Derimot: Er den ikke farlig likevel? Sverige tilrår ikke lenger at barn under 17 skal ta covid-vaksinen.

Derimot.no

derimot.no:

Henta frå ZeroHedge, men opphavleg publisert på The Epoch Times. Omsett av og henta frå saksyndig.

Den svenske Folkhälsomyndigheten har stoppa å tilråde at friske barn mellom 12 og 17 tek covid-19-vaksinen.

Den generelle tilrådinga om at friske barn frå 12 til 17 tok covid-19-vaksinen sluttar 31.oktober, ifølgje ei revidert utgåve publisert av dei svenske folkehelsestyresmaktene no i helga.

Klemming: Hva som var forbudt og tillatt.

Som årsak til endringa gav dei den «særs låge risikoen for alvorleg sjukdom og død frå covid-19» hjå barn og tenåringar. Etter 31.oktober til vaksine berre bli tilrådd for enkelte barn i sårbare grupper.

Sören Andersson, ein tenestemann i det svenske folkehelsebyrået, gjekk i detalj om regelendringa til den svenske kanalen SVT, og sa at «vi ser at behovet for omsorg som eit resultat av covid-19 har vore lågt blant barn og unge under pandemien» og la til at behovet for vaksinar har «minka sidan virus-varianten omikron byrja å spreie seg.»

«I denne fasen av pandemien, ser vi ikkje at der framleis er behov for vaksinasjon i denne gruppa,» heldt Andersson fram.

For folk over 18 tilrår dei svenske helsestyresmaktene framleis tre vaksinedosar. Fire dosar er tilrådd for folk over 65.

Ulikt dei fleste ansre land, nekta Sverige å innføre drakoniske covid-19-nedstengingar. Data og studiar har vist at det høgt utvikla skandinaviske landet kan ha opplevd mindre skade frå viruset og nedstengingane samanlikna med nasjonar som innførde dei tiltaka.

Dette bildet mangler alt-tekst; dets filnavn er pexels-nataliya-vaitkevich-5863389-3.jpg
Plutselig var ikke vaksinering av barn viktig lenger. Dette må kalles en helsepolitisk kuvending i det stille.

Etter å ha sett eit relativt høgt dødstal på byrjinga av pandemien, ser Sverige no færre dødsfall enn det europeiske gjennomsnittet, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Danmark gjer vaksineendring

I nabolandet Danmark vedtok styresmaktene ei liknande regelendring og vil ikkje tilby folk under 50 fleire covid-19-vaksine-oppfriskningsdosar.

«Føremålet med vaksinasjon er ikkje å hindre smitte med covid-19, og folk under 50 blir difor på noverande tidspunkt ikkje tilbydd oppfriskningsdosar,» skreiv landets helsebyrå [Sundhedsstyrelsen; oms.komm.] i ei melding 13.september.

Danmark forkasta òg eksplisitt kvart eit forsøk på å stoppe spreiinga av covid-19, og sa at dei ville fokusere på å beskytte sårbare personar frå å utvikle alvorlege symptom.

Personar under 50, sa dei, «er generelt ikkje i særleg større risiko for å bli alvorleg sjuke» frå viruset. På same tid er yngre òg «godt beskytta mot å bli alvorleg sjuke» og ei «svært stor gruppe av dei har allereie blitt vaksinerte og har tidlegare blitt smitta», ifølgje styresmaktene.

Det britiske UK Health Security Agency sa rundt same tid at barn som ikkje hadde fylt 5 innan slutten på august, ikkje ville bli tilbydd vaksinar.

Redaksjonen har lagt ut bilde m/kommentar.

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 1

Les artikkelen direkte på derimot.no