Derimot: Forvandlingen er i gang. Hvilken verden står vi overfor?
derimot.no:
Krigen, oppdelinga av verda, eller slutten på eit imperium?
Av Thierry Meyssan, henta frå VoltaireNet. Omsett av og henta frå saksyndig.
Mange er dei som spår ein verdskrig. Visseleg førebur somme grupper seg på det. Men Statane er rimelege og vurderer faktisk heller enn ei fredeleg skiljing, ei deling av verda i to ulike delar, ei einsidig og den andre fleirsidig. Kanskje er vi faktisk vitne til eit tredje scenario: det «amerikanske imperiet» strevar ikkje i fella til Thukydid; det er i ferd med å kollapse akkurat slik deira tidlegare sovjetiske rival døydde.
Dei amerikanske «Straussarane», dei ukrainske «integreringsnasjonalistane», dei israelske «revisjonist-sionistane», og dei japanske «militaristane» ber om ein generalisert krig. Dei er åleine og dei er ikkje masserørsler. Ingen stat har enno forplikta seg til denne kursen.
Tyskland med 100 milliardar euro og Polen med mykje mindre pengar byggjer oppatt våpenlagera massivt. Men ingen av dei ser ut til å ivre etter å kjempe mot Russland.
Australia og Japan investerer òg i våpen, men ingen av dei har ein sjølvstendig hær.
USA er ikkje lenger i stand til å fylle opp igjen militæret sitt, og er ikkje lenger i stand til å skape nye våpen. Dei er fornøgde med å reprodusere våpena frå 1980-talet på samlebandsmaner. Derimot held dei på sine kjernevåpen.
Russland har allereie modernisert hærane sine og organiserer seg sjølv for å fornye ammunisjonen som dei bruker i Ukraina, og til å masseprodusere sine nye våpen, som ingen kan konkurrere med. Kina, for sin del, byggjer opp igjen våpenlagera for å kontrollere Det fjerne austen og, på lang sikt, å beskytte handelsrutene sine. India ser på seg sjølv som ei maritim makt.
Det er difor vanskeleg å sjå kven som vil og kan starte ein verdskrig.
I motsetnad til talane sine, driv ikkje franske leiarar og førebur ein høgintensitetskrig i det heile [1]. Militærprogramlova, som er etablert for ti år, har planar om å byggje eit atomfly-frakteskip, men reduserer storleiken på hæren. Det er eit spørsmål om å gje oss sjølve beskyttelsesmåtar, men ikkje måtar å forsvare territoriet vårt på. Paris held fram med å snakke fornuft som ei kolonimakt medan verda blir fleirsidig. Det er ein klassikar: generalane førebur seg på den tidlegare krigen og ignorerer morgondagens realitet.
Den europeiske union implementerer sitt «Strategiske kompass». Kommisjonen koordinerer dei militære investeringane til sine medlemsstatar. I praksis speler dei alle spelet, men følgjer ulike mål. Kommisjonen, på den andre sida, prøver å ta kontroll over avgjerder rundt finansieringa av hærar, som fram til no har vore avhengig av deira nasjonale parlament. Dette vil gjere det mogleg å byggje eit imperium, men ikkje å erklære ein generalisert krig. Tydeleg speler alle saman eit spel, men bortsett frå Russland og Kina førebur ingen seg på ein høgintensitetskrig. Heller er vi vitne til ei redistribuering av kort. Denne månaden sender Washington Liz Rosenberg og Brian Nelson, to spesialistar på einsidige tvangstiltak [2], til Europa med det oppdraget å tvinge Dei allierte til å lyde. I orda til tidlegare president George Bush Jr. under krigen «mot terrorisme»: «Alle som ikkje er med oss er mot oss.»
Liz Rosenberg er effektiv og skruppellaus. Ho er den som tvinga den syriske økonomien ned på kne, noko som fordømte millionar av menneske til fattigdom fordi dei våga å motstå og bekjempe imperiet sine surrogat.
Den Hollywood-vestlege diskursen à la George Bush Jr. av gode fyrar og vonde fyrar har mislykkast med Tyrkia, som allereie har erfart 2016-kuppforsøket og 2023-jordskjelvet. Ankara veit at dei har ingenting godt å forvente frå Washington, og ser allereie mot Shanghai Cooperation Organization. Likevel burde den same diskursen lykkast med europearane, som forblir fascinerte av makta til USA. Naturlegvis er denne makta i forfall, men det er òg europearane. Ingen har lært nokon lekser frå sabotasjen på dei russisk-tysk-fransk-nederlandske gassrøyrleidningane, Nord Stream. Ikkje berre tok offera på seg skulda utan å seie noko, men dei er i ferd med å få endå meir straff for brotsverk som dei ikkje utførde.
Verda burde difor delast inn i to blokker, på den eine sida den amerikanske hypermakta og deira vasallar, på den andre den fleirsidige verda. Når det gjeld talet statar, burde dette vere halvt om halvt, men når det gjeld befolkninga, er det berre 13% i den vestlege blokka versus 87% i den fleirsidige verda.
Dei internasjonale institusjonane kan ikkje lenger fungere. Dei burde anten falle hen i avmakt eller bli oppløyste. Dei fyrste døma som kjem i sinne er den effektive utgangen til Russland frå Europarådet og dei tomme stolane til vest-europearar i Det arktiske rådet under året med russisk presidentskap. Andre institusjonar er ikkje lenger relevante, slik som Organization for Security and Cooperation in Europe (OSCE), som var meint å organisere aust-vest-dialogen. Berre det at Russland og Kina blir med i FN burde bevare dei på kort sikt, sidan FN allereie tenkjer på å forvandle Organisasjonen om til ein struktur reservert berre for Dei allierte nasjonane.
Vestblokka burde òg reorganisere seg. Fram til no vart det europeiske kontinentet dominert økonomisk av Tyskland. For å vere visse på at Tyskland aldri vil kome nærare Russland, ønskte USA at Berlin skulle vere fornøgd med den vestlege delen av kontinentet og late sentrum vere i hendene på Warszawa. So Tyskland og Polen væpna seg sjølve for å trengje seg inn i sine respektive påverknadssoner, men då den amerikanske stjerna bleikna, kom dei til å kjempe mot kvarandre.
Då det sovjetiske imperiet fall, forlét dei sine allierte og vasallar. Då dei såg den manglande evna deira til å løyse problema, stoppa Sovjetunionen fyrst å støtte Kuba økonomisk, for deretter å droppe sine vasallar ut av Warszawa-pakta, før dei endeleg kollapsa av seg sjølve. Den same prosessen er i ferd med å byrje i dag. Den fyrste amerikanske Golfkrigen, 11.september-åtaka og rekkja deira med krigar i den vidare Midtausten, utvidinga av NATO og den ukrainske konflikten vil ha gjeve berre tre tiår med overleving til det amerikanske imperiet. Det vart støtta av sin tidlegare sovjetiske rival. Dei har mist sin grunn til å eksistere med denne oppløysinga. Det er på tide at dei òg forsvinn.
[1] «En 2030, l’armée française ne sera pas prête à une guerre de haute intensité», Jean-Dominique Merchet, L’Opinion, 7 avril 2023.
[2] «US sanction officials plan missions to clamp down on Russia», Fatima Hussein, Associated Press, April 7, 2023.
Thierry Meyssan er politisk rådgjevar og grunnleggjar av Réseau Voltaire (Voltaire Network).
Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst
Forsidebilde: iStock