vil påstå at svært få menneske er i stand til å kategorisere storleiken på dette talet.

La oss prøve:

Kor mykje tid har det gått på ein million sekund? – Korrekt, 11,57 dagar.

Kor mykje tid har det gått på ein billion sekund? – Du tar feil om du seier nokre få år. Det blir nøyaktig 31 709 år. Det var verkeleg lenge sidan. Jorda var befolka av sabeltanntigrar og hårete mammutar, det siste istida var i gang. Roma vart grunnlagd vel 28 000 år seinare.

Eg vil tru alle lesarane blir litt overvelda over at ein billion er så mykje som det er.

1,7 billion i pengar

Tysklands noverande gjeld på føderalt nivå

Per 30. juni var Tysklands føderale gjeld kome opp i 1,621 billionar – eller 1621 milliardar euro. Dette tilsvarer ei statsgjeld på 62,4% av brutto nasjonalprodukt (BNP).

1,7 billionar er hundre gongar meir enn det samtlege DAX-selskap tente til saman i 2023.

Friedrich Merz vil doble denne gjelda. Det vil føre til ein gjeldsratio på 125% – som vil sette landet på linje med land som Hellas (158%).

Ekstra rentebelastning

Den ekstra rentebyrda for dei 1,7 billionane euro vil kome på 47,6 milliardar euro per år dersom ein legg til grunn det noverande rentenivået på den 10-årige tyske statsobligasjonen, som er 2,8%.

Den kumulerte profitten til Volkswagen, Mercedes-Benz og BMW var på 29,2 milliardar euro i 2024. Altså ville ikkje ein gong dei tyske bilgigantane klare å betale rentene på denne galskapen om dei så skulle sende all sin profitt til Berlin.

Ingen sjanse for å nokon gong få tilbakebetalt denne gjelda

I 2024 samla Tyskland inn inntektsskatt på til saman 181,95 milliardar euro på føderalt nivå. Det betyr at i nesten 10 år ville 100% av all inntektsskatt måtte brukast på tilbakebetaling av dei 1700 milliardane euro.

Konklusjon

Utan å ein gong nemne at Friedrich Merz sine handlingar er meir enn juridisk tvilsame, viser talet 1,7 billionar euro allereie klart og tydeleg at han har mista forstanden. Denne gjeldsfesten vil drive den tidlegare verdsleiaren innan eksport og den tidlegare juvelen innan industri rett i veggen, finansielt.

I mange år har den tyske politiske eliten rast mot Russland, landet som skaffa dei den billige energien som let Tyskland bli den verdsleiandeindustrperla i første omgang. Russland tilgav tyskarane, som hadde 27 millionar russarar på samvitet; russarane har ikkje gjøymd dei uhyrlege overgrepa, men det har tyskarane, eller heller det tyske leiarskapet, for kva det tyske folket tenker, vel eller vil, betyr ikkje lenger noko i Germania. Tyskland vende seg deretter herkesjukt mot Kina, den noverande industrijuvelen som i motsetning til Tyskland ikkje har sove seg gjennom dei store trendane. Sist, men ikkje minst, siklar det tyske leiarskapet mot USA, tyskarane sin koloniherre som har tatt den politiske U-svingen og no søker fred med Russland. Det er derfor på ingen måte upassande å kalle åtferda til Friedrich Merz for stormannsgalskap.

Frøken Baerbock, som gjorde Tyskland til latter på den internasjonale scenen då ho var utanriksminister, smigrar seg no inn med den nye syriske regjeringa, som består av terroristar. I omtrent to veker no har sivile blitt slakta i Syria, kvinner og barn har fått hovuda sine kappa av, tydelegvis eit nødvendig steg på vegen til demokrati. Frk. Baerbock verkar vere einig i dette. Elles vil eg ikkje tilrå lesarane våre å sjå videoane av alt dette – det finst tusentals av dei på sosiale medium, dei er mareritt som vil ta frå deg sømnen. Frk.Baerbock overfører 300 millionar euro til desse herremennene. Frk. Baerbock, som snart ikkje har nokon jobb lenger, verkar ha spesielle talent. Ho skal bli den nye presidenten for FNs Generalforsamling.

Som geopolitisk analytikar bør ein alltid bevare optimismen i hjartet, elles vil ein bli fullstendig utbrend. Men eg finn det stadig vanskelegare å bere nokon gneist av håp for Tyskland: juridisk, geopolitisk, fridomsmessig og emosjonelt sett.

Peter Hanseler er ein geopolitisk analytikar som rapporterer frå Moskva. Peter vart fødd i Zürich, Sveits, Han har ein J.D. (lic. iur.) og Ph.D. (Dr. iur.) frå Zurich University Law School og Master i International Commercial Law (LL.M.) frå Georgetown University Law School, Washington, D.C. Han har budd i USA, Spania, Sveits, Thailand og Russland. Peter er uavhengig; arbeidet hans er ikkje støtta av private eller offentlege einingar. Peter sin nettstad voicefromrussia.com publiserer på engelsk, russisk og tysk.

Omsett av Monica Sortland

https://sonar21.com/the-fuhrer-of-germany-friedrich-merz-in-a-war-and-spending-frenzy-how-much-is-1-7-trillion/

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar