Derimot: Et foredrag om den jødiske lobbyen: Før betongen storkna.
derimot.no:
Dette foredraget ble holdt av Hans Olav Brendberg og er hentet fra Trønderrød sitt nyhetsbrev/nettavis. Vi legger det ut etter avtale med Trønderrød.
Knut Lindtner
Redaktør
Dette foredraget skulle eg halda for eit par år sidan. Det vart det ikkje noko av – den eine utleigaren etter den andre i Oslo trekte seg etter press, og etter at politiet møtte opp med hundar og stor ståhei.
Litteraturhusa i Oslo og Trondheim ønskte heller ikkje å bidra til offentleg debatt, og Trondheim Folkebibiliotek trekte seg frå inngått avtale. PST oppsøkte kjenningar av meg, og lurde på om dei visste noko om det planlagte arrangementet. Til slutt sette NTNU foten ned for at deira lokale kunne brukast.
Kva eg skal snakke om
Når vi no gjennomførte møtet eit par år på etterskot, valde eg å halda nøyaktig same foredrag som det som vart avlyst. Innhaldet i foredraget er sjølvsagt først og fremst for interesserte: Det heile byrjar i ei tapt tid, for 140 år sidan, med Berlinkonferansen. Det heile sluttar sytti år sidan, med femtitalets oppbyggjing av det vi kjenner som «israellobbyen».
Mellom desse to tidspunkta vart det utkjempa to verdskrigar. Den jødiske lobbyen gjennomgjekk to store transformasjonar. Versjon 1 av lobbyen vart bygt opp kring hundreårsskiftet, med feste i dei jødiske elitane i dei vestlege stormaktene, og med isfront mot sionismen. Det var ei interessegruppe av det slaget historia har sett mange av: Dei arbeidde for borgarrettar for sine trusbrør i Aust-Europa, og var svært ansvarlege. Dei sette foten ned for alt som kunne sette det som var vunne av integrering, opplysning og borgarrettar på spel.
Etter første verdskrig vart denne lobbyen omstøypt – ein freista finna eit modus vivendi mellom sionistane og den tradisjonelle, jødiske eliten.
På førtitalet erobra sionistane hegemoni i dei jødiske organisasjonane både i Storbritannia og USA, og grunnlaget for etterkrigstidas israellobby vart lagt.
Desse transformasjonane skedde ikkje i noko vakuum. Geografisk ligg Israel/Palestina i Midt-Austen. Men politisk ligg staten Israel midt i den transatlantiske alliansen som vart til i perioden frå 1914 til 1950. Alt for mange har stirra seg blind på at Allenby erobra det geografiske militærstrategiske Jerusalem i 1917. Men det geografiske og militærstrategiske Jerusalem var ein uviktig periferi. Krigen vart ikkje avgjort der. Men hovudet bak denne militæroffensiven – David Lloyd George – visste godt frå oppveksten på walisiske forsamlingshus at han også erobra noko anna: Det symbolske Jerusalem. Det var verdt store offer – og Lloyd George såg på erobringa som krigsavgjerande.
Dette foredraget tek sikte på å visa korleis ting heng saman: Kvifor vart sionistane så sentrale i den transatlantiske alliansen at dei kunne overkjøra det amerikanske utanriks- og forsvarsdepartementet i åra etter krigen?
Nøkkelen til mysteriet er at desse tinga var i spel den gongen – både fundamentet for jødisk identitet, og fundamentet for vestleg tryggleikspolitikk. Betongen hadde ikkje storkna den gongen – alternativa var levande, og det fanst ulike val.
Sidan har betongen storkna. Og difor har det til no vore umogleg å halda eit ope debattmøte om dei tinga eg diskuterer i foredraget.
Forsidebilde: David Holifield