Derimot: FNs internasjonale domstol: Frikjenner Russland fra ukrainske anklager.

Derimot.no

derimot.no:

Vi gjengir denne uttalelsen i sin helhet. Denne saken er ikke omtalt i våre medier og vil ikke bli det som følge av konklusjonen. Den omtaler hendelser som ikke nevnes i våre medier fordi de ikke kan lage anti-russisk propaganda av disse lenger.

Men det er av en viss betydning at dette omtales i og med at saken er bragt inn for FN-domstolen IJC. Siden også saken er ny for oss velger vi bare å gjengi denne uttalelsen fra Russlands utenriksdepartement. Siden denne domstolens avgjørelse kan brukes til en ny runde anti-russisk hysteri blir den heller ikke omtalt.

Russland er vår store nabo i øst og vi er tjent med et godt forhold til det landet – ikke den politikken som nå føres. Den er drevet av USA, UK og EUs ledelse. Det er en konfrontasjonspolitikk som vil kunne ende opp i et kjernefysisk Ragnarok.

Knut Lindtner
Redaktør

Pressemelding frå Den russiske føderasjonens utanriksdepartement: 

FNs Internasjonale domstol svarer på Ukrainas skuldingar – Ein kan ikkje kalle Russland ein aggressorstat eller DPR og LPR terroristorganisasjonar

Den 31. januar leverte FNs Internasjonale domstol (ICJ) dommen sin i saka som Ukraina melde inn i 2017 om å ta i bruk den internasjonale terrorfinansiering-konvensjonen (International Convention for the Suppression of the Financing of Terrorism, ICSFT). Russlands argument, som undergrov Ukrainas grunnlause skuldingar, vart høyrde i Haag: retten avviste nesten alle dei over 20 anklagepunkta som Kiev har lagt fram gjennom sju år med rettsprosedyrar, og let Ukraina stå att utan erstatning. Retten avviste også Ukraina sine insinuasjonar om at folkerepublikkane Donetsk (DPR) og Lugansk (LPR) skal vere terrorist-organisasjonar.

EU og USA har frosset enorme russiske pengebeløp som de ønsker å overføre til Ukraina.På vanlig norsk kalles det tyveri.

Dette er av særleg betydning ettersom Kiev hadde til hensikt å bruke dommen til støtte for sine krav om overføring av russisk eigedom stolen i Vesten og innføring av internasjonale restriksjonar på Russland.

I tillegg avviste domstolen Ukrainas påstand, jamfør ICSFT, om at Russland burde haldast ansvarlege for krasjen til [malaysiske] Boeing Flight MH17, og den godtok heller ikkje skuldingane til Ukraina om at DPR var involvert i flystyrten. Under høyringa presenterte Russland overbevisande bevis for fatale feil og manglar i den pseudo-internasjonale etterforskinga av hendinga, utført av Joint Investigation Team under paraplyen til det nederlandske rettsvesenet.

Når det gjeld hendingane i 2014-2017, så greidde ikkje Den internasjonale domstolen å finne støtte for Ukrainas argument om at Russland skal ha vore involvert i, eller Donetsk-militsen skuldig i, eldgivinga mot den militære kontrollposten Bugas, nær den militære flybasen Volnovakha i Kramatorsk, der hovudkvarteret til det såkalla ATO var lokalisert, og mot AFU-stillingar i Mariupol og Avdijevka. Domstolen slo fast at desse hendingane ikkje kom inn under ICSFT.

Nedskytingen av malaysiske MH17-flyet sommeren 2014 ble brukt som begrunnelse for de første sanksjonene mot Russland.

Den russiske sida understreka den særskilde kynismen i den ukrainske påstandane: Kiev prøvde å presentere angrepa mot militære mål som «terrorhandlingar», sjølv om Ukrainas væpna styrkar (AFU) har skote mot byar i Donbass med tungt skyts i mange år, råka sivile objekt, inkludert eit luftangrep på bygningen til den regionale administrasjonen til Lugansk den 2. juni 2014, drapet på sivile i eit angrep på ein offentleg transport-haldeplass i Donetsk den 22. januar 2015, og mange andre blodige brotsverk.

Like kynisk var det av Kiev-regimet å prøve å kalle den humanitære støtta til innbyggarar av Donbass, som leid naud av ukrainsk bombing og økonomisk blokade, ‘å finansiere terrorisme’.

FNs internasjonale domstol slo fast at Russland i god tru hadde oppfylt sine forpliktingar om å samarbeide i kampen mot terrorismefinansiering, inkludert plikta til å identifisere og fryse eigedom brukt til å finansiere terrorisme; å utvise eller uavhengig rettsforfølge forbrytarar skuldige i terrorbrotsverk: å tilby gjensidig rettshjelp; og å samarbeide om å hindre terrorbrotsverk. Dette er heilt i samsvar med dei tidlegare konklusjonane til FATF (den mellomstatlege organisasjonen Financial Action Task Force) om det høge nivået på Russland si oppfylling av pliktene sine på dette området. FATF vurderte Ukraina sine påstandar som reint politiske.

Vi vart difor forundra over at domstolen konkluderte med at Russland ikkje hadde iverksett tiltak for å etterforske to fakta i informasjonen frå Ukraina om personar som skal ha samla inn middel i Russland for å hjelpe folket i Donbass. Domstolen måtte gå imot sin eigen praksis og sette ein historisk låg terskel for å bevise at terrorfinansieringskonvensjonen kunne brukast, sjølv om det ikkje fanst bevis for verken terrorisme eller finansiering av slikt.

Resultatet av rettsprosedyrane vart at Ukraina fekk avvist alle sine krav om skadeerstatning eller andre former for kompensasjon.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: iStock

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar