Derimot: Forholdet mellom de nykonservative i USA og Russland. En vurdering av et eksplosivt konfliktforhold. – Derimot

derimot.no:

Vi publiserer denne vurderingen av verdens-situasjonen som er vel verdt å få med seg. Brendberg skriver som vanlig godt og har alltid med interessante detaljer som bidrar til økt sammenheng i forståelsen av begivenheter.

Knut Lindtner
Redaktør

Dei nykonservative og Russland – tilbakeblikk

«Tenk lokalt – handle globalt»

Av Hans Olav Brendberg

Det er snart sytten år sidan konflikten mellom Russland og NATO for alvor byrja koma til overflata. Konflikten mellom Russland og NATO er ein dimensjon av dei nykonservative krigane – og ein viktig dimensjon. Eg skal gå gjennom dette, og deretter plassere denne konflikten i ein større samanheng. Eg kjem til å lena meg tungt på analysene til Andrej Rajevsky («The Saker»), som fram til våren 2023 dreiv ein blogg som kommenterte internasjonal politikk løpende. Det er to grunnar til at eg brukar Rajevsky: For det første avdi eg i mange spørsmål (men slett ikkje alle) er samd i dei grunnleggjande premissa i analysene hans. For det andre avdi artiklane eg siterer frå er skrive der og då – medan ting skjedde. Heilt fri for alle former for etterpåklokskap.

Ordet «nykonservativ» er ei nemning som blir brukt litt som ein gummistrikk. Kjernen i den nykonservative rørsla er ei gruppe med utanriks- og militærpolitiske intellektuelle som braut ut av det demokratiske partiet tidleg på syttitalet, og som vart ein del av den koalisjonen Ronald Reagan bygde før valet i 1980. Grunnleggjarane av den nykonservative retninga i amerikansk utanrikspolitikk var folk som Irving Kristol og Norman Podhoretz, medan dei sentrale spelarane etter kvart vart folk som Richard Perle og Paul Wolfowitz. Dei nykonservative var i opposisjon til Henry Kissinger og avspenningspolitikken, og bygde etter kvart ein allianse med Dick Cheney og Donald Rumsfeld. Men i Reaganperioden vart dei halde i sjakk – ikkje minst av utanriksminister George Schultz, som var sentral i amerikansk politikkutforming gjennom åttitalet.

Det nykonservative hegemoniet i amerikansk utanrikspolitikk kom etter den kalde krigen. Det byrja som ei utrensking av det republikanske partiet tidleg på nittitalet, der den konservative, nyisolasjonistiske fløyen (folk som Pat Buchanan, Paul Gottfried m.fl) vart kasta ut av det gode selskapet. Den nye kursen (som var eit oppgjer med Oslo-prosessen) vart flagga offentleg med notatet «A clean break» (1996).

Så byrja dei nykonservative krigane for alvor etter åtaka 11. september, med invasjonen i Irak i 2003 som det viktige vasskiljet. Etter denne invasjonen har etablering av eit hegemonisk Stor-Israel vore det strategiske målet med all krigføringa.

I åra etter invasjonen av Irak, og ikkje minst etter Israels mislukka åtak på Libanon i 2006 kom eit mellombels tilbakeslag for den nykonservative dagsordenen. Under dette tilbakeslaget byrja den sveitsisk-russiske kommentatoren «The Saker» – Andrej Rajevsky – å kommentere dei store linene i det politiske spelet.

1. april 2008 – dagen før NATOs toppmøte i Bucuresti – kommenterte Rajevsky den konflikten om Ukraina som vart lansert på dette toppmøtet. (Artikkelen «How a Medieval concept of Ethnicity makes NATO commit yet another dangerous blunder»).

Rajevsky går igjennom korleis danninga av NATO var ein logisk reaksjon på ubalansen i Europa etter andre verdskrig, der ei utløysarsnor for amerikansk atomvåpenbruk vart lagt parallellt med jernteppet for å demma opp for sovjetisk overmakt. Men slutten på den kalde krigen vart ikkje slutten på fiendskapen mellom vestmaktene og Moskva:

«Då leiarane i Sovjetunionen på slutten av åttitalet gjekk med på trekka seg tilbake frå Europa og oppløysa Sovjetunionen fekk dei all slags løfte frå vest om korleis den vestleg alliansen ikkje ville utnytta situasjonen. Dei fekk løfte om vestleg støtte og vart fortalt at ein nytt, demokratisk Russland for framtida ville bli rekna som ein ven og ein partner.

Ikkje eit einaste av desse løfta har vorte halde. Ikkje eit einaste. Tvert imot byrja vestmaktene på det som berre kan bli kalt ei systematisk kampanje for å omringa og truga Russland.»

Så ramser Rajevsky opp delane av denne kampanjen:

– Oppseiinga av ABM-avtalen.

– Den amerikanske marinens systematiske patruljering kloss opp i russiske territorialfarvatn.

– Utvidingane av NATO, inkludert baltiske statar der russiske innbyggjarar ikkje hadde borgarrettar.

– Bombinga av Jugoslavia i strid med FN-pakta.

– Vestleg støtte til wahabistiske separatister i Tsjetsjenia.

Så oppsummerer han: «No presser dei amerikanske nykonservative på for å utplassere eit rakettforsvarssystem (tydeleg retta inn mot Russland) i Aust-Europa. Heilt ærleg: Eg ser ikkje korleis Vesten kunne vore meir hemngjerrige, provoserande og fiendtlege til Russland – bortsett frå å erklære krig mot Russland på vegne av Jakutiske separatistar.»

Deretter går Rajevsky vidare til å stilla spørsmålet: «Kvifor hatar Vesten Russland så djupt?» Og svarar: Det er sjølvsagt ikkje «Vesten», men den nykonservative makteliten.

Så går han vidare til å analysera verdsbiletet til dei nykonservative – forma av tihøvet mellom jødar og Russland dei siste hundre åra. Og oppsummerer:

«Dei historiske faktaene er viktige her, men ikkje avgjerande. Det sentrale er det jødiske/nykonservative narrativet om Russland: Pogromar, Stalins utrenskingar, «antisemittisme», «dissidentrørsla» og kampen om høvet til å emigrere, sovjetisk hjelp til dei arabiske landa og dei sovjetiske atomvåpna retta mot USA. Detter der det som formar det nykonservative verdsbiletet. (….)

«Dette forenkla og anti-Russiske narrativet fyllte verdsbiletet og den kulturelle veven til dei nykonservative. Sjølv i dag er dette narrativet den primære faktoren som definerer nykonservativ politikk andsynes Russland.

Om dei nykonservative i dag hatar alt russisk/ortodoks kristent meir enn dei hatar alt arabisk/muslimsk kan diskuterast (og varierer uansett mellom individuelle nykonservative). Det som er sikkert er at desse to variantane av etnisk hat er i same storleiksorden, og at ingen andre er på same nivå. Med ein gong ein forstår dette, blir vestleg politikk andsynes Russland sidan slutten av den kalde krigen lett å forstå. Russland, som Iran, blir sett på som eit «eksistensielt trugsmål» av dei nykonservative, sjølv om politiske omsyn ikkje gjer det mogleg å seia dette ope.

Her er det viktig å merka seg at for ein typisk moderne person vil «etnisk politikk» verka meiningslaust, og alle analysar basert på etnisitet vil høyrast for bisarre ut til at ein vil tru på dei. Faren her er å gå ut frå at sidan ein sjølv trur etnisk politikk er direkte rasistisk, må alle andre tenkja likeeins. Diverre er det ikkje slik i røyndomen. Det er masse folk der ute som i stor grad tenkjer i etniske eller til og med rasekategoriar, og jødar er mellom dei som oftast grip til denne forma for tenkjing.

Israel Shahak var en israelsk professor i organisk kjemi ved det hebraiske universitetet i Jerusalem, en Holocaust-overlevende, en intellektuell med liberal politisk tilbøyelighet og en borgerrettighetsforkjemper og aktivist på vegne av både jøder og hedninger. Wikipedia 

Avdøde Israel Shahak brukte å slå fast at jødiske ekstremistar har snudd det gamle «Friends of the Earth»-slagordet «tenk globalt – handle lokalt» på hovudet. «Tenk lokalt – handle globalt». (Lokalt skal her ikkje berre bli forstått i geografisk meining, men også i ei «berre ei sak prioritert»-tyding). Den galne ideen om å ta Ukraina og Georgia inn i NATO kan berre bli forstått i kontekst av ein slik nykonservativ, ideologisk mentalitet.

Kan det vera ein pragmatisk grunn til å gjera NATO-medlemsskap for Ukraina og Georgia til ei sak? Sjølvsagt ikkje! Begge desse landa er svært ustabile politisk, dei politiske elitane er korrupte inn til beinet og dei militære styrkane er ikkje i nærleiken av å møta NATO-standardar. Den geografiske plasseringa til desse landa reiser svært gode spørsmål om kva slags trugsmål medlemskap i NATO skal beskytta dei mot. Sjølvsagt forklarte Bush at NATO ikkje var ein anti-Russisk allianse, men dette er berre latterleg. NATO kan berre vera ein anti-russisk allianse sidan ikkje noko anna kan rettferdiggjera eksistensen av denne alliansen.

Forresten: Amerikanske strategiar forstår sjølvsagt at NATO er i ferd med å bli meiningslaus i alle andre kontekstar utanom ein krig («kald» eller «varm») mot Russland. Det er difor dei snakkar om «koallisjonar av viljuge» eller ein «liga av demokrati». Frå det nykonservative perspektivet har NATO vorte ubrukeleg (sjå berre rotet i Afghanistan) og berre ad hoc-koallisjonar kan arbeida målretta for å fremja interessene til det nykonservative imperiet. Difor blir NATOs einaste rolle å isolere Russland politisk, og truga det militært. Og dette kan berre forklarast ut frå dei nykonservatives djupe hat og frykt for Russland.

Fakta er at eit middelaldersk konsept kring etnisitet delt av berre ei lita gruppe folk har fått bli den avgjerande faktoren i USAs og vestleg politikk andsynes den einaste andre store atommakta utanom USA.»

Så langt Rajevskys formulering av problemet våren 2008.

Desse problema låg i botn då den nye, ukrainske krisa byrja fyra opp hausten 2013. Rajevsky kommenterte denne krisa i ein artikkel 24 november, som konkluderte slik:

«For det første vil eg ikkje rekna det som usannsynlig at Janukovitsj skiftar meining ein gong til (mannen har ingen verdiar eller prinsipp som det er verdt å snakka om). For det andre ser vi allereie at Imperiet går bananas med sinne over denne siste utviklinga, og at USA og EU ikkje vil spara nokon innsats for å sparka i gang ein ny revolusjon i Kiev. Det same gjeld sjølvsagt den ukrainske opposisjonen, som no vil få ei stor innsprøyting av dollar frå vest for å skapa så mykje kaos som mogleg. Når det gjeld det ukrainske folket vil dei ikkje få noko anna rolle enn å uttrykka meininga si i meiningsmålingar som stiller feil spørsmål. Og til slutt: Så lenge det noverande ukrainske oligarkiet held fram som herskarar i landet er det ingen grunn til å vona på noko meiningsfull forbetring for det hardt plaga ukrainske folket.»

Ei veke etter kommenterte han den vidare utviklinga i artikkelen «Helvetes portar opnar seg for Ukraina», der han slo fast at «akkurat no peikar alle skilt mot at Ukraina er i ferd med å gå ned den «bosniske vegen» og at ting kjem til å bli verkeleg stygge. Det eksplosive brygget vi no ser og som koker i den ukrainske gryta er akkurat den same som den som så øydeleggjande eksploderte i Bosnia: Lokale nasjonalistar støtta av framande imperialistar som er fast bestemt på å ignorera alle former for sunn fornuft, for ikkje å snakka om ei framforhandla løysing, for å nå sine ideologiske mål.»

Han konkluderer «Lasciate ogne speranza, voi ch´entrate» – Dantes ord ved Helvetes porter: «Legg bort alle voner, de som går inn her».

Krisa utvikla seg vidare. 22. februar sette den ukrainske nasjonalforsamlinga grunnlova og den ferske kompromissavtalen mellom presidenten og opposisjonen til sides. To dagar etter kommenterte Rajevsky alternativa Russland hadde å velja mellom.

1. Eit sjølvstendig og uavhengig Ukraina er først og fremst ein veg for å unngå å bli dratt inn i ein borgarkrig på. Om td. Tymoshenko klarar å undertrykka nynazistane og forhandlar fram ei form for «modus vivendi» mellom vest-Ukraina og Kiev på eine sida, og Aust- og Sør-Ukraina på andre sida er det neppe tvil om at ho og Putin kunne funne ein måte å samarbeida på på fredeleg og pragmatisk måte.

2. Nasjonalistane tek full kontroll over heile Ukraina. Dette vil gjera grensa mellom Russland og Ukraina til noko som liknar muren som delte Tyskland i to eller den demilitariserte sona som deler Korea. Men det er svært usannsynleg at dei klarar dette.

3. Nasjonalistane freistar å undertvinga sør og aust, men klarar det ikkje. Valden eskalerer, og Russland blir etter kvart dratt inn. I reine, militære termer kan Russland lett slå ein ukrainsk hær. Og NATO og USA har ikkje midla til å sende ein «kombinert, sameint oppdragsstyrke» for å kasta den russiske hæren ut av Ukraina.

«Men berre forestill dykk det marerittet som vil følgja ein russisk, militær operasjon i det austlege Ukraina! Vi vil bli sett tilbake til ein ny, kald krig – men denne ganongen på stereoidar. Vestlege politikarar vil falla over kvarandre for å fordøma, truga, proklamera, sanksjonera og Gud veit kVA slags nonsens. Hysterisk russofobi vil bli dagens orden, og det anglo-sionistiske imperiet vil endeleg finna den typen «evig fiende» som det desperat har vore på jakt etter sidan slutten av den første kalde krigen. Om dei verkeleg snudde den stygge tida til – og det vil dei truleg – vil Kina bli dratt inn og vi vil ha eksakt den typen planet 1%-arane har drøymt om i så mange år: «Oceania» vikla inn i ein total krig mot «Eurasia» og «Austasia». Akkurat som Orwell spådde.»

So langt Rajevsky.

Så må vi få på plass tidslina.

Bukurestivedtaket i 2008 var ein direkte reaksjon på det midlertidige tilbakeslaget for dei nykonservative som følgde kaoset i Irak og Israels nederlag i Syria i 2006. Samstundes som Washington byrja fyra opp krisa i Ukraina, byrja dei utvikla planar for å væpna jihadistar for å knusa dei sekulære statane i Libya og Syria (det som etter kvart vart «borgarkrigen i Syria» og «den islamske staten»). Då Libya fall i bitar etter NATOs bombing, kunne det libyske våpenarsenalet (og diverse overskotsvåpen etter krigane på Balkan) skipast til jihadistiske opprørarar i Syria – dominert av ulike varianter av al Qaida.

Øydeleggjinga av den sekulære, syriske staten var første steg. Når dette steget var tatt, var neste steg krig mellom USA og Iran – og etter at Iran var knekt, skulle landet liggja ope for etnisk reinsing av Palestina.

Dette skjedde ikkje. Syria greidde å slå tilbake det første jihadistiske stormløpet mot Damaskus. Då USA, Frankrike og Storbritannia skulle leggja flatt det syriske luftvåpenet, sende Russland ein marinestyrke som gav Syria full radardekning, og evne til å skyte ned første bølge med kryssarrakettar. Åtaket vart røysta ned i det britiske parlamentet, og Obama trekte seg ut. I staden sende Russland ein liten, men effektiv luftstyrke som bidrog til at jihadistane vart fortrengt til Idlib.

Men denne sigeren var midlertidig – Syria hang saman på eit vis. Men landet var under kvelande økonomiske sanksjonar. Øydeleggjingane var enorme – men det var ingen økonomiske middel til å byggja opp igjen. USA (i samarbeid med kurdisk milits) stal rett og slett oljeinntektene til landet. Tyrkia hadde (i ly av jihadistokkupasjonen) rett og slett demontert industrien i nord, og transportert alt av verdi over til Tyrkia. Syria seig sakte, men sikkert ned i demoralisering, armod og korrupsjon. Då al Qaida (no i dress) starta offensiven i november, var det rett og slett ingen motstand igjen. Den syriske staten slutta å eksistera. (Den vil ikkje gjenoppstå: Al Qaida kan sjølvsagt kle seg i dress – men alawittar, kristne og andre kjenner dei på ganglaget, trass dressen. Difor vil dei ulike minoritetane væpna seg – i etnoreligiøst baserte militsar. Drusiske, alawittiske, kristne, kurdiske. Syria er historie – fortid).

Den nykonservative digresjonen i Ukraina var svært målretta: Gjennom å destabilisere Ukraina skulle ein destabilisera Russland, slik at Russland forsterkte seg, og måtte gje opp forsøket på å berga den syriske staten. Og ein skulle samtidig syta for at Russland og Iran vart isolert frå kvarandre.

Men dette har jo berre delvis skjedd. Syria er no servert til oppdeling. Men Iran er ikkje vesentleg svekka – og Iran og Russland kjem til å underteikna ein strategisk samarbeidsavtale i januar, få dagar før Trump blir innsett som president. Kort sagt: Dei geopolitiske hindringane som står i vegen for eit etnisk reint «Stor-Israel» er framleis store. Og det finst ikkje tilgjengeleg militære løysingar som gjer prosjektet mogleg – sjølv om Israel sjølvsagt er i stand til å gjennomføre utryddingskrig i Nord-Gaza etter å ha halde området i ein tett blokade i sytten år.

Så ved nyttårsskiftet er det tre store spørsmålsteikn når det gjeld vegen vidare:

1. Syrias kollaps verka godt førebudd – også frå Moskva og Teheran. Kva slags koordinering er det mellom Russland og Iran, og dei nye overherrane til Syria i Ankara?

2. Moskva avviser våpenkvile i Ukraina. Fronten triller sakte, men sikkert mot vest. I det siste har Velyka Novosilka vorte omringa av russiske styrkar. Den godt forsvarte byen Kurakhova har vorte overtatt av russiske styrkar nesten utan bruk av tungt skyts (og heilt utan bruk av glidebomber – dronefotografia viser ein forbausende lite skadd by). Pokhrovsk er i ferd med å bli utflanka på vestsida, og russarane driv sakte, men sikkert og ryddar dei siste bydelane i Tsjasiv Jar og Toretsk.

Som Rajevsky peikar på, gjev NATO no berre meining som ein anti-russisk allianse. Det komande nederlaget for NATO i Ukraina vil gjera at ein ikkje lenger greier å halda dei underliggjande motsetningane under lokk. Konflikten ved nyttårsskiftet mellom Slovakia og Ukraina er eit forvarsel om kva vi har i vente – på same måte som det avlyste valet i Romania.

Samstundes er sentrale makter i EU – som Frankrike, Tyskland og Storbritannia – i ferd med å bli politisk ustabile. Eg reknar med at Starmer kjem til å bli den mest upopulære statsministeren i britisk historie. Macronregimet er politisk konkurs, på same måte som Scholtz regime i Tyskland.

Skal ein endra noko varig i positiv retning trengst kunnskap, organisasjon og medviten handling. Eg ser ikkje at det finst stort av slikt å oppdrive. Den alternative måten å stabilisere på, er frykt.

Så spørsmål nr. 3 er sjølvsagt: Finst det fleire tilgjengelege «Pandoras esker» der lokket sit rimeleg laust på?

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar