Derimot: Forbudt av Geneve-konvensjonen. Israel bruker menneskelige skjold i krigen på Gaza. – Derimot

derimot.no:

Israels bruk av menneskelege skjold

Det israelske militæret (IDF) sin bruk av menneskelege skjold er utbreidd og godt dokumentert.

Knowledge Kino, 3. oktober, 2024

Mange menneskerettsorganisasjonar har slått alarm om at IDF brukar palestinske sivile som menneskelege skjold under militæroperasjonar. Denne praksisen inkluderer

  • å tvinge sivile til å gå framfor soldatar under raid
  • å tvinge dei til å søke etter eksplosiv
  • å bruke dei til å skjerme israelsk militærpersonell frå potensielle angrep

Menneskerettsorganisasjonar som Human Rights Watch, B’Tselem og Amnesty International har dokumentert desse handlingane som brot på Folkeretten. 

Til dømes brukte IDF systematisk palestinske sivile som menneskelege skjold i 2002-slaget om Jenin, der dei tvinga dei til å utføre farlege oppgåver som sette liva deira i fare. I 2024 har det kome mange rapportar om at IDF brukar sivile som menneskelege skjold under operasjonar på Vestbreidda og Gazastripa. Til dømes viste ein video ein skadd palestinsk mann, Mujahed Abadi, som var bunden fast til panseret på ein IDF-jeep under eit raid i Jenin. FN-tenestemenn fordømde det som bruk av menneskeleg skjold. 

Det har no kome ut rapportar som skildrar tilfelle der israelske styrkar brukte palestinske barn som menneskelege skjold under militære streiftog. I mai 2024 skal tre gutar skal ha blitt tvinga til å gå framfor soldatar medan desse gjorde søk i flyktningleiren Tulkarm, og under kringsettinga av Al-Shifa-hospitalet i Gaza by i april 2024 vart palestinske barn og familiane deira tvinga til å gå ved sidan av IDF-stridsvogner.

Bruk av menneskelege skjold er eksplisitt forbode i internasjonal menneskerettslovgivning. Ulike rapportar indikerer at slik praksis ikkje berre bryt med juridiske standardar, men det reiser også seriøse etiske spørsmål om behandling av sivile i konfliktsoner. Israelsk høgsterett har felt dom imot bruk av sivile som menneskelege skjold, men praksisen er likevel vanleg og utbreidd. Det israelske militæret har erkjent nokre tilfelle av soldatars upassande framferd, men held på at bruken av menneskelege skjold ikkje er standard prosedyre. Det har blitt lova at spesifikke tilfelle skal etterforskast, men kritikarar meiner praksisen vil halde fram uhindra dersom dei involverte ikkje blir stilte til ansvar.

Éin måte IDF brukar menneskelege skjold på, er «nabo-prosedyren», ein taktikk Dei israelske forsvarsstyrkane brukte primært under operasjonar på Vestbanken. Denne prosedyren, også kalla «tidleg varsling»-prosedyren, involverer kringsetting av eit hus der ein trur eit ettersøkt individ skjuler seg, for deretter å sende ein lokal palestinar – ofte referert til som ein ‘nabo’ – inn i huset for å overtale personen til å evakuere og til å overgi seg. Den primære målsetninga med nabo-prosedyren er å minimere sivile tap og militær risiko under arrestasjonar. Ved å bruke lokale palestinarar som er kjende i området, vil IDF forenkle kommunikasjonen utan å sjølve direkte gå inn i potensielt farlege situasjonar. Når IDF-styrkar identifiserer ein ettersøkt person inne i eit hus, kringset dei huset og ropar til rømlingen via høgtalarar at han skal overgi seg. Om det ikkje kjem nokon respons, sender dei inn ein palestinsk nabo. Denne personen seiest å ikkje vere trua eller tvinga; han eller ho skal ha meldt seg frivillig til oppgåva. IDF hevdar denne metoden har resultert i veldig få skadar oppigjennom åra, med berre eitt rapportert tilfelle der ein palestinar vart lettare skadd. IDF hevdar også at denne tilnærminga har redda liv ved at ein oppmodar til overgiving utan eskalerande vald. 

Men trass i påstandane til IDF, er nabo-prosedyren ingenting anna enn bruk av folk som skjold. Prosedyren set palestinarar i farlege situasjonar og tvingar dei effektivt til å delta i militære operasjonar. Kva slags val har ein palestinar når IDF tvingar han eller ho til å bli ‘naboen’ eller tvingar sivile til å gå framfor tanks? Israels høgsterett har også dømd mot bruk av palestinske sivile i militæraksjonar, inkludert naboprosedyren, men rapportar indikerer at denne praksisen held fram, sjølv etter at det har blitt etablert juridisk forbod mot den.

Vitnemål frå tidlegare soldatar talar om kommandantar som ikkje respekterer desse juridiske forboda, og heller prioriterer den operasjonelle sikkerheita framfor å følge lova.

Bruken av menneskelege skjold er eksplisitt omtalt i Folkeretten, spesielt i internasjonal menneskerettslovgivning. Her er nokre hovudpunkt i det juridiske rammeverket rundt dette spørsmålet, forbod jamfør internasjonal menneskerettslov : 

  • Bruken av menneskelege skjold er forbode ifølge Geneve-konvensjonane. Spesifikt forbyr artikkel 28 av Den fjerde Geneve-konvensjonen bruk av sivile til å skjerme militære mål, og artikkel 23 av Den tredje Geneve-konvensjonen beskyttar i tillegg krigsfangar mot å bli brukte som skjold. Protokoll 1 til Geneve-konvensjonane styrkar dette forbodet.
  • Artikkel 51.7 slår fast at nærvær eller flytting av sivilbefolkning eller individuelle sivilistar ikkje skal brukast til å gjere visse punkt eller område immune mot militæroperasjonar. Forbodet mot å bruke menneskelege skjold er rekna som ei norm innan internasjonal sedvanerett som gjeld både i internasjonale og ikkje-internasjonale væpna konfliktar. Dette er anerkjent i ulike studiar, mellom anna dei til den internasjonale Røde kors-komitéen.
  • Bruken av menneskelege skjold er også i Folkeretten klassifisert som eit krigsbrotsverk. Den internasjonale straffedomstolens Roma-statutt, artikkel 8.2b, punkt 23 definerer som eit krigsbrotsverk «å utnytte en sivilpersons eller en annen beskyttet persons tilstedeværelse for å oppnå at visse steder eller områder ikke kan gjøres til gjenstand for militære operasjoner».
  • Det juridiske lovverket forbyr både frivillig og ufrivillig bruk av menneskelege skjold, med betydelege følger for tildeling av ansvar. Ufrivillige menneskelege skjold beheld sin beskytta status og kan ikkje angripast, medan frivillige skjold kan reknast som direkte deltakarar i fiendskapen under visse tilhøve.

Det er også ein annan og openberr bruk av menneskelege skjold. Israel drep sivile rutinemessig medan dei hevdar at dei går målretta mot Hamas og no Hizbollah-medlemmar. Så då israelske luft- og bakkestyrkar intensiverte operasjonane sine i Gaza, og Gazas helsedepartement rapporterte om minst 51 døde sivile dagleg, så var det kvinner og barn blant dei døde, og sjukehusa var overvelda av straumen inn av skadde. Dei israelske styrkane hadde utpeika lokasjonar som skular og barneheimar som angrepsmål, og påstod at desse vart brukte av Hamas til militære føremål. Men dette har vekt bekymring over legaliteten til slike angrep ifølge internasjonale menneskerettslover, sidan desse plassane skjerma fordrivne sivile.

Dødstala i Gaza har vore svimlande. På slutten av september 2024 hadde talet passert 43 000 [då er det ikkje rekna med sakna og berre mistenkt avlidne. Ei gruppe frivillige amerikanske helsearbeidarar i Gaza hevdar talet må ligge nærare 118 000, mrk.]. Den humanitære situasjonen i Gaza har blitt betydeleg forverra, noko som har ført til overfylte likhus og mangel på ressursar til ordentleg gravlegging, og det seiest at lik blir lagra i iskrem-lastebilar på grunn av dei overveldande dødstala. Nokre ekspertar trur det faktiske dødstalet er mykje høgare, på grunn av vanskar med å telle opp under aktive konfliktar til dømes heile familiar som blir utsletta og mange uoppdaga lik som ligg gravlagde i ruinane. 

FN estimerer at over 10 000 menneske sannsynlegvis ligg nede i ruinhaugane, sjølv om mange seier at det talet truleg er veldig lågt. Noko som kompliserer forsøka på å finne eit presist dødstal, er at konflikten også har medført ei betydeleg mengd skadde, med over 92 401 individ rapportert skadde i Gaza sidan 7. oktober 2023. I tillegg har meir enn 85% av den lokale befolkninga blitt fordrivne frå heimane sine. 

I Libanon er situasjonen også dyster. Israelske luftangrep har tatt livet av over 1200 menneske på berre 2 veker med intensiverte militæraksjonar mot Hizbollah. Ifølge einskilde rapportar var det så mange som 8000. Dette inkluderer ein spesielt dødbringande dag då 558 personar, inkludert mange kvinner og barn, vart repportert drepne. Det libanesiske helsedepartementet har notert at mange av dei angripne områda var tett befolka bustadsområde, og det har ført til utbreidd destruksjon og sivile lidingar.

Konflikten har utløyst ei flyktningkrise med omlag 1,2 millionar folk som er tvinga til å forlate heimane sine på grunn av stadige bombardement. Mange søker førebels ly i skular, kyrkjer og moskéar, medan andre blir på gatene. Dei humanitære kåra for desse fordrivne folka blir raskt forverra. Det kjem rapportar om mangel på grunnleggande nødvendigheiter som mat og reint vatn.

Både i Gaza og Libanon hevdar Israel at sivile døyr fordi både Hamas og Hizbollah brukar dei som menneskelege skjold. Dette reiser eit openlyst spørsmål: Viss Israel veit sikkert at Hamas og Hizbollah brukar uskuldige sivile som menneskelege skjold, korfor utfører dei då massive bomberaid i akkurat dei områda der IDF påstår at menneskelege skjold blir brukt? Kan det hende at Israel drep sivile for å oppretthalde narrativet om at Hamas og Hizbollah brukar menneskelege skjold? Openlyst fungerer ikkje taktikken for Hamas og Hizbollah, sidan Israel ikkje lar seg narre av den og slepp bomber utan samvitsnag. Eller drep Israel kvinner og barn nettopp fordi dei vil demonstrere for verda at den andre sida er dei ekte terroristane som plasserer kvinner og barn i faresona, og kva kan stakkars Israel gjere når dei treng å sleppe bomber for å drepe ein eller to Hamas- eller Hezbollah-operatørar.

Hittil har Israel sleppt over 70 000 tonn bomber over Gaza sidan oktober 2023, deriblant 2000-punds bomber over flyktningleirar. Dette talet overgår den totale mengda bomber som vart sleppt over storbyar under Andre verdskrig, inkludert Dresden, Hamburg og London til saman – ja, til saman, kombinert. Ved sidan av alle døde og skadde og fordrivne, har det i Gaza blitt skadd minst 370 000 bustadar, med 79 000 fullstendig øydelagde. Denne graden av øydelegging manglar sidestykke i alle åra sidan Andre verdskrig. Visse estimat seier at dersom gjenoppbygginga skulle starte med det same, så ville det ikkje vere fullt gjenoppbygd før i 2040. 

Satellitt-analysar indikerer at mellom 56,9% og 61% av bygga i Gaza er skadde eller øydelagde. Dette inkluderer betydelege tap i urbane område som Gaza by, der nesten 74,3% av bygga er rapportert påverka. Grovt rekna 60% av helsefasilitetar har blitt skadde eller øydelagde. Fem sjukehus er totalt utsletta, så berre rundt 28% er delvis operasjonelle. 

Meir enn 72,5% av skulane har lidd skade, og mange av dei treng omfattande gjenoppbygging for å kunne brukast igjen. Israel har også gjort herjingar på Gazas jordbrukskapasitet. Visse rapportar indikerer at over 60% av jordbrukslandet har blitt skadd eller øydelagt. Dette har forverra matusikkerheita og påverkar nesten heile Gazas befolkning. Det økonomiske fallet er alvorleg. Det er estimert at økonomien har krympa med 81%. og det har ført til betydeleg arbeidsløyse og auka fattigdom. 

Kostnaden for gjenoppbygging etter krigen er prosjektert til mellom 30 og 50 milliardar dollar etter dei langsiktige implikasjonane av den massive øydelegginga som Israel har forårsaka.Omfanget av øydeleggingar i Gaza har blitt samanlikna med historiske hendingar. Til dømes er øydeleggingane i nord-Gaza langt større enn dei ein såg i Dresden under Andre verdskrig, så når Israel brukar uttrykket ‘menneskelege skjold’, betyr det noko ganske anna enn det som blir uttrykt i Folkeretten. Sidan Israel trassar alle juridiske hinder for sine militære aksjonar, er det umogleg å handheve desse lovene, og derfor har Israel fått cart blanch til å bruke massiv vald mot sine fiendar med straffefridom. 

For Israel er menneskelege skjold militære mål som enno ikkje er råka – targets of opportunity

Dette var ein transkripsjon av videoen The IDF’s use of Human Shields, som ein kan finne på YouTube-kanalen Knowledge Kino:https://youtu.be/0AIiMMT9Irs

Bilda er skjermbilde frå videoen. Motiva er i Gaza.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica.art

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...