Derimot: Florida går igjen foran: Covid 19 uskadelig for nesten alle voksne og barn. Sykehustallene ble oppblåste.

Derimot.no

derimot.no:

Storjury i Florida avdekkjer at covid-nedstenging og munnbindpåbod var ineffektivt og skadeleg

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Etter ei fleire månader lang etterforsking fann ein storjury i Florida ut at covid-politikken ikkje berre var ineffektiv, men fysisk og psykologisk skadeleg. Dette melder Emily Mangiaracina på nettstaden LifeSiteNews. Det står å lese (mi omsetjing):

«Ein storjury i Florida fann ut at covid-æraens nedstengingar og munnbindpåbod mangla grunnlag, ifølgje deira nyleg offentleggjorde interim-rapport.

På førespurnad frå Florida-guvernør Ron DeSantis og autorisert av Florida sin Høgsterett i desember 2022, fekk storjuryen i oppdrag å avgjere om farmasøytiske selskap og andre medisinske organisasjonar ‘tok del i kriminell aktivitet eller gjorde noko gale’ då dei deltok i utrullinga av covid-19-‘vaksinar’.

‘På ein måte har denne Storjuryen late oss gjere noko som dei fleste amerikanarar rett og slett ikkje har tid, tilgang eller evne til å gjere: Følgje vitskapen,’ står det i interim-rapporten.

Fire hovedfeil. Dette var ikke et av dem.

Etterforskinga til storjuryen, som enno ikkje er fullført, har so langt peikt ut fire hovudfeil i den offisielle covid-politikken til regjeringa, der enkelte av dei har påført fysisk og psykologisk skade på menneske. Denne grunnlagslause politikken nådde utover covid-injeksjonane.

Hovudfunna i interim-rapporten er følgjande:

  1. Nedstengingar gjorde meir skade enn godt.
  2. Munnbind er ineffektive.
  3. Covid var ‘statistisk nesten uskadeleg’ for barn og dei fleste vaksne.
  4. Det er ‘høgst sannsynleg’ at tala for sjukehusinnlegging med covid vart blåsne opp.

Nedstengingar gjorde meir skade enn godt

Det er verdt å merkje seg at storjuryen fann ut at jurisdiksjonar med langvarige og omfattande nedstengingar opplevde høgare ‘overtalsdødelegheit’.

‘Dette er spesielt tydeleg når ein samanliknar med jurisdiksjonar som retta sin verneinnsats mot høgrisiko-gruppene i staden for å påby storskala, langvarige og omfattande periodar med karantene for alle,’ slo interim-rapporten fast.

Storjuryen tilskreiv denne overtalsdødelegheita fleire ‘tilleggskonsekvensar’ inkludert avlyste legetimar, nedstengingsrelatert ‘økonomisk depresjon’ og auka fattigdom, og ei ‘drastisk’ forverring av mentalhelse og relatert høg auke i narkotika-relaterte dødsfall.

Husker du nedstengningene?

I tillegg viste nedstengingar seg å vere ineffektive i å hindre covid-sjukdom. Etterforskarane fann ut at den grunnleggjande feilen ved nedstengingar i dagens samfunn er at ‘nedstengingar lek’. Det vil seie at folk må forlate heimen for essensielle varer, og ‘essensielle arbeidarar’ må forlate heimen for å levere desse varene.

Rapporten viste òg til Verdas helseorganisasjon (WHO) sine eigne innrømmingar før covid-19 at nedstengingar er ineffektive. Til dømes skreiv WHO i 2006 at ‘sjuke personar… burde halde seg heime når dei fyrst blir symptomatiske, men tvinga isolasjon og karantene er ineffektivt og upraktisk.’

Munnbind er ineffektive

Storjuryen observerte at kirurgiske munnbind og munnbind laga av tøy har avgrensa effektivitet mot aerosol-partiklar som inneheld covid-19-viruset, og at ‘veltilpassa N95-masker berre vil beskytte brukaren, ikkje nokon andre, og berre so lenge filteret held seg intakt og maskene er tørre.’

Rapporten peikte òg ut at ‘menneske er nesten alltid ufullkomne munnbindbrukarar’, sidan vi må ta av oss munnbinda for å ete på ein restaurant eller for å halde ein tale, og på grunn av faktorar som kor godt eit munnbind passar [ansiktsforma] eller filterintegritet.

Storjuryen merkte seg faktisk at der ‘aldri’ har vore ‘rimeleg evidens’ på at munnbind er ‘effektive mot SARS-CoV-overføring’.

Dei som laga covid-retningslinjene valde i staden å ‘fylle diskursen med mislykka observasjons- og laboratoriestudiar,’ fann rapporten ut.

Covid er ‘nesten uskadeleg for barn og dei fleste vaksne’

Ved å bruke ein analyse av infeksjonsdødelegheitsraten (IFR [infection fatality rate]), fann storjuryen ut at ‘covid-19 statistisk sett er nesten uskadeleg for barn og dei fleste vaksne’, sidan IFR-estimat var ‘høgt lagdelt av alder, som med stor margin utgjorde den største risikoen for død.

Til dømes, medan IFR var på berre estimerte 0,029% for 25 år gamle vaksne, og 0,28% for 45 år gamle, steig dette til 4,4% for 75-åringar, og 12,9% for 85-åringar.

‘Høgst sannsynleg’ at sjukehusinnleggingstala for covid vart blåsne opp

Storjuryen sette søkjelys på ein vanleg kritikk hefta ved offisielle tal for sjukehusinnlegging for covid, noko som stammar frå det faktum at sjukehus ikkje gjorde skilnad mellom pasientar som var innlagt på grunn av covid og pasientar som vart innlagt for andre grunnar, men som tilfeldigvis testa positivt for covid.

Denne risikoen for unøyaktig helsestatistikk vart forverra av det faktum at, som storjuryen merkte seg, CARES Act, som vart vedteken av Kongressen og signert av president Donald Trump ‘skapte finansielle subsidiar for Medicare- og Medicaid-pasientar’ som vart innlagt på helseføretak, og skapte ‘incentiv for å rapportere meir enn berre sjukehusinnleggingar på grunn av covid-19-sjukdom’.

Som The Federalist skreiv, peikte storjuryen ut at feil i covid-retningslinjene vart gjort ikkje på grunn av mangel på informasjon, men på svikt i vurderingsevna. Dette er fordi der var rikeleg med allereie eksisterande forsking når det gjaldt effektiviteten til, til dømes, nedstengingar og munnbind (eller snarare mangel på det).»

Forsidebilde: engin akyurt

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar