Derimot: Er en digital valuta, digital identitet sammen med «klimaendring» midlet til global kontroll? Står vi overfor store «revolusjoner» fra kapitalmakten?

Derimot.no

derimot.no:

2024: Året då den globale regjeringa tar form

av Kit Knightly

Global Research, 5. januar, 2024 OffGuardian 1. januar, 2024

Globalt herredøme er det endelege målet. Det veit vi. Total kontroll over alle livets aspekt for kvar og ein på planeten. Det er målet. Det har vore openlyst for alle som har følgd med oppigjennom åra, eller tiåra, og om det nokon gong fanst tvil, så vart den fjerna då Covid vart rulla ut og medlemmar av etablissementet  byrja seie det rett ut.

Covid markerte ein akselerasjon i den globalistiske agendaen, eit vilt løp mot målstreken som verka miste krafta rett før sigeren, men løpet held fram enno. Målet er ikkje endra, sjølv om agendaen i åra sidan ser ut til å ha trekt seg litt tilbake i skuggane.

Vi veit kva dei vil i teorien, men kva betyr det eigentleg i praksis? Korleis ser ei «global regjering» eigentleg ut?

La oss først snakke om kva vi IKKJE kjem til å få sjå.

1 – Dei vil ikkje erklære seg som verdsregjering.  Nei, det vil nesten sikkert aldri kome ei offisiell «verdregjering», i alle fall ikkje på lenge. Det var ei lekse dei lærde frå Covid – å sette namn og ansikt på globalismen, aukar berre den kollektive motstanden mot den.

2 – Dei vil ikkje avskaffe nasjonalstatane. Ein kan vere sikker på at Klaus Schwab (eller kven det måtte vere) ikkje kjem til å dukke opp på direkten på alle fjersynsapparat i verda samtidig og kunngjere at vi alle no er verdsborgarar og at nasjonalstatane ikkje lenger eksisterer.

Delvis fordi det truleg ville ha fokusert motstanden (sjå punkt 1), men hovudsakleg fordi tribalisme og nasjonalisme berre er så altfor nyttig for alle som gjerne vil manipulere folkeopinionen. Og den fortsatte eksistensen av nasjonalstatane utelukkar sjølvsagt ikkje eksistensen av eit overnasjonalt kontrollsystem, like lite som eksistensen av Rhode Island, Florida eller Texas utelukkar eksistensen av den føderale regjeringa.

3 – Det vil aldri kome ei opa erklæring om system endring. Vi kjem ikkje til å bli fortalde at vi er sameinte under ein ny modell; i staden vil illusjonen om regionalitet og overflatiske variasjonar kamuflere mangelen på reelle val i det politiske landskapet. Eit tynt polysystemisk skinn strekt stramt over eit monosystemisk skjelett.

Kapitalisme, kommunisme, sosialisme, demokrati, tyranni, monarki… desse orda vil sakte men sikkert bli utvatna og miste sitt innhald, endå meir enn dei allereie har blitt, men dei vil aldri bli forlatne.

Vil det bli et system som noe som ligner på EU hvor alle er nasjonalstater, men hvor mer og mer styres overnasjonalt.

Det globalismen vil gi oss – tenker eg – er ei samling nasjonalstatar som stort sett berre er det i namnet, som driv overflatisk ulike styresystem som alle er bygde på dei same underliggande føresetnadane, og som alle lyder ein uvald og uerklært høgare autoritet.

…og om det lyder kjent, så er det fordi det eigentleg er det vi har allereie.

Dei einaste store aspekta vi manglar, er mekanismane som omformar denne grove modellen til eit flytande nettverk, der alle hjørne er eira bort og alle genuint suverene makter blir reine leivningar av fortida.

Det er her dei tre hovudpilarane til det globale herredømmet kjem inn:

  1. Digitale pengar
  2. Digital ID
  3. «Klima-aksjon»

La oss sjå nærare på desse.

1. Digitale pengar

Over 90% av verdas nasjonar er no i ferd med å introdusere ein ny digital valuta utskriven av sentralbankane deira. OffG – og andre – har dekka presset for digitale sentralbanksvalutaar (Central Bank Digital Currencies, CBDCs) i fleire år no, så vi treng eigentleg ikkje gjenta gamle poeng her.

Kort sagt gjer heilt digitale pengar det mogleg å totalovervake kvar transaksjon. Viss valutaen er programmerbar, vil det også tillate kontroll over kvar transaksjon.

Du kan lese vår omfattande katalog om CBDC for fleire detaljar.

Det er tydeleg at CBDC’ar er eit potensielt dystopisk mareritt som vil innskrenke rettane til alle som blir tvinga til å bruke dei … men korleis er dei ei byggeblokk for den globale regjeringa?

Svaret på det er «interoperabilitet»..

Sjølv om verdas nasjonale CBDC’ar i prinsippet vil vere separate frå kvarandre, blir likevel majoriteten koda for å anerkjenne og samhandle med kvarandre. Nesten alle av dei blir utvikla langs retningslinjer som er produserte av Bank of International Settlements og andre globalistiske finansinstitusjonar, og dei blir alle programmerte av det same knippet teknologi-gigantar.

En ny overnasjonal global og digital valuta vil undergrave alle nasjonale valutaer og kontroll over nasjonal økonomi slik Euroen gjør.

The IMF Has Just Unveiled a New Global Currency Known as the “Universal Monetary Unit” That Is Supposed to Revolutionize the World EconomyEin rapport frå juni 2023  for Verdsøkonomisk forum (World Economic Forum, WEF) talte om prinsippa for global CBDC-samhandlig Central Bank Digital Currency Global Interoperability Principles») og konkluderte:

Det er avgjerande viktig at sentralbankane prioriterer interoperabilitetsomsyn tidleg i utformingsprosessen  ved å følge ei rekke retningsgivande prinsipp. For å legge forholda til rette for global koordinasjon og sikre at CBDC’ar blir harmonisk implementerte, blir det heilt nødvendig å utvikle eit omfattande sett prinsipp og standardar. Ved å trekke på tidlegare forskning og samarbeidsinnsats, kan dette settet prinsipp tene som eit solid fundament og rettleie sentralbankane til å proaktivt vurdere interoperabilitet frå starten av i sine CBDC-initiativ. Ved å adoptere desse prinsippa, kan sentralbankane arbeide framimot opprettinga av eit samanhengande og samankopla CBDC økosystem.

I ein kommentar til rapporten, skriv Verdsøkonomisk forum på nettsida si [mi utheving]:

For å sikre vellykka implementering og fremje interoperabilitet, blir global koordinasjon det viktigaste av alt […] ved å følge interoperabilitetsprinsipp, kan CBDC’ar avansere harmonisk og føre til effektive og samankopla digitale betalingssystem.

Ein treng ikkje ver geni for å avkode «global koordinasjon», «samanhengande økosystem», «harmonisk framgang» og «samankopla betalingssystem».

Det er ingen praktisk skilnad på 195 «interoperative» og samankopla digitale valutaar, og éin einskild global valuta. Faktisk er «interoperabilitet» nøkkelordet for alle globalistiske maktstrukturar som er på veg framover. Det fører oss fint over til…

2. Digital Identitet

Det globale presset for obligatoriske digitale identitetar er endå eldre enn agendaen for digitale valutaar. Det daterer seg tilbake til hundreårskiftet og Tony Blairs «nasjonale identitetskort». I fleire tiår har det blitt presentert som ei «løysing» på alskens «problem».

Terrorisme? Digital identitet vil halde deg trygg.

Illegal immigrasjon? Digital identitet vil sikre grensene.

Pandemi? Digital identitet vil halde kontroll med kven som er vaksinert og ikkje.

Kunstig intelligens? Digital identitet vil bevise kven som er menneske.

Fattigdom? Digital identitet vil “promotere finansiell inklusjon”

Det er tydeleg at, nett som med CBDC, er ei vidtrekkande digital identitetsteneste ein trussel mot menneskerettane. Og, nett som med CBDC,kan ein bygge eit globalt system dersom ein koplar ihop dei nasjonale plattformane for digital identitet.

Er en digital identitet en trussel mot alle? Gjør det oss alle til merkete kveg?

Igjen handlar det om «interoperabilitet». Dei brukar eksakt same språk.

Verdsbankens Identity4Development -program hevdar:

Interoperabilitet er avgjerande for utviklinga av effektive, berekraftige og nyttige identitets-økosystem.

Dei nordiske og baltiske digitaliseringsministrane kalla det ope for grenseoverstridande operasjonelle digitale ID’ar.

NGO’ar som t.d. Open Identity Exchange(OIX) publiserer rapportar om «behovet for data-standardar for å mogleggjere interoperabilitet for Digitale ID’ar både i føderasjonar innanfor eit ID-økosystem og på tvers av ID-økosystem.» Lista over nasjonale regjeringar som introduserer digitale ID’ar, går i «partnarskap» med korporative gigantar for å få det til og/eller promoterer «grenseoverskridande interoperabilitet», er lang, og den blir stadig lengre.

I oktober 2023 publiserte FNs Utviklingsprogram sine “retningslinjer” for design og bruk av digitale identitetar.

Det er ingen praktisk forskjell på 195 plattformar for digital identitet samankopla i nettverk og eitt einskilt globalt identitetsprogram.

OK, så dei har global valuta og identitetesprogram på plass. No kan dei kontrollere og overvake kor alle er til ei kvar tid, finansielle transaksjonar, helse og meir. Det er mekanismar for kontroll og overvaking som blir handsama i ein distribuert modell designa for å tilsløre eksistensen av ei global regjering.

Men kva med politikken?

Korleis får denne globale regjeringa levert nedover politikken og lovene utan å røpe sin eksistens?

Klimaendring, det er måten.

3. «Klimahandling»

Klimaendring har vore i framgrunnen til den globalistiske agendaen i mange år. Det er den trojanske hesten til den anti-humane teknokraten. Allereie i 2010 føreslo anerkjende klimaekspertar at «menneska er ikkje nok utvikla» til å bekjempe klimaendringane, og at «Det kan bli nødvendig å sette demokratiet på vent ei stund».

Seinare, i 2019, publiserte Bloomberg artiklar med overskrifter som t.d. «Klimaendring vil drepe den nasjonale suvereniteten slik vi kjenner den», og akademikarar fortel oss:

Statar vil ikkje klare å løyse globale kriser som klimaskiftet før dei gir slepp på suvereniteten sin.

I fleire år har klimaskiftet blitt seld som grunnen til at vi kanskje må tvingast til å forlate demokrati og suverenitet. Ved sidan av dette finst det eit langvarig propaganda-narrativ som er dedikert til å endre «klimaendring» frå ei miljøsak til ei altomfemnande sak.

I skrivande stund er alle nasjonale regjeringar samde om at «klimaendring» er eit presserande problem som det krevst globalt samarbeid for å løyse. Dei held massive toppmøte der dei signerer internasjonale avtalar som bind nasjonsstatar til visse politiske saker, for planetens skuld.

«Klimaendring» kan brukes som det politiske svaret på svært mange uløste spørsmål

Med den modellen godt etablert, utvidar dei no «klimaendringane» sitt omfang. Dei endrar endrar «klimaendring» til svaret på alle spørsmål:

Openbert ville «klimaendring» alltid påverke energi og transport.

Etter Covid har «klimaendring» allereie blitt omdøypt til «helsekrise».

No blir vi fortalde at «klimaendring» genererer matkriser.

Vi blir fortalde at internasjonal handel må vere klimabevisst.

Vi blir fortalde av Verdsbanken at utdanningsreform vil hjelpe til i kampen mot klimaendring.

Vi blir fortalde av Det internasjonale pengefondet, IMF, at alle land i verda bør legge skatt på karbon og at CBDC kan vere bra for miljøet.

Ser du korleis det fungerer?

Agrikultur & mat, folkehelsa, energi & transport, handel, penge- & skattepolitikk, til og med utdanning. Nesten alle myndigheitsområde er no potensielt dekka av «klimaendringsparaplyen».

Dei treng ikkje lenger noka global regjering, dei treng berre eit enkelt panel av «upartiske, internasjonale klimaendringsekspertar» som arbeider for å redde planeten.

Gjennom denne linsa av «klimaendring» blir desse ekspertane gitt makta til å diktere – sorry, rekommandere – regjeringspolitikk på nesten alle område av livet til kvar nasjon på planeten.

Vil vi kunne få et system der en gruppe eksperter blir de som erstatter folkevalgte?

Ser du det no?

Dette er global styring i den moderne verda, ikkje sentralisert, men distribuert. Cloud computing (dataarbeid i «skya»). Ein overnasjonal kommersiell-teknokratisk sverm-mentalitet. Utan formell eksistens eller autoritet, og dermed utan å kunne stillast til ansvar, kanaliserer dei alle sine politiske avgjerder gjennom eitt filter – klimaendring.

Det vil ikkje bli berre éin global valuta, det vil bli dusin på dusin med «interoperative» digitale valutaar som skapar eit «harmonisk økosystem for betaling».

Det vil ikkje bli berre éi global teneste for digital identitet; det vil bli ei rekke «samankopla identitetsnettverk» som engasjerer seg i «fri flyt av data for å levere tryggleik».

Det vil ikkje bli ei global regjering; det vil bli internasjonale panel av FN-utnemnde «upartiske ekspertar» som gir «politiske råd».

Dei fleste av landa i verda vil følge dei fleste eller alle råda, men alle som kallar desse panela for globale regjeringar vil bli sende til fakta-sjekk av Snopes eller Politifact, som framhever at «FN-ekspertpanel utgjer IKKJE ei global regjering fordi dei ikkje har lovgivande makt

På denne måten vil, etter mitt syn, den globale regjeringa vil ta form i 2024 og framover.

Oppstykka i avgrensa delar, heil fornektbart, men svært, svært reelt.

*

Copyright © Kit KnightlyOffGuardian, 2024

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar