Derimot: Fransk etterretning: Det er USA som er den virkelige fienden.

Derimot.no

derimot.no:

Du er under contrôle: Franske elitar fryktar USA, og ny forskning forklarer korfor.

Etterretningstenestene er meir bekymra for US-amerikansk økonomisk krigføring enn for terrorisme eller ein eventuell konfrontasjon med Russland eller Kina.

Ny forskning publisert av Frankrikes Ecole de Guerre Economique har avslørt nokre uvanlege funn om kven og kva dei franske etterretningstenestene mest fryktar når det gjeld truslar mot landets økonomi.

Funna er basert påomfattande forskning og intervju med franske etterretningsekspertar, inkludert representative innan spionasjebyrå, så dei reflekterer standpunkta og tankane til spesialistar på det lite utforska feltet økonomisk krigføring. Fellessynet deira er svært tydeleg: 97 prosent meiner USA er den utlandske makta som «mest truar» dei «økonomiske interessene» til Paris.

Kven er den ekte fienden din?

Forskninga vart gjennomført for å finne svar på spørsmålet «kva skjer med Frankrike i ein stadig meir skjerpa kontekst av økonomisk krig?». Denne spørreundersøkinga har blitt endå meir viktig for EU, ettersom Vestens sanksjonar mot Moskvas eksport, særleg energi, har hatt ein katastrofal effekt på europeiske land, men ikkje har hatt den spådde effekten på Russland. Heller ikkje har dei skada USA, det landet som mest aggressivt pushar på for desse metodane.

Hvem er egentlig fienden? Kan det være den som ennå ikke har satt klørene i dag?

Likevel blir ikkje spørsmålet stilt i andre av EU sine hovudstadar. Det var nettopp denne kontinent-omfattande fiaskoen – eller i det minste uviljen til å vurdere «dei negative etterverknadane på dagleglivet» til europeiske innbyggarar – som inspirerte til rapporten frå Ecole de Guerre Economique. 

Som hovudforfattaren av rapporten, Christian Harbulot, forklarer: heilt sidan slutten av Andre verdskrig har Frankrike «levd i ein tagnadstilstand», slik også andre europeiske land har.

Då den konflikten var avslutta, herska det ein «manifest frykt» blant dei franske elitane for at Kommunistpartiet skulle ta makta i Frankrike, som «sterkt egga ein del av den politiske klassen til å plassere sikkerheita vår i hendene på USA, særleg ved å be om etablering av permanente militærbasar i Frankrike.»

«Sjølvsagt har alt ein pris. Kompensasjonen for denne hjelpa frå andre sida av Atlanterhavet var å få oss til å gå inn i ein tilstand av global avhengigheit – monetær, finansiell, teknologisk – i høve til USA,» seier Harbulot. Og med unntak av perioden 1958 – 1965 då general Charles de Gaulle prøvde å auke Paris’ autonomi frå Washington og NATO, har dei franske leiarane «falle inn i folden».

UKUSA - AUKUS – The Anglosphere Together Again - Geocase
AUKUS er en militærallianse mellom USA, Storbritannia og Australia. Avtalen skal hjelpe Australia med å bygge sine egne atomdrevne ubåter. (Wikipedia) Slik som på tegningen over fremstille AUKUS av noen. Den er rettet mot Kina men har rammet Frankrike hardt.

Denne aksepten betyr at bortsett frå nokre få offentlege skandalar – t.d. salet av franske verdiar til US-amerikanske selskap, eller då Australia kansellerte kjøpet av fransk-produserte u-båtar, for å i staden gjere ein kontroversiell avtale med USA og Storbritannia (AUKUS) – så er det lite medvit, og endå mindre debatt, i mainstream om korleis Washington utøver ein betydeleg grad av kontroll over Frankrikes økonomi, og derfor politikk. 

Følgeleg slit både politikarar og andre folk med å identifisere kven fienden deira verkeleg er. «I maktsfærar» rundt om i Europa, seier Harbulot, «er det vanleg å halde stille om denne typen problem,» og økonomisk krigføring er framleis ein «undergrunnskonfrontasjon som går føre, følger og deretter tar over for klassiske militære konfliktar.»

Dette igjen betyr at all debatt om «fiendtlegheit eller skadelegheit» i Europas relasjonar med Washington unngår det underliggande poenget at «USA søker å sikre si overhøgheit over verda, utan å vise seg fram som eit tradisjonelt imperium.» 

EU kan gjerne ha eit handelsoverskot på 150 milliardar euro i forhold til USA, men sistnemnde skulle aldri frivillig godta at denne økonomiske fordelen skulle forvandle seg til «strategisk autonomi», at EU skulle bli uavhengige av USA. Og denne vinsten får dei mot eit konstant bakteppe av «kraftig geopolitisk og militært press» frå USA heile tida.

I spy with my Five Eyes

Harbulot trur «tagnadstilstanden» er endå meir uttalt i Tyskland, ettersom Berlin «søker å etablere ei ny form for overhøgheit innan Europa» basert på deira avhengigheit av USA. 

Sidan Frankrike ikkje er «i ei fase med bygging av makt, men heller prøver å ivareta den dei har» – ein «svært ulik» tilstand – bør dette bety at franskmennene lettare kan erkjenne det giftige avhengigheitsforholdet til Washington og sjå det som eit problem som krev ei løysing.

Det er vanskeleg å førestille seg at ein så opplysande og ærleg rapport skulle kunne produserast av eit Berlin-basert akademisk institutt, trass i at det landet er verst råka av dei anti-russiske sanksjonane. Nokre analytikarar har snakka om ei mogleg deindustrialisering av Tyskland no når landets evne til å forsyne dei energi-krevande økonomiske sektorane med kraft har øydelagt eit 30 år langt handeloverskot – kanskje for alltid.

Men bortsett frå at Frankrike si «avhengigheit» av Washington er ulik Tyskland si, har Paris også andre grunnar til å kultivere ein «kultur av økonomisk kamp»  og halde nøye auge med «dei utlandske interessene» som skadar landets økonomi og selskap.

Explained: The Five Eyes Alliance - Usanas Foundation - Decode Diagnose Demystify
The Five Eyes er en etterretningsallianse som består av Australia, Canada, New Zealand, Storbritannia og USA. (Fra Wikipedia)

Ein spionasjeordre som US National Security Agency sende til andre medlemmar av det globale spionasjenettverket ’the Five Eyes’ (dei fem auga) – Australia, Canada, New Zealand og Storbritannia – som WikiLeaks publiserte, viser at  Washington minst sidan 2002 har gitt sine engelsktalande allierte årlege «informasjonsbehov»-førespurnadar, på jakt etter alt som kan gravast opp av informasjon om den økonomiske aktiviteten til franske selskap, økonomi- og handelspolitikken til den franske regjeringa, og om korleis Paris ser på dei årlege G8 og G20-toppmøta.

Alt som blir grave opp blir delt med US-amerikanske nøkkelpersonar som tar økonomiske avgjerder og einingar som Sentralbanken (Federal Reserve) og finansdepartementet, og i tillegg etterretningsbyrå som CIA. Eit anna WikiLeaks-slepp viser at sistnemnde mellom november 2011 og juli 2012 tilsette spionar frå Five Eyes (OREA) til å infiltrere og overvake kampanjane og kandidatane i Frankrikes presidentval.

Washington uroa seg særleg over ein mogleg siger for Sosialistpartiet, så dei søkte informasjon om fleire emne, «for å førebu nøkkelpersonar innan utforminga av USAs politiske retningslinjer på det politiske landskapet i Frankrike etter valet, og korleis det potensielt kan verke inn på relasjonane mellom USA og Frankrike.» Av særskild interesse var «presidentkandidatanes syn på den franske økonomien, kva for deler av den noverande økonomien … dei oppfattar som ikkje-fungerande, og kva slags politikk … dei fremjar for å hjelpe til med å styrke Frankrikes utsikter til økonomisk vekst».

CIA var også svært interessert i presidentkandidatanes «syn på og karaterisering av» USA, og kva dei og partia dei representerte gjorde for å «søke kommunikasjon med leiarar av andre land,» inkludert nokre av dei statane som dannar Five Eyes-nettverket sjølv. 

Naturlegvis ville desse medlemmane vere umedvitne om at vennane deira i Washington, og andre Five Eyes-hovudstadar, spionerte på dei samtidig som dei sjølve spionerte på Frankrike. 

Det var tydelegvis ikkje for ingenting at USAs storstrateg-veteran og tidlegare utanriksminister Henry Kissinger ein gong skal ha sagt: «å vere ein fiende av USA kan vere farleg, men å vere ein venn er dødeleg.»

Av Felix Livshitz

Omsett av Monica Sortland

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

https://www.rt.com/news/566392-good-friends-better-enemies/

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 1

Les artikkelen direkte på derimot.no