Derimot: Et prinsipp alle tar for gitt i dag: Likhet for loven. Gjelder det virkelig for alle? – Derimot

derimot.no:

Heva over lova?

Av Hans Olav Brendberg

«Likskap for lova» seier vi – og likskap for lova er ein gamal, vestleg ide. Du finn han i gravferdstalen til Perikles. Etter at den franske revolusjonen freista skipa ein republikk bygt på likt borgerskap, har ideen om at lova er lik for alle vore svært viktig i vestlege samfunn.

Men likskap for lova har slett ikkje alltid vore standarden. I det standssamfunnet som fanst før den franske revolusjonen hadde stendene – adelen, dei geistlige, borgarane, bøndene – kvar sine privilegie. Særrettar og plikter som følgde med samfunnsrolla.

Eit ekstremtilfelle av dette var jødane. Dei var ikkje borgarar av samfunnet der dei budde, men undersåttar under konge/adelsmann som hadde dei rettane som følde med privilegiebrevet som gav dei rett til å busetja seg. Og som elles levde under eigne, heilage lover som jødisk teokrati – rabbinarane – handheva.

Dette gjorde at jødane levde på sida av det kristne samfunnet, og til ein viss grad som ein stat i staten. Og det var dette parallellsamfunnet som reformatorane på 1800-talet freista integrera i det moderne Europa.

Ei sterk, jødisk opplysningsrørsle støtta dette – men slett ikkje alle jødar. Og mange jødar hadde store vanskar med tanken om at alminnelege ikkje-jødar skulle kunne døma dei i ein vanleg jury i domstolen.

Tradisjonelt hadde jødar plikta å stille opp for andre jødar som vart «halde som fange» av ikkje-jødiske styresmakter. Ortodokse sekter har framleis fond som kan brukast til å stilla kausjon, eller til å senda jødar tiltalt for eitt eller anna til ein annan del av verda. Det er slett ikkje gitt at det alminnelege rettssystemet har legitimitet innad i jødiske sekter.

Og dette er eit bakteppe kring nokre av dei kjende rettssakene frå tida kring 1900 som mange ikkje er klar over.

Alfred Dreyfuss

Den første runden av «kamp mot antisemittisme» var knytt til ulike kjende rettssaker der jødar vart anklaga for ulike brotsverk: Alfred Dreyfuss vart tiltalt for spionasje, Leo Frank for valdtekt og drap. Dei som dreiv kampanjane hevda at dei vart anklaga avdi dei var jødar – at dei vart brukt som syndebukkar.

Den som tek seg tid til å sjå nærmare på desse sakene, vil ganske fort finna ut at det faktisk ikkje var slik. Dreyfuss vart anklaga avdi ei liste over ulike dokument som vart selt til den tyske etterretninga vart feiltolka, og Dreyfuss vart feilaktig mistenkt for å vera den som hadde laga denne lista. Seinare i prosessen, då påtalemakta oppdaga at dei hadde tolka ting feil, byrja dei opptre kriminelt: Dei heldt tilbake prov og kludra med prov. Men slik var det ikkje frå byrjinga.

I tilfellet Leo Frank er det faktisk ganske mykje som tyder på at Frank var skuldig i det han vart tiltalt for, og som han også vart dømt for.

Men sakene vart politisert – Dreyfuss-saka allereide den dagen han vart dømt. Då skreiv Eduard Drummont i «La LIbre Parole» at «mektige krefter ville setja himmel og jord i rørsle for å få frikjent spionen».

Problemet med Dreyfuss-saka er at dette faktisk er sant. Store ressursar vart sett inn for å få Dreyfuss frikjent – mellom anna eit stort, hemmeleg fond som subsidierte/kjøpte opp franske aviser for å dreia offentleg opinion i pro-Dreyfussretning.

Men Dreyfuss var uskuldig dømt – i motsetnad til Frank.

Kor greit er det så at ein gjer likskap for lova til ei sak for etnopolitisk aktivisme? Var det ein siger for amerikanske svarte at O. J. Simpson vart frikjent for drap? Og bør vi leggja til rette for at religiøse sekter, etniske minoritetar og andre skal organisera seg for å forsvara «sine» mot strafferetten?

Den internasjonale krigsforbrytardomsstolen har sendt ut etterlysning på to israelske leiarar, som er ansvarlege for brotsverka Israel har utført på Gaza. Igjen blir etnopollitisk aktivisme og «kamp mot antisemittisme» forsøkt gjort til tema, og brukt til å undergrava legitimiteten til domstolen. Ingen bør bli overraska over dette. Konseptet «likskap for lova» har vore framand for jødisk tradisjon gjennom stordelen av jødisk historie, og sionismen (som sjølvsagt ikkje anerkjenn er nokon likskap for lova) er truleg det viktigaste dømet på reaksjonen mot den likskapa for lova som også opplyste, jødiske samfunn var forplikta på fram til Dreyfussaka.

Innlegget er hentet fra Brendbergs Facebook-konto

Forsidebilde: iStock

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...