Derimot: Forbereder Nato seg på neste runde etter Ukraina-nederlaget? Transnistria er enda en godbit for Nato-aggresjon

Derimot.no
Derimot: Forbereder Nato seg på neste runde etter Ukraina-nederlaget? Transnistria er enda en godbit for Nato-aggresjon

derimot.no:

Forbereder Nato seg på neste runde etter Ukraina-nederlaget?

SNART ANDRE RUNDE

Eit nederlag for Ukraina betyr ikkje at krigen er slutt

av Thierry Meyssan

Det blir feil å tru at viss berre president Zelensky blir slått i Donetsk og Lugansk, i Kherson og Saporosje, så tar kampane slutt. Med den motstanden Moskva har støytt på når dei har handheva Tryggingsrådets Resolusjon 2202, har president Putin erklært at han er nøydd til å også frigjere Odessa og tilknyte seg Transnistria. Det er nett det Pentagon har venta på sidan 2019. Dei førebur allereie ein runde nummer to i Moldova. Ikkje fordi dei ønsker å forsvare ukrainarane, men fordi dei har til hensikt å ribbe sine eigne allierte.

Mossads tal, ifølge «Hürseda Haber»

Tala til Atlanterhavsalliansen, vidareformidla av Vestlege pressebyrå, kan få ein til å tru at det ukrainske folket er sameinte og motstandskraftige takka vere Vestlege våpen. Men tala til Mossad, publiserte på den tyrkiske nettstaden Hürseda Haber, viser at det ikkje er sant.

Dette fenomenet er ikkje noko nytt. Etter at eg var redaktør for eit dagleg nyheitsbrev under Kosovo-krigen, og formidla rapportar frå Vestlege pressebyrå samanlikna med Balkan-pressebyråa sine, er eg ikkje overraska. NATO har lang erfaring med å lyge til medborgarane sine. Her handlar det ikkje om overdriving, men om skamlaus løgn. Lesarar litt oppe i åra hugsar nok at dei vann alle hjarta til folket i Vesten, inkludert dei som sjølv fann på dei. På slutten av konflikten gjekk alliansen generøst med på å la restane av den serbiske (då kalla jugoslaviske) arméen trekke seg tilbake under forsvar av den russiske arméen.

Så dukka det, til alles overrasking, opp fleire intakte stridsvogner og luftfartøy frå underjordiske bunkerar.

Mens krigen pågår, er det umogleg å vite nøyaktig kva som skjer på slagmarka. Arméane tel sjølve opp sine tap, men dei veit ikkje om dei sakna er døde eller skadde, tatt til fange eller på flukt. Offiserane må ta ei avgjerd i krigståka, utan å nokon gong ha presis statistikk, som ein har i fredstid.

Uansett, sjølv om alle regjeringane veit at Russland har vunne og vil halde fram med å frigjere Novorossija til Transnistria, er det somme som let som dei trur at dei vil invadere Moldova på same måten som Ukraina. At Transnistria etter Sovjetunionens fall erklærte seg uavhengig, slik Krim gjorde, er revnande likegyldig. Hovudsaka er å halde fram med å presentere Russland som eit erobrande tyranni som øydelegg alt på sin veg.

Transnistria er denne dalen i raudt, mellom Moldova og Ukraina

Ein bør og hugse på at då Moldova erklærte seg uavhengig, erklærte dei følgene av den tysk/sovjetiske 1939-pakta for ugyldige, inkludert at Transnistria vart tilknytt deira politiske område [1]. Men kort etter erklærte dei Transnistria som sitt eige territorium. I juni 1992 koordinerte oberst Howard J.T. Steers, offiser i USAs militæretterretning og rådgivar for Atlanterhavsalliansen, ein militæroperasjon som skulle erobre Transnistria. Til denne jobben nøydde han seg ikkje med den vesle moldaviske arméen, men mobiliserte i tillegg den rumenske arméen og mange rumenske fangar.

Transnistria var ein liten dal med eit mikroklima som hadde gjort dei til ein hemmeleg base for det sovjetiske militærindustrielle komplekset. Der budde det difor både dei opphavelege innbyggarane og mange sovjetiske vitskapsfolk med sine familiar. Dei var forsvarte av ein liten base, den til den 14. sovjetiske arméen. Den russiske presidenten Boris Jeltsin vegra seg for å forsvare Transnistria, slik han også nekta Krim å gå inn i Den russiske føderasjonen. Den 14. arméen, no russisk, over 1000 menn, fekk ordre om å ikkje gripe inn. Men tusentals transnistriske kvinner kringsette militærbasen. Dei russiske soldatane skaut ikkje på dei, men ignorerte president Jeltsins ordrar og sleppte dei inn. Dei tok 1000 Kalasjnikov’ar, 1,5 millionar ammunisjonsrundar og 1300 granatar. Det var desse væpna folka som pressa tilbake den av oberst Steers leidde rumenske arméen.

Dette nederlaget til Atlanterhavsalliansen har det aldri blitt fortalt om i Europa. Ein måtte ha vert der for å vite om det [2]. Det slo dei som opplevde det så hardt at nokre av dei skifta side. Særleg galdt det CIA-stasjonssjef Harold James Nicholson, som under dei følgande månadane stilte seg til teneste for det russiske KGB. Han vart ein av KGBs viktigaste informantar.

Idag hevdar Transnistria at dei er Sovjetunionens einaste arving, då dei har halde på unionens praksis, utan dei autoritære og byråkratiske aspekta.

Då Rand Corporation planla den noverande krigen i Ukraina, debrifa dei Kongress-representantane. Det var den 5. september, 2019. Dei støtta seg på to rapportar [3]. I desse forklarte dei at målet for operasjonen burde vere å provosere Russland till innsats utanfor eigne grenser, der dei allereie ikkje kan forsvare grensa. Det er derfor nødvendig å tvinge dei til å gå inn i Ukraina, og deretter Transnistria.

Vi må forstå kva Pentagon driv med – ikkje med tanke på situasjonen slik dei Vestlege pressebyråa førestiller seg situasjonen er, men med tanke på planane til Rand Corporation, i dette tilfellet ein ekstra runde rundt Transnistria, ikkje Novorossija.

Den europeiske unionen, EU, har organisert blokkaden av Transnistria i fleire år. Dei støttar seg på Ukraina og Moldova, to statar som ikkje har gått inn i EU.

USAs Forsvarsminister, general Lloyd Austin, held fram med å presse sine allierte til å gi opp våpena og ammunisjonen sin til dei er utarma (og derfor endå meir i behov av hans forsvar). Samtidig har han tvinga dei til å akseptere endringar i måten NATO opererer på. NATO kan no omforme seg til ein «koalisjon av frivillige» for operasjonar utanfor Artikkel 5. Dette er ikkje nytt. Det var allereie tilfelle med operasjonen mot Libya. Då vart alliansemedlemmar som sette seg imot krigen stilt på sidelinja, madan andre, slike som Qatar, vart tilknytte. No vil NATO agere utan å måtte bryte sine eigne statuttar. I praksis betyr det at Atlanterhavsrådet (Atlantic Council) har mista all makt. Ein alliert kan ikkje lenger opponere mot at NATO går til krig, sidan USA uansett vil bruke NATO sine ressursar med ein koalisjon av dei villige.

Nederlaget til Ukraina, som alleireie har mista Donbas og fire oblast, betyr ikkje slutten på krigen. Medan Kreml allereie har forklart at dei har att å frigjere Odessa, og såleis opprette ei kopling til Transnistria, finpussar NATO sin eigen diskurs. Målet er å skape forvirring mellom Transnistria (kjent som «Den moldaviske republikken Dnestr») og Moldova. Deretter å skape illusjonen om at Den russiske bjørnen invaderte sistnemnde.

Omsett av

Monica Sortland

[1] « Declaratia de independenta a Republicii Moldova », Romania libera, 28 août 1991, p.8. [2] « En 1992, les États-Unis tentèrent d’écraser militairement la Transnistrie », par Thierry Meyssan, Réseau Voltaire, 17 juillet 2007. [3Overextending and Unbalancing Russia, James Dobbins, Raphael S. Cohen, Nathan Chandler, Bryan Frederick, Edward Geist, Paul DeLuca, Forrest E. Morgan, Howard J. Shatz, Brent Williams, Rand Corporation, April 2019. Voir aussi les détails du plan dans Extending Russia : Competing from Advantageous Ground, Raphael S. Cohen, Nathan Chandler, Bryan Frederick, Edward Geist, Paul DeLuca, Forrest E. Morgan, Howard J. Shatz & Brent Williams, Rand Corporation, May 25, 2019.

Forsidebilde: Lexica

23 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 23 ganger.

Post Views: 51

Les artikkelen direkte på derimot.no